Griseherlig sommar som amatørbonde

Sommeroppdrett av edelgriser_1000Stadig fleire norske småbruk blir lagt ned. Men det betyr ikkje at dei små jordlappane ikkje kan brukast til litt sommaravl av dine heilt eigne griser. For å realisere tanken, er det smart å gå i lag med andre med same interesse. La grisane springe (nesten) fritt, det er vår…

– Tenkjer du mat når du ser dyra springe rundt her? Det gjer eg, slår Svein Erik fast. Han og kona Ellen er den direkte orsaka til at eg og seks andre familiar plutseleg blei grisebønder nesten over natta. Dei 30 kilo tunge skapningane framfor oss – av Gilde kalla «edelgris» – skal vakse seg tre gonger så store fram mot hausten.

Då skal dei slaktast, helst på småbruket til Svein Erik og Ellen, på eit mobil slakteri med veterinær med på lasset. Vi har store planar om heimelagd spekeskinke, eigne spekepølser lagd på gamlemåten, tørrsalta og lettrøykt bacon, spareribs surra på grillen, surra indrefilet og mykje anna snadder.

Ellen har studert avl av slike firbeinte dyr på si det siste året. Vi andre har lest oss opp på val av rase, fôring, inngjerding med straumgjerde, bygging av eit skuggefullt skjul, behov for ein liten dam og god tilgang på eit eigna lite jorde til å rote rundt i. Vi har lagt bak oss kollektive diskusjonar om korleis vi skal ordne det daglege stellet, dei økonomiske aspekta og praktiske saker. Fôrsekkar er kjøpt inn på Felleskjøpet.

Den største dugnaden var å bygge eit solid skjul. Opninga bør leggast i le. Om vi hadde satsa på heileårsgris, hadde krava til isolering og andre fasilitetar vore strengare. Men store mengder halm treng dyra. Sagflis og torv kan og leggast på bakken i skjulet.

Du blir ikkje amatør grisebonde berre for pengane si skuld. For min eigen del har eg lyst å følgje dyra frå dei er små til store, frå levande vesen til slakt – slik far min og familien min gjorde på Vestlandet i si tid. Dei hadde ikkje anna val, vi gjer det fordi vi har tapt kunnskap om heilt livsnaudsynt kunnskap om matstell som den førre generasjon min kunne mykje om. Skal eg kunne forsvare at eg

Valet fall på edelgris frå Gilde. I siste liten dukka det opp ein sjanse til å kjøpe inn fire små grisungar av same slag som den landskjende økobonden Grøstad gris leverer. Men det blei fleirfarga, spenstige små vesen frå bøndene sitt eige kooperativ.

Det var aldri eit alternativ å ale opp ein einsleg gris. Svina er flokkdyr, og treng selskap. Vi enda opp med fire smågrisar, som gledar både kvarandre og oss som skal ale dei opp – ikkje minst dei yngste i dei involverte familiane. Men dei minste er førebudd på at grisane ikkje lenger  blant oss til hausten.

– Det er ok, så lenge de vaksne ikkje fortel oss at det er smågrisane vi et når dei er slakta, seier niåringen fornuftig.

I førebuingane var det stor hjelp å finne på nettsida Agropub – der lett tilgjengelege artiklar om økologisk grisehald frå Bioforsk Økologisk ligg.

Å la grisane gå ute – ein heil sommar, eller året rundt – er kanskje den driftsforma som tar best vare på dyra sitt behov for naturleg atferd – og målsettinga om eit tilnærma økologisk husdyrhald.

Normalt held utegåande grisar seg friske. Men du må vere førebudd på at dyrlegen må på besøk, og det kostar flesk. Men samstundes er dyrlegen ein god alliert. Han eller ho veit normalt kva slags grisar du bør velje, og kanskje til og med kvar du kan kjøpe dei. Og ikkje minst må du kontakt dyrlegen for å få han eller henne til å vaksinere grisane for rausjuke (rødsyke) – ein smittsam sjukdom som i første rekke angriper griser mellom tre og 12 månader. Vaksineringa bør helst skje før grisane blir slept laus på beite.

Ein stor fordel med sommarbeitande utegris er at du ikkje treng fjøs eller store investeringar i bygg og anlegg. Grisen er faktisk med på å kjempe ned ugras og vender rundt på jorda, samstundes som den tilfører naturleg gjødsel.

Dersom du skulle gå med planar om heilårs frittgåande gris, som vi ikkje kjem til å stase på, må du skifte arealet regelmessig. I første rekke er dette for å hindre parasittar, men også for å spreie gjødsla og unngå jordpakking. Men det held altså å skifte beite ein gang i året. Så om du prøver deg på sommargris fleire gonger, er det nok å bytte beiteområde kvart år. Det gamle arealet bør såast etter at grisane er slakta.

Men om du ikkje treng fjøs, treng du tilgang på fersk, rennande vatn. På vårt sommarbeite har vi lagt inn vatn, og fyller jamleg ei grop i nedst på jordet med vatn. Her kan grisane velte seg rundt i gjørma – og det gjer dei! Gjørma fungerer mellom anna som ein slags solkrem. For den som satsar på sommargris, vil helst sleppe å smøre inn grisane med ekte solfaktor…

Grisane treng sjølvsagt tilsyn. Vi slepp billig unna fordi vertskapet bur på det nedlagde småbruket der sommargrisen held til. Men vi har fordelt sommarferievekene mellom oss, slik at dyra får det tilsynet dei skal ha. Med sju «adoptivfamiliar» bør ettersynet bli det aller beste.

Kva vi skal gjere med den siste halve grisen? Den blir delt mellom oss – og gjort til midtpunkt når vi planlegg ein skikkeleg grisefest på småbruket til hausten. Vi er fleire som drøymer om ribbesider fylt med salvie, rulla  hop og grilla på indirekte varme i nokre timar.

– For det er trass alt for å lære meir om grisehald og matstell vi gjer dette, understrekar Svein Erik

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.