Blomkålsuppe frå barndommen

Husker du det aller første måltid som verkeleg fekk deg til å forstå at mat er meir enn simpel næring? Vi er mange som har eit lidenskapeleg forhold til noko så enkelt som ei skål suppe, aller helst blomkålsuppe.

For nokre år sidan intervjua eg den storkjefta, rocka kokken Anthony Bourdain i New York. Mannen bak den stort sett biografiske boka ”Kokkejævler” (”Kitchen Confidential”) beskriv på ein hysterisk morosam måte opplevingar frå oppvekst og tenåringstid som gjorde han hekta på mat – eller rettare å vere ein del av kjøkkenpersonalet.

Ein av dei skjelsettande hendingane var då hans delvis franske foreldre tok Bourdain og broren med på biltur til Frankrike. Mens foreldra var inne på restaurantar med fleire stjerner i Michelin-guiden, måtte brødrene Bourdain sitte i bilen og vente. Då skjønte den framtidige kokken og TV-stjerna at det skjulte seg noko magisk bak veggane i så fornemme kjøkken.

Sjølv var eg fem då eg hadde mi største matoppleving, i alle fall som eg framleis kan dra fram frå minnet. Tanta mi hadde akkurat gifta seg, og eg fekk ein ny onkel. Men eg kom aldri til hovudretten. Suppa som først kom på bordet var fyldig og full av underlege, nøtteaktige smakar og ikkje minst blomkål. Då servitøren ville fjerne tallerkenen, nekta eg. Eg ville ha meir. Då eg ville fylle tallerkenen for tredje gang, måtte eg bli med ut på kjøkkenet, og fekk sjå kor magien blei skapt. Så der sat eg plutseleg blant kvitkledde menneske og meska meg med den beste blomkålsuppa – og for så vidt måltidet – eg hadde smakt.

Saknet etter den perfekte blomkålsuppa innhentar meg frå tid til anna. Denne suppa er eit forsøkt på å gjenskape ein liten del av eit minne eg aldri får sletta.

Fyldig blomkålsuppe

  • To blomkål
  • 3 sjalottlauk
  • 3 dl oksekraft (gjerne på boks frå Jakobs). Alternativt bruker du like mykje vatn og ein terning med oksebuljongterning
  • 3 dl mjølk
  • 1/3 liter kremfløyte
  • 3 ss kveitemjøl (dersom du vil ha ei meir tynnflytande suppe, droppar du mjølet)
  • 1/4 ts malt muskatnøtt
  • Salt og peppar

Fjern blada på blomkålen. Del heile den eine blomkålen i grove biter. Skjær av blomkålbukettane av det andre hovudet. Stilken grovhakker du. Fjern skall og rotfestet på sjalottlauken, og grovhakk den.

Kok opp vatn, kremfløyte, mjølk og kveitemjøl. Ha i all blomkålen, bortsett frå blomkålbukettane, og sjalottlauken. Kok på lav varme til blomkålen er skikkeleg mør, det tar fort 15-20 minutt.

Del blomkålbukettane i små deler. Kok dei i lettsalta vatn i fem minutt, og hell av vatnet. Stans gjerne kokeprosessen ved å ha bukettane i iskaldt vatn.

Køyr blomkålen som har kokt i kremfløyte, mjølk og vatn glatt i kjøkkenmaskin eller blender. Sil gjennom finmaska dørslag over i ein ny kjele.

Smak til med muskat, salt og peppar. Kok forsiktig opp og ha i blomkålbukettane, slik at dei blir gjennomvarme. Det tar eit par minutt.

Server med brød og gjerne steikt bacon til.

1 thought on “Blomkålsuppe frå barndommen

  1. Tilbakeping: Comeback for gratinert blomkål | Far min sitt kjøkkenFar min sitt kjøkken

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.