Bresaola-salat med tagliatelle-omelett

Bresaola-salat med tagliatelle-omelett_1000Våren er tida då naturen fornyar seg. Opp av jorda kjem det ny planter og vekstar med intense smakar. Men sjølve symbolet på at livet går vidare er vel i første rekke egget.

I hagen utanfor Far min sitt kjøkken står det nye hønsehuset klart. Kyllingane veks fort, men det tar altså om lag eit halvår før det som etter kvart blir produserande høner verper sine første solgule egg.

I kjøleskapet ligg restane frå det førebels siste spekeprosjektet frå vinteren, bresaola – speka, italiensk flatbiff.

Når eg slenger meg ned på sofaen, og finn fram til eit gammal kokeprogram på TV, dukkar Jamie Oliver opp. Den engelske TV-kokken har akkurat lagd tagliatelle-pasta. Inspirert av seg sjølv lagar han pannekake-, eller rettare sagt crêpes-tynne, leiver av egg. Litt fiklete matlaging, men når den fjerde «pannekaka» er steikt, rullar eg dei i hop, og skjær tagliatelle-liknande strimlar som blir fordelt oppnå denne velsmakande salaten.

Mens vi venter på eigne egg, kan vi spekulere på andre måtar å bruke produksjonen av verpande høns til ein gong til hausten.

Oppskrift på bresola-salat (tørka oksekjøtt) med tagliatelle-omelett

  • 16 skiver bresaola
  • 4 store egg (helst frå frittgåande eller økologiske høner)
  • 4 store skeier kaldt vatn
  • Salt og peppar
  • Eit hovud med radicchio- eller Treviso-salat (eller like store mengder av annen god, fargerik og gjerne syrleg salat)
  • To svære never med ruccola-salat
  • Ein neve med
  • Ein solid klunk god olivenolje
  • Safta frå ein halv sitron

Del opp salaten med hendene, bortsett frå ruccolaen, den er ok. Legg all salaten i iskaldt vatn, slik at den blir sprø og reingjort. Hell av vatnet. Bruk gjerne ei salatslynge til å fjerne mest mulig av vatnet. Ha salaten over i ein bolle.

Det vanskeligaste med denne oppskrifta er å få lagd flortynne, pannekake-liknande omelettar. For å lukkast treng du ei steikepanne med glatt non-stick overflate, tre fjerdedelar sterk varme og resolutt framferd.

Visp samen dei fire egga, ha i ei stor skei vatn per egg og litt salt og peppar.

Ha litt olivenolje i steikepanna. Eg setter varmen først på 7 av 9 steg på induksjonskoketoppen min, deretter senker eg den til 6 når panna er skikkeleg varm.

Røra er nok til om lag fire crepes-liknande omelettar. Når panna er varm, har du i ein fjerdedel av røra, vender kjapt på panna slik at eggeblandinga fordeler seg jamt og tynt over heile steikepanna. På under eitt minutt er omeletten ferdig. Ha klar ein stor tallerken. Vend panna kjapt ned mot tallerkenen, slik at omelett-pannekaka legg seg fint på tallerkenen. Gjenta prosessen med dei tre neste omelettane.

Ikkje stress, mislukkast du først gong, har du framleis tre forsøkt til!

Når omelettane har fått kjølna litt, ruller du dei hop, og skjærer ein til to centimeter tynne skiver på tvers, slik at du får små rullar med tagliatelle-liknande eggestrimlar.

Ha litt god olivenolje på salaten, og vend den rundt med hendene, slik at olje fordeler seg godt.

Legg bresaolaen i ring rundt på ein stor tallerken. Ha salaten i midten, fordel omelett-strimlane oppå og dryss godt med reven parmesan på.

Ha over ein skvis ferskpressa sitronsaft og olivenolje på bresaolen og salaten – og server.

(Visited 61 times, 1 visits today)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *