Frisk lasagne med fisk

Fiskelasagne-fish-lasagna-med torsk_1000Lasagnen er for lengst blitt ein del av det norske kjøkkenet. Men det er sjeldan ein bytter ut kjøttet med fisk i denne italienske klassikaren. Med fisk i lasagnen får du eit lettare resultat, ein rett som appellerer til alle generasjonar.

Sjølv husker eg godt at vi i ungdomstida mi fekk i hus pakkar med pulver som berre skulle tilsettast vatn. det tar knapt meir tid å lage dei to sausane som trengs i denne retten. Kvit saus kan dei aller fleste, tomatsaus er også plankekøyring.

Lasagne al forno, som er den vanlegste forma, er som namnet seier ein omnsbakt rett som du steiker i ei form. Bechamelsausen, altså den kvite sausen, får i dette tilfellet ein smak av fiskekraft, og innslaget av ost er redusert for å gje eit mildare resultat.

Bolognese-sausen er lagd på gode, italienske tomatar på boks, med rikeleg med ferske urter i. Fisken har du i rett før retten skal i omnen.

Etter erfaringane i oppveksten med pulvervarianten av lasagne, har eg lagd kjøttvarianten tallause gonger. Det var min italienske fiske- og delikatessekokk Fabrizio Celiento i Tønsberg som serverte meg sin fiskelasagne første gong. Oppskrifta hans var gedigen. Eg har nedskalert den og smakt den til slik eg syns den bør vere.

Fiskelasagne er og eit lønnsamt prosjekt. Du treng langt mindre fisk enn i ein vanleg fiskemiddag, du kan gjerne bruke frossen fisk eller rett og slett rester frå tørrfisk eller klippfiskmiddagen. Om du går for klippfisk, må du vere forsiktig med saltmengdene.

Oppskrift på fiskelasagne med torsk

(nok til fire personar)

  • Om lag 400 gram fersk fisk (for eksempel torsk), eller godt utvatna klippfisk eller tørrfisk
  • Ein kvitløkbåt
  • Ein middels stor løk
  • Ein halv rød paprika
  • Ein boks gode hermetiske tomatar
  • Ei stor skei tomatpuré
  • Ein liten neve fersk timian
  • Ein liten neve fersk basilikum
  • Salt og peppar

Sett steikeomnen på 175 grader (over og undervarme). Finn fram ei lita eldfast form. Eg bruker ei Ikea-form som måler om lag 15 gonger 25 centimeter.

Start med å klargjere fisken. Den skal vere skinn og beinfri. Dersom du bruker fersk torsk, lyr eller annan fersk kvit fisk, tørker du godt av den. Strø grovsalt i botnen av ei form eller eit brett. Legg på fisken, dryss over rikeleg med meir grovt salt og la fisken ligge i 5-10 minutt, avhengig av kor tjukk fisken er. Tynne filetar klarer seg med fem minutt. Skyll av saltet i kaldt vatn, og tørk av fiskefiletane med kjøkkenpapir.

Fjern skall av løk og kvitløk. Finhakk begge deler, gjer det same med paprikaen.

Ha i eit par stor skeier god olivenolje i ein vid kjele. Ha i løk, kvitløk og paprika. La alt saman surre på middel svak varme til løken er gylden og mjuk. Ha i tomatpureen, og la den surre eit minutts tid mens du rører i kjelen. Ha deretter i tomat på boks. La sausen småputre i om lag ti minutt. Ha i finhakka timian og basilikum heilt til slutt.

Mens sausen putrer, har du i litt nøytral olivenolje i ei steikepanna på middels høg varme. Steik fisken med den sida skinnet satt nedst. La fisken ligge til om lag to tredjedeler av fisken er gjennomsteikt. Snu fisken, dryss over litt peppar og ta steikepanna av varmen. Ha fisken (og fiskekrafta som måtte ha rent ut av fisken) oppi kjelen med bolognese-sausen.

No kan du lage den kvite sausen, som skal vere fyldig og tjukk.

Oppskrift på kvit saus (bechamelsaus med fiskekraft)

  • 4 store skeier smør
  • 4 store skeier kveitemjøl
  • Om lag 5 desiliter mjølk
  • 1/2 fiskebuljongterning (som normalt er nok til 2,5 desiliter fiskekraft)
  • To store skeier reven pecorino-ost
  • Ein knivsodd muskat
  • Salt og peppar
  • 9-12 lasagneplater
  • Litt olivenolje

Smelt smøret i ein kjele på middels høg varme. Ha i kveitemjølet. Visp godt.

Spe med litt og litt mjølk, mens du vispar ut klumpane av sausen. Det er spesielt viktig med intens visping i starten. Ha i fiskebuljongterningen. La sausen småputre i fem minutt, slik at mjølsmaken forsvinn. Sett sausen på lågaste varme.

Smak til med pecorino-osten, muskat, salt og peppar.

Vend fisken godt in i tomatsausen. Smak til med salt og peppar.

Smør forma med litt olivenolje.

Kok opp ein vid kjele med lettsalta vatn med litt olivenolje. Ha i tre plater lasagne som kan dekke første runda med pasta i lasagnen, og la dei ligge i det kokande vatnet til dei har mjukna. Det tar eit minutt eller to.

Legg eit tynt lag med tomatsaus i botnen. Dekk med eit lag lasagneplater. Ha over eit tynt lag kvit saus, deretter tomatsaus og til slutt lasagneplater igjen. Over det øvste laget tomatsaus har du litt kvit saus.

Normalt får eg tre lag med lasagneplater oppi forma med denne opskrifta.

Steik lasagnen dekka med aluminiumsfolie i om lag 30 minutt på over- og undervarme på 175 grader. Senk temperaturen, ta vekk aluminiumsfolien og steik lasagnen vidare på 160 grader i 15 minutter til, til lasagneplatene er mjuke.

Server fiskelasagne med ein salat, gjerne med avokado, pinjekjerner, tomat og ein olivenolje- og balsamico-dressing.

(Visited 337 times, 1 visits today)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *