Eplemos på ein-to-tre

Slik lager du eplemos med kanel_1000Kvar sommar og haust rotnar tallause kilo med eple i hagen vår. Då kjennast det ekstra meiningsfullt å gjere klare store mengder eplemos for vinterlagring i fryseboksen.

Eplemosen kan ikkje berre nyttast som hovudingrediens i dessertklassikaren tilslørte bondepiker. Den er eit svært godt alternativ til syltetøy med alt for mykje sukker i frå matvareindustrien.

I vår gamle eplehage er det flust med det som blir kalla glasseple. Normalt er dette eit anna namn for sorten «Kvit Astrakan» – ein av dei eldste importerte eplesortane ein kjenner til her til lands. Den er omtala i skriftlege kjelder allereie på 1640-talet, og dei fleste pomologar meiner sorten kjem frå Russland.

Fordelen med glasseple er at dei kjem tidleg, og er søte, ulempa er at dei ikkje held seg så godt. Men dei er knallfine til å lage eplemos av. Det søte preget gjer at ein ikkje treng å tilsette så mykje sukker som med meir syrlege eple. Sukkermengda styrer du med andre ord sjølv, men husk at sukkeret også er med på å konservere eplemosten.

Oppskrift på eplemos

  • 2 kilo eple
  • 2 desiliter vatn
  • 250-350 gram sukker per kilo eple
  • Safta frå ein sitron
  • Eventuelt 3-4 centimeter kanelstang (eller ei halv teskei)

Epla blir fort brune og stygge dersom dei blir liggande på kjøkkenbenken etter at dei er delt opp.

Hell vatnet i ein bolle. Press over safta frå halvparten av sitronen.

Skrell epla, fjern kjernane og steinane. Del dei i eit par, tre centimeter store biter. Ha eplebitane over i sitronvatnet. Vend om inni mellom, slik at alle eplebitane får litt sitronvatn over seg. Då held dei betre på fargen.

Når alle epla er skrella, heller du eple og sitronvatn over i ein stor kjele. La epla varmast opp sakte på middel varme. Ha i kanelstanga under kokinga dersom du vil ha litt kanelsmak. Skru ned varmen når epla koker, og la dei syde/småkoke i om lag 7-8 minutt. Husk å røre i kjelen med jamne mellomrom.

Trekk kjelen til side når epla går i sunder. Fisk ut kanelen, og ha i sukker. Smak til med meir ferskpressa sitronsaft, dersom det trengs.

Om epla er av den harde typen, og ikkje er mosa etter kokinga, kan du køyre nokre drag med stavmiksaren i kjelen til du er nøgd med konsistensen, eller berre mose eplene med ein potetstappar.

Ha eplemosen opp i små beger som du frys ned, ettersom eplemosen ikkje held seg veldig lenge når den står i kjøleskapet.

 

 

 

 

(Visited 923 times, 1 visits today)

2 thoughts on “Eplemos på ein-to-tre

  1. Fin oppskrift. Jeg vil legge til et tips som jeg likte veldig godt da jeg prøvde det. Tilsett noen av eplebiten litt senere i kokingen, slik at de ikke blir helt kokt, så får du en mer spennende struktur på den ferdige mosen, der det er litt biter.

    • Heilt einig, Otto! Godt med litt biter som gjev tyggemotstand. Då eg lagde siste ladning, mosa eg eplene med potetmoseren, då blei konsistensen ganske bra:)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *