Frå kylling til høne på eige tun

Rhode Island Red-RIR-småkylling_1000Våren er tida for å ale opp kyllingar som seinare kan bli til høner og haner. Vegen til hobbybonde og eggprodusent er faktisk ikkje så bratt som ein kan tru, så lenge du lyttar til erfarne fjørfefolk.

Når dagane blir lengre, og snøen smeltar, livnar det til i naturen. Nye generasjonar slepp til, og dei små kyllingnøsta kakkar deg ut av eggeskala, enten dei er ruga fram av ei høne, eller kjem frå ei rugemaskin.

Du kan alltids kjøpe dine eigne høner. Men det er langt rimelegare å kjøpe daggamle kyllingar frå ein oppdrettar eller bonde, og la dei få vakse opp i eit varmt og beskytta miljø.

Men før du kjem så langt, bør du tenke gjennom kva du vil med hønene. Vil du ha store egg, og er mindre opptatt av kven som legg dei, eller liker du best mindre prydhøns som legg mindre egg, men kanskje er vakrare å sjå til? Eller kanskje er du interessert i å ale opp jærhøns, den einaste norske rasen.

Husk berre på at det fort tar eit halvår frå fødsel til første egg blir lagt av årets kyllingar. Vi kunne sanke våre første egg i oktober det året vi starta.

Val av hønserase

Mitt beste råd er å snakke med erfarne fjørfefolk. Eggproduserande bønder har normalt god kunnskap om kvalitetane til dei ulike rasane. Det finns og ei lang rekke nordmenn som driv med hønsehald, og som er organisert i ein av dei mange lokale foreiningane til Norsk Rasefjærfeforbund. Det finns og tallause nettsider og trådar i diskusjonsfora på nett.

Vi kikka på ei lang rekke raser, men valet avgrensa seg til Rhode Island Red (RIR). Verken Sussex- eller Wyandotte-kyllingar, som vi hadde blinka oss ut, var å oppdrive grunna stor interesse for å ha eigne høner i hagen. Vi ville ha litt brune og ganske store egg, frå høner som er selskapelege og ganske lette å ha med å gjere. I tillegg til dei 14 RIR-kyllingane, fekk vi med nokre jærhøne-kyllingar.

I motsetnad til jærhønene, lar ikkje Rhode Island Red seg kjønnsbestemme allereie etter eit døgn. Jærhønene var heilt sikkert kommande eggprodusentar.

Den første tida som kyllingar

Den første tida her på jorda flytta kyllingane inn på det oppvarme gjestebadet, der dei fekk mesteparten av varmen frå ei raud lampe innkjøpt til dette føremålet. Sjølv små kyllingnøste gjer frå seg der dei kan, så lukta blir ganske intens i rommet. Mange vel å finne ein eigna og sikker stad i eit uthus eller liknande til dette.

Jærhøns-Rhode Island Red-RIR-daggamle små kyllinger_1000Kassa dei fekk plass i hadde høge kantar og blei fylt i botnen med sagflis. Oppdrettaren vår var rask med å poengtere at kyllingane ikkje skulle ha vagl å sitte på. Det tar tid før (over)kroppen er utvikla og sterk nok til å bære vekta.

Kyllingane må ha god tilgang til fôr, og ikkje minst vatn. Vi kjøpte kyllingfôr for dei aller minste frå oppdrettaren vår, og seinare økologisk fôr på Felleskjøpet når dei blei til små høner.

Reingjer relativt kassa og fôringsstasjonane ofte. Også små kyllingar kan bli smitta, for eksempel av si eiga avføring. Oppdagar du blod i avføringa, må du ta kontakt med dyrlege eller ein person med god kunnskap om dette, slik at du kan få medisinert kyllingane. Koksidiose er ikkje uvanleg sjukdom blant småkyllingar, og kan fort ende med dødsfall.

Du vil nok kanskje og oppleve at enkelte individ ikkje klarar seg av naturlege orsaka. Det er normalt. Det er kanskje ikkje meininga at små kyllingnøste som ikkje klarer å ta til seg næring (mat og drikke) kan få eit godt og langt liv.

Men kyllingtida er alt i alt ei fin tid, spesielt for barn. Likevel må ikkje kyllingane utsettast for alt for masse stress og mas. Mange ekspertar seier og at høner og haner kan bli litt «mannevonde» eller skeptiske til menneske dersom dei blir for mykje kosa med som kyllingar.

Frå lukka miljø til hønsegard

Første året vi satsa på vår eigen vesle eggproduksjon, hadde kyllingane fritt spelerom i det vesle nybygde hønsehuset og den godt inngjerda hønsegarden.

Rhode Island Red-RIR-kylling_1000Då kyllingane var om lag seks veker gamle, flytta dei inn i det isolerte huset. Då dei var om lag ti veker gamle, og temperaturen var høg nok, fekk dei gå ute i hønsegarden på dagtid.

Dersom du allereie har høner, og skal introdusere mindre fugl i flokken, er det lurt å gjere dette med kløkt. Vi fekk rådet frå ei kvinne med lang fartstid som hønsebonde å sette kyllingane inn til dei vaksne dyra om kvelden, etter at det har blitt mørkt. Då blir både dei små og store vande til kvarande, ny lukt og nye lydar, slik at tilvenninga blir mest mulig smertefri. Norsk rasefjærfeforbund tilrår at ein i tillegg stenger dei eldre hønene ute i hønsegarden på dagtid før den nattlege tilvenninga, slik at dei unge dyra kan gjere seg kjent i hønsehuset og finne fram til kor mat og drikke er plassert.

Naturlege farar for små fjørfe

Mange drøymer om frittgåande høner (og kyllingar) som vandrar rundt i hagen eller utmarka og plukkar i seg næring frå bakken.

Men små fuglar er og mat for større dyr. Vi bur i skogkanten med både grevling, rev og rovfugl i området. Første året angreip ein større rovfugl ein av dei unge hanekyllingane i hagen i den korte tida vi var inne i huset. Det var ei blodig syns som møtte oss.

Katta vår, som både tar livet av jordvom, ekorn, mus og småfugl, syns derimot at dei halvvaksne kyllingane var veldig skumle.

Dersom du berre forer fuglane innomhus, er det mindre sjans for at andre dyr – for eksempel rotter – trekker til hønsegarden sin for å sikre seg ein matbit.

Kyllingar og høner (og haner) kan og utgjere ei viss «fare» for kvarandre. Det er mange orsakar til «kannibalisme» eller hakking/mobbing i hønseflokken. Ettersom dei viktigaste oppgåvene til hønene er å utforske bakken, og finne seg mat, er det veldig viktig at dei har nok av mat og anna å hakke på, slik at dei ikkje hakkar på kvarandre.

Frå erfarne hønsebønder får eg ofte høyre at dei tar mobbeofra ut av flokken – og avlivar dei. Ein flokk kan vere ganske flink til å velje seg ut «svake» individ.

Univers av «gode» råd

Dersom du planlegg å få deg kyllingar, eller vaksne høner, som kostar langt meir, vil du raskt oppdage at det er frykteleg mange der ute med sterke meiningar.

Vi starta med å lese fleire av dei mange bøkene som er på marknaden, mellom anna «Hønsehold i hagen» av Steen Larsen (Landbruksforlaget) og «Med høns i hagen» av svenske Anette Sievers (Vigmostad Bjørke, ISBN: 9788241908651). Dei ga oss eit god innblikk i dei tallause spørsmåla ein nybegynnar har.

Men når alt det bøkene ikkje svarer på dukkar opp, er det lett til å ty til Google, som raskt fører deg til ulike bloggar, Facebook-grupper og diskusjonsfora (for eksempel fuglepraten.no). Eg har fått mange gode råd på ulike nettsider, men også opplevd vidt ulike svar frå folk som meiner dei har greie på hønsehald.

Lytt til erfarne fjørfefolk, bruk sunn fornuft og husk at kyllingar og høner som går fritt i hagen får eit godt liv, «klipper» graset og gjødsler plenen. I tillegg får du dei egga du treng om du har ei handfull eggeleggjande venner på tunet.

Men allereie før skaffar deg heilt små kyllingar du bør planlegge kva slags hus og hønsegard du vil ha.

(Visited 280 times, 1 visits today)

One thought on “Frå kylling til høne på eige tun

  1. Pingback: Høns i eige hønsehus - Far min sitt kjøkkenFar min sitt kjøkken

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *