Festen er ikkje over! Det er suppe igjen…

Far min sitt kjøkken feirar eitt år med ein dessert far min ikkje klarte å ligge unna. Blåbærsuppe med heimelagd vaniljeis er med dette uoffisielt kåra til den beste avslutninga på middagen i vår familie.

Min store inspirasjon i matverda er verken kokk eller faglært. Men han har forsynt heile slekta – og deler av nabolaget – med fenalår, klippfisk, pinnekjøtt, røyklaks, spekesild og mykje anna i mange tiår. Far min har bore med seg deler av ein kulturarv som i mange område forsvinn.

Matbloggen Far min sitt kjøkken er eit forsøk på å lage mi eiga ”kokebok”, og dele innhaldet med alle som føler dei kjenner seg heime i det same kjøkkenet som eg har vokse opp. Og aller helst ta matarven med inn i framtida.

Det vestlandske kjøkken er kanskje ikkje raffinert. Men det er tufta på blodferske råvarer, anten det er fisk, kjøtt eller vekstar frå grønnsakshagen.

Eit av mine aller beste minne er jakta på blåbær på hytta vår, uti steinrøysa i Sunnfjord. Blåbær med sukker på, eller i blant blåbærsuppe, var premien for timer med plukking på alle fire i lyng og hei av forblåste bær.

Far min fekk æra av å smake mi tolking av denne dessertklassikaren. Han sa ikkje stort, men fire serveringar under middagen, og skraping av gryta i kveldinga, sa meir enn nok for meg.

Løyndomen bak denne blåbærsuppa er nok at eg har dobla mengda blåbær i forhold til vassmengda dei fleste oppskrifter opererer med, og hever smaken med ferskpressa sitronsaft. I kombinasjon med ein krema, heimelagd vanilieis – eller litt Kesam med vanilie – har du sikra suksessen. Og desserten er utprøvd med frosne blåbær, også kjøpte, med like stort hell.

Blåbærsuppe med vaniljeis (nok til fire til seks personar)

  • 10 desiliter blåbær
  • 5 desiliter liter vatn
  • 1-2 desiliter sukker (avheng av kor søte bæra er og kor søt du vil ha suppa)
  • Fersk sitronsaft frå ein halv sitron
  • 1 ss potetmjøl

Ha blåbær, vatn, potetmjøl og sukker i en kjele og kok opp. Sukkermengda avheng av kor søte bæra er og kor søt suppe du vil ha. Men husk at det smaker meir av varm enn avkjølt mat, slik at sukkersmaken er mindre intens når suppa er kald.

La suppa koke i tre, fire minutt. Ta blåbærsuppa av kjelen, og la den kjøle seg litt ned.

Sett stavmiksaren i gryta, og køyr suppa glatt. Det kan vere smart å sette kjelen i oppvaskkummen, og helst bruke forkle, ettersom blåbær sett kraftig farge på alt anna. Dersom du vil ha suppa fullstendig fri for klumpa, kan du sile den gjennom eit dørslag.

Avkjøl suppen heilt, og server kvar porsjon med ein klatt heimelagd (eller veldig god kjøpt) vaniljeis, eller med ein klatt Kesam med vaniljesmak.

(Visited 127 times, 1 visits today)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *