I barndommen kjøpte eg Elvis-plate til bursdagen til mor mi. Eg må nok innrømme at eg nok hadde meir lyst enn henne til å høyre på kongen på vinyl. Seinare oppdaga eg at den amerikanske livsnytaren og far min faktisk hadde meir til felles enn mor mi og Elvis.
Category Archives: Annet
Syrleg fiskesuppe med selskap frå setra
Den ferdiglagde maten rundt oss gjev oss få og små utfordringar for smaksløkane. Sødmen er ofte matvareindustrien sin valde middelveg, og gjer at vi heilt frå barndommen av til dels mister føling med heile vårt flotte smaksregister. Denne syrlege fiskesuppa – med eit nesten usunt følgje av smør og kremfløyte frå setra – er ei handsrekning til den som vi la seg utfordre.
Mal kjøttdeiga di sjølv
Er det tilfeldig at det blir juksa med hestekjøtt i lasagne og annan ferdigmat, eller at kjøttdeig og andre farseprodukt med jamne mellomrom er E.coli- og salmonella-smitta? Tja, juks og slurv har vore ein del av historia heilt sidan matvareindustrien oppsto. Vil du vere heilt sikker på kva som går gjennom kverna, er det berre å stå for produksjonen sjølv.
Tilslørte bondepiker på plommeflørt
Sild for nybegynnarar
Hummar med blomkålkrem og bondebønner
Krabbe i godt selskap
Krabbesesongen på hausten er kort og intens for mange av oss. Og denne ettertrakta råvara er utan tvil aller best heilt fersk og litt lunka. Nedfrysing blir sjeldan så bra som ein skulle ønske. Men dersom du har nokre hundre gram krabbekjøtt på lur, er denne enkle retten med krabbe på ein brødbit fin å ha i bakhand.
Lam på lang dags ferd i varmen
Gult gull frå høgfjellet
Søt historie med sur hovudperson
Den som har ei nærast viltvaksande rabarbraklynge i hagen, rekk sjeldan å få den brukt opp før Sankthans. Men den som er litt lat og passe smart, fryser ned rabarbraen i mindre biter. Klar til å bli safta eller brukt i iskrem, pai eller til fruktsuppe når som helst når sola ikkje lenger varmar oss like godt.




