Enkelte rettar er så enkle, likevel så himmelske, at dei må delast med nokon du er glad i. Namnet hjerteskjell innbyr til romantikk, men smaken av kvitvinsdampa hjerteskjell kan vel så gjerne løyse opp i praten mellom gode, gamle venner. Ta høgde for mykje lysteleg stønning undervegs…
Category Archives: Skaldyr
Reply
Askeladdferd i fryseboksen
Syrleg fiskesuppe med selskap frå setra
Den ferdiglagde maten rundt oss gjev oss få og små utfordringar for smaksløkane. Sødmen er ofte matvareindustrien sin valde middelveg, og gjer at vi heilt frå barndommen av til dels mister føling med heile vårt flotte smaksregister. Denne syrlege fiskesuppa – med eit nesten usunt følgje av smør og kremfløyte frå setra – er ei handsrekning til den som vi la seg utfordre.
Hummar med blomkålkrem og bondebønner
Krabbe i godt selskap
Krabbesesongen på hausten er kort og intens for mange av oss. Og denne ettertrakta råvara er utan tvil aller best heilt fersk og litt lunka. Nedfrysing blir sjeldan så bra som ein skulle ønske. Men dersom du har nokre hundre gram krabbekjøtt på lur, er denne enkle retten med krabbe på ein brødbit fin å ha i bakhand.





