Comeback for den bakte poteta

Bakt potet-kryddersmør-mais-bacon-ost-paprikasmør_1000Husker du korleis vi kjempa oss veg gjennom køa, mellom skrubbsvoltne karer og kvinnfolk som hadde vore litt for lenge ute på byen? Langt der framme lukta det himmelsk godt av bakt potet, kryddersmør, mais og smelta ost.

På 80-talet, før kebaben blei redninga for dei som heilt sikkert gjekk ein skjelven søndag i møte, var det denne enkle nattmaten som lokka oss ein omveg før taxikøa overtok. På utvalde torg og plassar i dei to storbyane eg var ungdom i (Bergen og Oslo) sto desse oasane på fire hjul med omn og svære mengder ferdigbakte poteter.

Minna frå desse nettene kan sjølvsagt vere vage, av forklarlege grunnar. Men eg kan ikkje huske at vi kasta bakt potet med kryddersmør, mais og ost på kvarandre – slik det blir fortalt at dagens ungdom gjer med kebaben. Til det var maten for god, og respekten for poteta for ærbødig.

Akkurat kvifor den bakte poteta blei den nattmat nummer ein desse åra veit eg ikkje. Tradisjonen kom kanskje frå Amerika, som så mykje anna, der både bakt potet og «jacket potato» er klassikarar.

Men det var heilt genialt å lansere denne enkle handmaten – eller street food, som det så fint heiter i dag, akkurat her i steinrøysa. For vi som har vakse opp med kokt potet, sønderkokt potet og kald potet – men få andre variantar, var dette eit flik av himmelrik. Kvifor hadde vi ikkje tenkt på å hive svære poteter i steikeomnen sjølve, og vente på at den harde veksten mjukna og blei smøremjuk og søtleg på smak.

Aller best husker eg smaken av kryddersmøret som seig ned i poteta og sette ein umiskjenneleg søtleg og røykliknande smak på potetkjøttet.

Kryddersmøret som du finn litt lenger nede på sida er sterkt inspirert av paprikasmøret eg kan huske frå langt tilbake. Løyndomen er å mose smøret med ei solid del omnsbakt eller grilla rød paprika.

Du kan gjerne bruke grilla paprika på glass, fiks ferdig å finne i butikkhyllene i sjølv dei minst velassorterte kjedene her til lands. Men om du vil heve smaken endå meir, setter du steikeomnen på 200 grader, finn du fram ein rød paprika og ei eldfast form.

Vend paprikaen i litt av olivenoljen og legg den i forma. Bak paprikaen til den begynner å få ei svart hinne og er mør, det tar om lag 20-25 minutt. Du kan eventuelt bruke grillelementet i omnen, eller bruke ein ekte grill. Då tar prosessen litt mindre tid. Legg paprikaen rett frå omnen og over i ein dobbel plastpose, knyt igjen og la den kjøle seg ned. Då blir det mykje lettare å pelle av skallet. Fjern skall og stilkar/frø. Del paprikaen i grove strimlar. Du bør tørke litt av den med kjøkkenpapir, for væska gjer at kryddersmøret kan bli litt vassent.

Oppskrift på bakt potet med kryddersmør med paprika, bacon, mais og ost

(nok til fire personar, men om dei er svoltne klarer dei kanskje to poteter per mann/kvinne)

  • 4 store poteter (dersom du vil ha melne poteter, bruker du dei største pimpernell eller kerrs pink du finn, Asterix og Beate er fastare i formen, men også godt eigna)
  • Fire, fem store never grovt havsalt
  • 4 kvitløkbåtar
  • Eit par kvaster ferske urter, for eksempel rosmarin eller timian
  • Litt matolje, for eksempel vanleg olivenolje
  • 200-250 gram godt bacon (eller kokt skinke)

Sett steikeomnen på 200 grader (over- og undervarme).

Vask potetene (dersom det trengs), og tørk av dei med kjøkkenpapir

Knus kvitløkbåtane med den flate sida av kjøkkenkniven.

Bland saman kvitløk, urter og grovt salt i botnen på ei eldfast form.

Finn fram ein gaffel og stikk masse hol på den sida av poteta som ser minst bra ut. Sett potetene med den sida du stakk hol på ned i saltet, og vri godt rundt. Det er viktig at det kjem godt med salt inntil undersida av potetene.

Pensle oversida av potetene med (oliven)olje. Sett potetene i steikeomnen på 200 grader i ein times tid, eller til du kan stike ein kniv ned i potetene og kjenne at dei er møre.

I mellomtida lager du klart kryddersmør, river ost og steiker bacon.

Oppskrift på kryddersmør med paprika, persille og kvitløk

  • 200 gram romtemperert meierismør – gjerne Kviteseid- eller tilsvarande godt salta smør, gjerne heimelagd
  • Ein omnsbakt rød paprika (bruk gjerne ferdig bakt paprika på glass)
  • 1 kvitløkbåt
  • Ein neve fersk flatpersille (eller vanleg persille)
  • ½ teskei svart peppar

Ha i kvitløk, paprika og persillen i botnen av kjøkkenmaskina. Køyr nokre sekund, slik at du får ei finmalt masse.

Skjær smøret i terningar, og dytt dei ned i kjøkkenmaskina. Ha på peppar på toppen. Køyr miksaren nokre sekund til, slik at urtene og kvitløken blandar seg godt med smøret.

Ha kryddersmøret over på et flak med plastfolie. Rull folien saman slik at kryddersmøret blir som ei pølse, og ha den i frysaren til den er nesten stivfrossen.

Når potetene er ferdig bakt, løfter du dei opp frå saltet og skrapar forsiktig vekk saltet frå potetene med den sløve sida av ein kniv.

Finn fram baconet. Skjær det i tynne strimler og steik det til den er brunt og sprøtt. Legg litt kjøkkenpapir på ein tallerken, og hell baconet over, slik at feittet forsvinn ned i kjøkkenpapiret.

Lag eit par, tre centimeter djupt snitt i lengderetninga på poteta, deretter minst eit (eller tre) kortvegen. Klem på midten av poteta for å opne den. Fyll den med det du liker aller best, men ha i kryddersmøret aller først, slik at det får smelte seg nedover i poteta.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.