Fiskegrateng med klippfisk og restegodt

Fiskegrateng med klippfisk eller lettsaltet torsk_1000I barndommen med kjentes det som om vi hadde fisk åtte gongar i veka. Men eit av høgdepunkta var dagen derpå klippfiskmiddagen, då restane blei til «plukkfisk». Herfrå er vegen veldig kort til ein velsmakande fiskegrateng med overskotsråvarer frå både havet og kjøkkenhagen.

Eg hatar eigentleg å kaste mat. Dessverre er eg kanskje den aller flinkaste til å nytte meg av restane frå kvardagsmiddagen. Men eg har i alle fall lært av mine eigne foreldre at klippfisken ikkje treng å hamne i restavfallet. Løysinga var altså plukkfisk. Mor mi lagde som regel ein kvit saus med masse løk, hakka opp grønsaksrestar og poteter, og blanda inn klippfisken – og kanskje nokre baconrestar.

Meister- og TV-kokk Eivind Hellstrøm har blitt berømt- og kritisert – for fiskegratengen sin, med meir eller mindre klippfisk. På far min sitt kjøkken fantes det verken kvitløk, parmesan eller sennep. Men vi hadde cayenne-peppar og det meste som trengs for å pimpe opp klippfisk- og grønsaksrestane i plukkfisken til ein ekte, heimelaga fiskegrateng.

Den industrielle fiskegratengen vi i blant finn i frysedisken på nærbutikken smakar i mitt univers alt for salt, og ekspertane har allereie kritisert Hellstrøm og andre for å vere alt for gjerrige med fisken. Kjøpegratengen manglar og det flotte volumet som eggeplommer og piska eggekvitar i sausen sikrar slik restemat frå øvste hylle.

Men du kan sjølvsagt gå for plukkfiskvarianten, og nøye deg med å lage den kvitesausen, droppe egga og makaronien og vende klippfisk og grønsaker inn i sausen. Men då bør du unne deg godt bacon til.

Oppskrift på fiskegratent med klippfisk eller lettsalta fisk

  • 500 gram utvatna klippfisk eller lettsalta fisk, for eksempel brosme, eller like mykje fersk fisk eller fiskerestar
  • Ei stor gulrot
  • 100 gram sellerirot
  • Fem, seks vårløk (eller ein halv purreløk
  • 500 gram poteter
  • 1 desiliter snarkokt makaroni (den som treng fem minutt koking)
  • Ein løk
  • Ein kvitløkbåt
  • 50 gram smør (usalta dersom du bruker lettsalta fisk)
  • 50 gram kveitemjøl
  • 5 dl mjølk
  • 3 egg
  • Ei stor skei grov sennep
  • 1/4 ts malt muskat
  • 1 knivodd kajennepepar
  • 50 gram parmesan
  • Litt salt
  • 2 heile skiver daggammal loff eller anna lyst brød (eller eit par desiliter griljermjøl)
  • Ei stor skei smør til å smøre formene

Sett steikeomnen på 180 grader (gjerne varmluft). Dersom du har mindre, eldfaste porsjonsformer, kan du bruke desse. Viss ikkje brukar du ei vanleg eldfast form, som du smør inn med smør.

Varm opp mjølka i ein kjele, og ha i fisken når mjølka når kokepunktet. La fisken trekke i om lag fem minutt. Hell av mjølka, og legg fisken på ein tallerken med kjøkkenpapir. Reins fisken fri for skinn og bein.

Dersom du bruker restegrønsaker, er det berre å dele dei terningar.

Dersom du bruker fersk grønsaker, tar du fatt på å skrelle og reinse grønsakene, og del dei opp i ganske ein centimeter store terningar, slik at dei blir kokt ferdig på likt. Kok opp ein kjele med rikeleg med vatn, ha i grønsakene og makaronien og la den koke i fire minutt (ikkje fem minutt, makaronien blir ferdigkokt i steikeomen). Hell grønsakene og makaronien over i eit dørslag i utslagsvasken, slik at alt vatnet renn av.

Finhakk vårløken, og legg den til side.

Fjern skalet på kvitløken og løken, og finhakk den.

Ha i den finhakka kvitløken, løken, smøret, muskat og kajennepepar i ein annan og romsleg kjele, og la kryddera få surre ei lite minutt. På den måten får du fram meir smak frå dei. Ha i kveitemjølet, og visp heile tida slik at jamninga ikkje klumpar seg.  Spe med litt og litt mjølk, og hald fram med å vispe, for å unngå klumpar. La den kvite sausen småkoke under stadig omrøring i fem minutt, slik at mjølsmaken forsvinn. Deretter kan ta den av komfyren, og du sette til sides.

Skil eggeplommer og eggekvitar frå kvarandre. Eggeplommene har du oppi den avkjølte sausen.

Eggekvitane piskar du med vispane på kjøkkenmiksaren til dei er kvite og luftige.

Del opp fisken i ganske må betar (hakk den litt opp med kniven om du vil ha mindre bitar). Ha den oppi sausen i lag med vårløken, grønsakene, potetene og makaronien. Smak til sausen med pepar og eventuelt litt salt. Vend inn eggekvitane forsiktig med ein slikkepott. Fordel fiskegratengblandinga i ei stor form smurt med smør.

Ha det daggamle brødet oppi kjøkkenmaskina med knivblad i, og køyr til blandinga er heilt oppsmula. Strø den deretter på toppen av fiskegratengen.

Gratengen steiker du i steikeomnen i 25-30 minutt, til fisken er heilt kokt. Fiskegratengen blir tørr om den steiker for lenge.

Server med råkostsalat:

  • 360 gram gulrøtter (gjerne gulrøter med ulik farge)
  • 100 gram sellerirot eller selleristang
  • Eit stort eple
  • 1 desiliter rosiner
  • 1 desiliter vatn
  • Ei stor skei brunt sukker
  • Ei stor skei fersk saft frå ein sitron

Bland saman vatnet, sukkeret og sitronsafta, og rør rundt til sukkeret er løyst opp.

Skrell gulrøttene og fjern skallet frå sellerirota. Del eplet i fire båtar og fjern kjernehuset.

Rasp gulrøtter, selleri og eple på råkostjernet oppi ein bolle. Hell over dressingen, og vend godt rundt.

 

(Visited 1 089 times, 1 visits today)

One thought on “Fiskegrateng med klippfisk og restegodt

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *