Coq au vin frå eigen hønsegard

Coq au vin-hønsegryte-hanegryte i rødvin2Kven kom først av høna og hanen? Ikkje godt å seie. Men hanen kjem definitivt til kort i hønsegarden, sjølv om han briskar seg med bringa og går laus på damene med dødsforakt. Den franske gryteklassikaren coq au vin er resultatet av overskot på cocky haner.

I mi første tid med eigen hønsegard har eg studert desse fjørkledde skapningane med stor undring. Vi kjøpte ti daggamle kyllingar av rasen Rhode Island Red (RIR), men fekk fire med på kjøpet, ettersom den triveleg oppdrettaren vår ikkje kunne garantere at alle var høner. I tillegg fekk RIR’ane selskap av tre jærhøns, ekte norske høner.

Naturen viste seg frå den matematisk korrekte sida når det gjeld amerikanarane, og prisa oss med sju av kvart kjønn. Utover sommaren og hausten viste det seg raskt at eit par av karane var større og meir staselege enn dei andre. Men naturen gjev og tar. Ein dag flokken vandra rundt i hagen, slo musevåken til og tok livet av ein av hanekyllingane.

Seinare kom dagen då vi sjølv måtte gjere eit inngrep i flokken. Tre nye hanar blei borte, og hamna i fryseboksen. Det var unekteleg kjenslelada å ta livet av dyr eg sjølv hadde vist omsorg for frå dei var ein dag gamle. Men kjeklinga i hønsegarden var ikkje til å ta feil av. Det er ikkje plass for seks, sju haner blant ti høns. Dessutan viste den eine hanen meir interesse for ein annan hane enn hønene når dei oppdaga at hønene var kjønnsmodne.

Kona mi har budd i Frankrike. Sjølv er eg og veldig glad i gryter med kjøtt kokt mørt i rødvin. Men eg må seie at eg (og magen min) syns det er heftig med berre rødvin i krafta – aler helst ein burgunder. Derfor erstattar eg litt av vinen med kyllingkraft. Men om du vil bruke berre vin, er det også heilt etter boka. Til og med kvitvin går an, men då mister du den intense rødfargen gryta får.

For oss som har vakse opp med Asterix og Obelix, er det artig å merke seg at enkelte mathistorikarar meiner retten stammar frå romartida, den gang dei tapre gallarane gjorde motstand mot overmakta. Hanen, derimot, måtte gje tapt denne gongen…

Oppskrift på coq au vin – eller kyllinggryte i rødvin

  • Ein stor hanekylling (om lag 1,5 kilo, eller ein annan stor kylling)
  • Om lag 150 gram bacon
  • To, tre store skeier vanleg olivenolje
  • 4 store skeier kveitemjøl
  • 1 teskei salt
  • ½ teskei svart peppar
  • 10-12 småløk
  • 2-3 kvitløkbåtar
  • 200 gram sjampinjong
  • To store skeier tomatpure
  • Om lag ein halv liter god rødvin
  • Om lag 2,5 desiliter god kyllingkraft
  • Eit lite laurbærblad
  • Ein liten neve fersk timian, pluss litt til pynt
  • Salt og peppar

Start med å gjere klar alle ingrediensane. Det meste skal i gryta i tur og orden, og det enklaste er å ha alt klart på kjøkkenbenken i det du starter med steikinga.

Start med grønsakene. Du skal ikkje bruke same skjerfjøl og kniv på grønsakene som på kyllingen.

Fjern skalet på løken, men behald rotfestet. Del sjampinjongen i små båtar.

Fjern skalet på kvitløken, og finhakk den.

Del baconet i små skiver.

Dersom du bruker ein heil kylling, deler du denne opp i passe store biter. Låra kan du dele i to, vingane i ein del kvar, bryststykka kan godt delast opp i to, med deler av beinstrukturen inntakt bak brysta.

Finn fram ein vid jerngryte. Start med å steike baconet på middels varme. Steik det så lenge at feittet piplar ut, men ikkje så lenge at det blir sprøtt. Fisk ut baconet, og legg det på ein tallerken, men la feittet vere igjen i gryta. Ha i nokre solide skeier vanleg olivenolje.

Bland kveitemjøl, salt og peppar i ei skål. Vend kvar kyllingbit i mjølblandinga, og rist lett av dei, før du bruner dei i gryta til bitane er nøttebrune og spør på overflata. Det tar om lag ti minutt.

Fisk opp kyllingbitane, og legg dei på ein tallerken.

Ha i løken, og la den surre på middels svak varme i ti minutt. Ha i sjampinjongen, og la den surre i lag med løken i fire, fem minutt.

Fisk ut løk og sjampinjong, og legg den på ein eigen tallerken.

Hell i ein skvett rødvin i gryta, slik at du får kokt ut dei gode smakane som ligg i botnen av gryta etter steikinga. Ha i tomatpureen, og la det koke nokre få minutt.

Ha i kyllingenbitane med skinnsida opp. Men la kyllingbrysta ligge igjen på tallerkenen. Dei har vi i rett før servering, ettersom dei ikkje treng lange koketida.

Ha deretter i baconet, laurbærbladet, kvitløken og timian og hell opp med rødvin til den nesten dekker kyllingen. La først kyllingen småputre under lokk i 20-30 minutt. Ta deretter av lokket, slik at mykje av rødvinen kan fordampe, og sausen blir tjukkare.

Ha i kyllingbrysta, løken og sjampinjongen 10-15 minutt før dei andre kyllingbitane er ferdigkokt. Kyllingen skal lausne lett frå beina, men ikkje vere kokt i sunder.

Smak til med salt og peppar. Server coq au vin med for eksempel god poteter eller ei god potetstappe med kvitløk i.

 

(Visited 236 times, 1 visits today)

2 thoughts on “Coq au vin frå eigen hønsegard

  1. Takk for at du deler både oppskrifter og gode historier på din blogg. Du har lagt lista for vår søndagsmiddag, med dagens blogginnlegg:-) Ønsker deg en riktig fin helg!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *