Fiskehandlaren sine fiskekaker

Fiskehandler Mortens fiskekaker med råkostsalat_600La meg smake fiskekakene dine, så skal eg fortelje kven du er. Mange norske fiskematprodusentar er minst like opptatt av inntening som kvalitet. Min fiskehandlar lager fabelaktige fiskekaker, og er så opptatt av at kundane skal ete sunn mat frå havet, at han gjerne deler oppskrifta med omverda.

For alle som tar seg tid til å sløye, filetere og dele opp fisken, er fiskekaker og andre fiskefarseprodukt ein framifrå plass å plassere dei mindre bitane som ikkje er så stilige å servere middagsgjestar i fint lag.

Dessverre er det mange fiskematprodusentar som er vel ivrige med å gje kakene fjongare namn enn dei fortener eller spe ut kakene med alt anna enn hyse, lyr, sei eller annan kvitfisk med godt med bindemiddel og smak, som gjer fiskekaker til festmat til kvardags.

Ta deg tid til å studere innhaldslista neste gong du er i butikken. Ikkje la deg overraska om dei billigaste består av 50 prosent vatn. Du treng ikkje måpe over at steinbitkakene berre har nokre prosent av den eksklusive fisken mellom dei store mengdene billig råvare, for eksempel kvit fisk med eksotiske namn – deriblant kvitlaks (også kalla vassild), pacific whiting eller alaska pollock. Billig råvare blir flydd frossen inn frå fjerne hamner, for å bli til ein av dei norskaste av norske rettar.

Det er ei kjennsgjerning av fiskekaker lagd på samleband inneheld alt frå 40 til 80 prosent fisk, og sjeldan smakar så godt som nysteikte kaker lagd med kjærleg hand av ein fiskehandlar nær deg, eller ei mor som med like stor omsorg fileterer, kverner, elter og steiker verdas best fiskekaker.

Oppskrift på fiskehandlar Morten sine fiskekaker

  • 1 kilo fersk kvit fisk, minst halvparten hyse, lyr eller sei
  • 1 stor skei salt (om sommaren treng fisken mindre salt)
  • 1 egg
  • 1 stor skei potetmjøl
  • 2,5 desiliter mjølk
  • Litt peppar
  • Litt muskat
  • Rapsolje og ekte meierismør til steikinga

Til fiskekaker og annan fiskefarsemat må du bruke fersk fisk. Frossen fisk mister bindeevna si, og eigner seg ikkje. Fisken må ikkje vere heilt fersk, dødsstivheita bør ha gått ut av fisken. To døgn i vanlig kjøleskap ok for sjølvfiska fisk.

Fileter fisken, skjær vekk skinn og bein. Del fisken i mindre biter.

Vær merksam på at alle ingrediensane til fiskekakene må vere iskalde for at du skal få eit godt resultat!

Finn fram kjøttkverna (for eksempel den på kjøkkenmaskina), legg den gjerne i fryseboksen ein halv times tid før du startar på oppmalinga.

Mal all fisken ein gong gjennom holskiva med 5 millimeter store hol. På denne måten får du fiskekaker med ein ganske grov konsistens.

Legg den malte fisken over i eit dørslag, som du setter i ein bolle og plasserer på kjøl over natta. Då får fisken rent av seg vatn, og som aukar bindeevna.

Ha den kalde, malte fisken over i ein kjøkkenmaskin med eltekrok. Ha i salt, litt muskat og peppar. Elt til deiga blir som ein klump, det vil seie til saltet binder opp farsen.

Ha i egget. Fortsett å elte deiga, til egget er godt blanda inn. Spe med litt og litt mjølk, og ha i potetmjølet. Deigen skal til slutt vere fast og god som ei brøddeig. La deiga kvile i ti minutt.

Varm opp nokre skeier rapsolje og smør i steikepanna. Det er viktig at panna ikkje har for svak varme når du steiker fiskekakene.

Form passer store kaker med hendene. Steik dei gyldenbrune på begge sider. Dersom kakene slepp eit kvitaktig stoff i steikepanna, nemleg protein, har du ikkje køyrt inn saltet godt nok, og farsen har ikkje kvilt lenge nok.

Fiskekakene til fiskehandlar Morten held seg fem døgn på kjøl, men frys gjerne ned fiskekakene i porsjonspakker til neste gang du får lyst på.

8 thoughts on “Fiskehandlaren sine fiskekaker

  1. Mor mi laga fiskefarsa i food-prosessoren. Eit halvt kilo fisk i gongen, løk og krydder og potetmjøl oppi med det same, før ho sette maskina i gong og spedde med mjølka litt etter litt. Mykje meir lettvint, mindre oppvask, og gode fiskekaker blei det!

    • Hei, Lisbeth! Jada, eg brukar og food-prosessoren i blant, og så lenge du kan slenge alt i ei maskin (slik du skriv), blir det kanskje mindre styr. Men bruker du maskin med roterande kniv, blir farsen heilt glatt. Eg syns det fine med fiskekakene til både mor mi og fiskehandleren vår er at dei er grovare i konsistensen, at du kjenner bitar av fiske når du et dei. Men uansett kva metode du vel, er heimelaga fiskekaker det beste!

  2. Hei og takk for noen fine sider.
    Jeg har en god oppskrift på Seikarbonader eller fiskekaker om man vil,det går fint ann å bruke torsk også.
    500 g fiskefilet
    Løk
    Potetmel
    Salt
    Litt Muskat
    Melk
    Fisk i småbiter
    Løkbåt i terninger (finhakket)
    2 sp potetmel
    Litt salt (smak til)
    Litt muskat ( 1 knivspiss)
    Ha gjerne i gressløk , fiskekrydder og litt hvitløkskrydder i fiskefarsen det setter en ekstra god smak.
    Spe melka forsiktig inn ( ca 2,5 d) , men det er ikke bestandig nødvendig å følge det slavisk , mange ganger holder det med langt mindre melk , man ser ann fiskefarsen etter hvert.
    Jeg bruker kjøkkenmaskinen med roterende kniv,som fungerer utmerket.
    Stekes i smult.
    Har et tips til Dere angående fiskefiletene ,som jeg fikk av min mor,som igjen hadde fått det av en gammel dame som bodde oppe ved finnmarkskysten.Hun brukte å strø et tynt lag med finsalt over fiskefiletene , og la de kaldt natta over ,slik at fiskekjøttet bandt seg bedre,det er verdt å prøve , og så kan man heller være litt forsiktig med saltet når man blander det inn i fiskefarsen.
    Og tilslutt så vil jeg anbefale Dere og prøve å smøre fiskefarse på begge sidene av en brødskive og steke det i pannen , det er helt fantastisk med nystekte fiskeburgere , må bare prøves.

    • Hei, Dag-Einar! Flott at du og trivs på Far min sitt kjøkken. Tusen takk for oppskriftene! Dei skal prøvast! Lurt å ha litt større biter med fiskefilet i tillegg til farsen. Tipset frå nord med salting av fileten høyrast logisk ut, saltet vil presse ut fukt frå fisken. Det er litt det same som skjer når eg maler opp farsen eller legge filetbitane i ein bolle med eit tefat opp ned i botnen, og lar vatnet renne av over natta. Men saltet trekker fukta raskare ut. Trikset med fiskefarse på begge sider av brødskivene skal og prøvast! Det minner meg om ei liknande oppskrift frå skulekjøkkenet på 70- eller 80-talet, der vi hadde karbonadedeig på ei side og steikte slike enkle karbonader:) Håper du melder deg med andre gode tips du kan lese med oss på Far min sitt kjøkken!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.