Ganske krise hos brødrene Price

Har du blitt «kasta ut» av restauranten lenge før du har blitt tilbode dessert, eller kanskje blitt irettesett eller ignorert av kelneren? Sjansen er faktisk stor for at du har oppført deg langt betre enn vertskapet.

Det er mykje god lærdom i å studere andre sine tabbar. Dersom du gjer det stikk motsette når du skal invitere til middag og mat sjølv, er sjansen stor for at det går gjetord om deg i familie- og venneflokken.

Nyleg inviterte svigerfar til 70-årslag i Tivoli i København. Eg tok på meg booking av bord. Valet var lett. Brødrene Adam og James Price har sjarmert seg inn frå eit ganske anonymt liv på NRK2 til beste sendetid på hovudkanalen NRK1. Denne sommaren er dei ein snakkis blant matglade nordmenn takka vere TV-serien «Munter mat» («Spise med Price»).

Tre månader før vårt besøk opna dei sin andre bevertningsstad i den danske hovudstaden, i eit lyst, opent og stort lokale midt i Tivoli. Glashuset fekk meg til å tenke på det mest berømte Skagen-maleriet «Hip hip hurra! Kunstnerfest på Skagen» til den norskfødde, danske kunstnaren P.S. Krøyer, der fleire generasjoner er samla rundt eit innbydande matbord i det som ser ut som perfekt harmoni.

Brødrene Price var ikkje å sjå. Det var ikkje uventa. Men eg hadde venta eit møte med den intime, godslege og muntre stemninga dei formidlar gjennom sine matstunder i huset i hagen.

Vel, så blei vi sittande der mens minutta gjekk og venta på å bestille. Vi hadde til og med studert menyen lenge før vi trefte dansk jord, fulle av forventing. Då kelneren først kom, var det tydeleg at akkurat vår vertinne ikkje skjønte bæret av verken vestnorsk eller austlandsk. Og ho var utålmodig. Så utålmodig at ho feia med seg vinkartet, og forsvann. Då vi påpeika at det kanskje kunne vere ok med eit glas på ein så stor dag, blei ho snurt. Vi hadde då levert tilbake vinkartet…

Mens vår vertinne haldt seg ute av syne, susa det stadig forbi eit par andre unge, kvinnelege servitørar som haldt eit diskret oppsyn med bordet vårt. Då dei litt slappe krepsehalane (jomfruhalane) frå Jylland sto på bordet, ilte ei av desse til med ruskefat og spurte om alt var ok.

Hovudretten, piggvar med nypoteter, ein fantastisk nykål og rotgrønsaker med fløtesaus, haldt oss i godt humør lenge, sjølv om vi følte oss litt til bry.

Og det var kanskje det vi var? Hadde restauranten takka ja til ei bordbestilling dei strengt tatt ikkje kunne handtere? Vi blei i alle fall bedt om å flytte oss lenge før dessertkartet dukka opp. Om vi kunne tenke oss å ta dessert og kaffi i baren? På huset si rekning? Det var ikkje eit spørsmål, men ei konstatering. «Baren» var i realiteten den trange innfartsåra til restauranten, der vi blei vaglande i høgda på ni barkrakkar med to minibord, delvis båre inn i full fart frå nabolokalet. På bordet «vårt» brølte og plystra eit stort lag med godt påsegla danskar.

Sjølv om vi fekk ein ny kelner som forsøkte å redde kvelden – og den siste rest av ære på vegne av dei berømte brødrene, blei nedturen total.

Trøsta får vere at den brølande, plystrande gjengen som knabba bordet vårt måtte slite med vår opprinnelege kelner resten av kvelden…

Så kva kan vi vanleg dødelege som inviterer til ei matstund rundt bordet lære av mangelfull omsorg for dei som sit til bords og til slutt svir av mange tusenlappar på ein solid nedtur av eit restaurantbesøk?

I vinter diskuterte eg dette med meisterkokkane Svein Erik Renaa og Eivind Hellstrøm i førstnemnde sitt utmerka restauranthus i Stavanger. Alle tre var einige i at ein vert som ikkje er til stades og byr på seg sjølv, legg alt til rette for at sjølve matopplevingane også blir ein nedtur. Renaa starta kvelden med å rydde av bordene, småprate med gjestane, stå bak grytene sjølv og til slutt rydde igjen og deretter vere til stades ved bordene.

  • Måltida du aldri gløymer handlar om å dele gode historier, om det uventa positive – ei råvare gjesten ikkje hadde oppdaga, ein råvarekombinasjon som tar pusten frå gjesten eller ei uventa påskjønning.
  • Den perfekte vert skapar riktige forventningar – enten dei er høge eller låge, og set på menyen rettar han eller ho faktisk kan få til innanfor en tida ein har mens gjestane er hos ein. Litt venting er greitt så lenge du sørgjer for å ta vare på dei du har invitert.
  • Logistikk og planlegging er stikkordet. Dekk på bordet i god tid før servering. Lag deg ei arbeidsliste – og handleliste. Set alt som skal vere kaldt på kjøl. Tøm oppvaskmaskina og rydd og vask kjøkkenet. Alle råvarer og reiskapar set du fram på kjøkkenbenken i den rekkefølgja dei skal brukast. Alle kokker kjenner begrepet mise en place. Det betyr at alt skal ha sin plass under matlaginga. Kutt opp råvarene, legg dei i skåler eller begre i den rekkefølgja dei skal brukast. Finn fram krydder og alt anna du treng før du starter. Dekk til og sette eventuelt råvarene kaldt dersom du er tidleg ute å klargjere alt.
  • Lag aldri rettar du aldri har prøvd før. Har du bestemt deg for å sette tre rettar på menyen, gjer du lurt til å ha klar både forrett og dessert før gjestane kjem. Lar du hovudretten steike seg sjølv i omnen, har du fort tid til å mingle med gjestane.
  • Ikkje fisk etter kompliment, spør heller om alle har det dei treng! Då får du skryt om du er verdt det…

Om vi har eit råd til brødrene Price og andre som drøymer om å skape matopplevingar for alle? Ja, besøk din eigen restaurant forkledd som ein tilfeldig gjest! Alle kjende kokkar og matformidlarar som brukar namnet sitt som lokkemiddel for eit nytt konsept lever farleg. Det er avgrensa kor lenge du kan leve på eit stadig dårlegare rykte, og ingen marknadsførar kan gjere ein betre jobb enn stadig fornøgde kundar som fortel alle sine venner begeistra om det dei har opplevd!

Neste gang eg får lyst på «Munter mat», eller selskap av brødrene Price, skrur eg heller på fjernsynet. Der er dei framleis heilt uslåelege…

(Visited 514 times, 1 visits today)

4 thoughts on “Ganske krise hos brødrene Price

  1. Du er dyktig, Geir! Men jeg kommer nok likevel til å se gutta Price. Og kanskje til og med la ungene være oppe litt ekstra lenge og se på. Når det ikke er skole dagen derpå, da. Matglede er fint, uansett om restaurantene suger.

    • Takk for det, Kenneth! Du er mulig eg har ordlagt meg upresist, for brødrene Price på fjernsyn er framleis heilt uimotståelege. Matformidling slik eg liker det, ikkje nødvendigvis lagd av kokker, men av folk med stor kjærleik og respekt for mat, historiane rundt og maten si makt som kulturuttrykk. Guttungen min kjem og til å få sitte oppe litt lenge når det er «Munter mat» i sikte:) God sommar!

  2. Takk for info.
    Da vet jeg hvor jeg ikke skal gå ved neste K.besøk.
    Hva heter rest. til Renaa i Stav.? Større sjansjer for en tur dit uansett.

    • Sven Erik Renaa og co har tre konsept i same hus, alt frå take-away til ein finare restaurant. I første etasje ligg matbaren, som er eit litt meir uformelt konsept, men med mykje av den same maten som i restauranten. Prøv klippfiskbollane (boulinhos) om dei er på menyen. Fabelaktige. Dei ville du likt, Kenneth! Her finn du meir info: http://www.restaurantrenaa.no/. Han har og opna restaurant i Trondheim i 2012, om du skal dit.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *