Grilla makrell under sommarsol

Grilet makrell-grillet pir-sommerkål-nykål-nypoteter-sitron-2_1000Det vakraste eventyret om våren? For mange er det nok tida då makrellen svømmer inn i fjordane våre. Med litt flaks skjer det om lag samstundes som nypotetene kan plukkast og sommarkålen er på sitt beste. Då er det tid for å servere nygrilla makrell – med tilbehør.

Eit av dei beste minna eg har frå barndommen handlar om nettopp makrell tidleg på sommaren. Far min køyrde meg utover fjorden. I ei vik fann i eit nes med utsikt til eit kok av makrell i stim langs land. Eg plukka eter kvart fram ein sølvfarga skeisluk.

Gang på gang rykka det i stanga. Sprell levande makrell, eller pir som vi kallar den småvaksne varianten, ga god motstand. Bøtta blei raskt full.

Dessverre visste eg lite om grilling den gongen. I så fall hadde eg krydra heile små pir med salt og peppar, og grilla dei på rist i lag med nypoteter, sommarkål og sitron.

Denne retten fangar på mange måtar opp det beste ved å bu i dette landet vårt, der sommaren i blant kan opptre som ei abstrakt øving. Er vi heldige, kan vi stå i kortbukser framfor grillen med heilt ferske myggstikk og sola i ansiktet og raskt og enkelt trylle fram ein middag basert på råvarer som er aller, aller best akkurat før sommaren potensilt skal vere på sitt beste.

Du kan ete makrell andre deler av sesongen og, men den vesle og ikkje så feite piren om våren er heilt fantastisk. Og dersom du tar fram grillen, får du sprøtt skinn og den heilt umiskjennelege og krydrande røyksmaken som bonus. Einaste aberet er å sleppe å få dei små, mjuke beina frå makrellen i munnen. Men litt må vi kunne ofre for slike magiske matopplevingar.

Oppskrift på grilla makrell/pir

  • Fire (eller fleire) små makrell (om lag 300 gram)
  • 12-15 middels store nypoteter
  • Ein liten sommarkål
  • To sitron
  • Olivenolje
  • Salt og peppar
  • Rømme
  • Godt smør

Start med å fyre opp grillen. Når makrellen skal på grillen sver eg til min store kulegrill og brikettar eller kol. Lag til ei varm og ei kald sone. Det er også ein fordel om du har ei dobbeltsidig grillrist som kan lukkast.

Når grillen er varm, vaskar du nypotetene og koker dei møre i godt salta vatn. Ta dei av varmen og hell av vatnet før skinnet sprekker og dei er heilt møre. La dei ligge i kjelen med eit klede over mens du gjer i stand resten av middagen.

Fjern innmaten og reins makrellen fri for blod.

Skjær tre, fire snitt på tvers av makrellen – på begge sider. Dryss salt og pepper på innsida av fisken. Gni salt inn i snitta på utsida av makrellen. Pensle med olivenolje.

Del sitronane i to. Legg dei på grillrista rett på varmen med snittflata ned og grill til den får fin brunfarge. Legg sitronen til sides.

Del sommarkålen i båten som er om lag tre, fire centimeter på det tjukkaste. Pass på at båtane heng i hop i stilkfestet. Pensle sidene med olivenolje, og dryss på salt. Grill dei på direkte varme i tre, fire minutt, slik at dei får fin farge på begge sidene, og legg dei på indirekte varme på grillen.

Legg fisken på den doble grillrista – og lukke den. Grill makrellen i tre, fire minutt på kvar side på direkte varme. Legg dei lune på potetene på indirekte varme mens du griller fisken.

Server makrellen med nypoteter, rømme, smør og ein skvis nygrilla sitron!

(Visited 151 times, 1 visits today)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *