Fort hjort viltgryte

Skulle søndagsgjestane kome uventa eller ubedne, eller kokken ha gløymt å ta opp hjortesteika, er det ingen grunn til panikk. Med litt tining, ein skarp tollekniv og ei ganske rask runde i jerngryta er viltgryta klar før gjestane har klart å kjede vettet av vertskapet.

Ei viltsteik kan vere ei rimeleg seig affære. Nesten uansett kva temperatur og steiketid, så blir ikkje resultatet så mørt som du skulle ønske.

Men samefolket har visst råd. Truleg er det å skjære tynne skiver av frose eller halvfrose reinkjøtt ein 6.000 år gamal tradisjon i våre nordområde. Med rundt på vinterbeite var reinkjøtet, og med til dels ekstreme temperaturar undervegs, var kjøleskap overflødig. Når ein slo leir kunne ein raskt skjære av kjøttet av lårstykket, frese det over varmen og servere hurtigmat tusenvis av år før fast-food blei kvardagsord her til lands.

Når ein skjærer slike tynne flak kjøtt på tvers av fibrane, skal det fint lite steiking eller koking til før resultatet blir mørt og mjukt som smør.

På Vestlandet er det fint lite rein, desto meir hjort. Sjølv vi som aldri har kunne glede oss over nedarva jaktrett har som regel fått frose kjøtt av dei seigare delane av dyret. Far og mor min sparer alltid hjortesteika til spesielle middagar, då større deler av familien er samla. Og skulle søndagsmiddagen komme litt som julekvelden på kokken, finns det altså ei svært god råd – nemlig hjorteskavgryte.

Skulle du har elg, rein eller anna storvilt i frysaren, duger oppskrifta like godt. Uansett om gjestene er velkomne eller ei, reiser dei heilt sikkert frå middagsbordet med eit smil om munnen.

Viltgryte med skava hjortekjøtt og bacon- og soppstuing

  • 800 gram hjorteskav eller skava kjøtt frå anna vilt
  • To store lauk
  • 50 gram smør
  • 3-4 dl vatn
  • 3 dl seterrømme
  • 2 dl fløyte
  • 2 ss bringebæreddik
  • 6 knuste einebær
  • 1-2 ss tyttebærsyltetøy
  • 3-4 skiver brunost
  • ½ ts tørka timian
  • 1 ts salt
  • ½ ts peppar
  • 2 store gulrøter

Ingredienser til bacon-, brokkoli og soppstuing

  • 1 brokkoli
  • 150 gram bacon
  • 200 gram sopp, for eksempel kantarell

Ein times tid etter at du har tatt opp steika/kjøttet, kan du starte med å skjære av/skave tynne skiver med kjøtt. Skjær vekk fett, hinner og sener, dei blir eit seigt innslag i retten.

 

 

 

Dersom du bruker tørka sopp, legg du denne i kaldt vatn ein halv times tid.

Knus einebæra i morteren eller med ein kniv på skjerefjøla.

Skrell gulrøtene, og del dei i små terningar. Skjær av toppskota av brokkolien, og legg dei til sides. Fjern stilkane og del stilken og resten av brokkolien i små terningar.

Skrell lauken, kutt den i små biter og fjern rotfestet.

Steik hjorteskavet i ei jerngryte med litt og litt av smøret, helst i tre, fire omgangar, slik at kjøttet blir steikt – ikkje kokt.

Surr lauken i smør same gryta til det er blankt (ikkje bruk så høg varme at lauken blir svidd).

Ha alt kjøttet i gryta til slutt, dekk med kaldt vatn og kok opp. La kjøttet småkoke til det er ganske mørt. Det kan ta alt frå nokre minutt til ein halv time – eller lenger. Ha i rømme, mjølk, bringebæreddik, knuste einebær og timian, og smak til med salt, peppar og tyttebærsyltetøy.

Ha i gulrot og brokkoli dei siste fem minutta.

Dersom du syns smaken på gryta blir for syrleg (på grunn av rømme og eddik), balanserer du smaken med litt meir søtt – for eksempel tyttebærsyltetøy, eller ein ekstra skvett kremfløyte. Finhakk baconet og plukk brokkoliskota frå kvarandre.

Steik bacon og brokkoli eit minutts tid på middels varme i ei steikepanne, ha deretter i soppen og la den surre nokre minutt. Smak til med salt og peppar.

Hjorteskavgryta kan med fordel serverast med kokte poteter, potetmos eller potetpuré.

NB! Dersom du vil ha bacon, brokkoli og sopp i gryta, og ikkje som ein siderett, steiker du baconet i same vending som kjøttet, og koker det i lag med kjøttet. Soppen steiker du i litt smør og har den i gryta dei siste fem minutta i lag med brokkoli og gulrøter.

1 thought on “Fort hjort viltgryte

  1. Tilbakeping: Mat og drikke | Matpakke

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.