Hemnen er neslesuppe

Dei fleste av oss som sorglaus har vandra gjennom våren og sommaren lettkledd og sokkelaus, har brent seg på den tilsynelatande uskuldige brennesla. Smerta er intens. Men hemnen er både søt og ikkje minst uhyre velsmakande og sunn dersom du koker suppe på rakkaren.

Det er vanskeleg å få auge på nytta av ein vekst som så til dei grader seier frå at den er i nærleiken av menneskekroppen. Orsaka er dei små, stikkande håra som inneheld histamin, maursyre og serotonin. Då hjelper det lite av sjølve bladet er hjarteforma. Det er lite kjærleik å få ut av neslene før dei er kokt.

Men visste du at brenneslene er rike på næringsstoff og vitaminer, deriblant kalsium, kalium, jern og silisium, samt A-, B2-, C- og K1-vitamin? Eller at lista med helseplager og sjukdommar den kan hjelpe mot er fabelaktig lang, og deriblant omfattar diaré, dysenteri og magesår?

Brennesla kan og brukast som organisk plantevern eller gjødsel. Men vi er mange som syns at neslesuppe er det beste alternativet…

Brenneslene gror opp frå våren, og er å finne heilt fram til tidleg haust. Men neslesuppa smakar nok aller best tidleg i sesongen.

Neslesuppe (nok til minst fire personar)

  • Om lag 2 liter brennesle
  • 2 store poteter
  • 150 gram sellerirot eller persillerot
  • 1 stor løk
  • 2 ss smør eller rapsolje
  • 1 ss grasløk
  • 1,25 liter grønsak- eller kyllingkraft/buljong
  • 1-2 dl fløyte
  • Salt og peppar
  • 2-3 skiver daggammal loff
  • Ein liten klunk raps- eller olivenolje

Finn fram eit par reine hanskar, og plukk oppi om lag to liter blad frå brennesle i eit fat. Dei unge, mindre skota er best. Unngå å få med stenglar og ikkje minst røter.

Hell over kaldt vatn over brenneslene, rør godt rundt og vent eit par minutt, slik at skit og jord fell til botnen.

Fjern skalet på lauken, potetene og sellerien, og hakk dei opp i små terningar/bitar. Fres grønsakene i smør i ein romsleg suppekjele, til lauken er blank og nesten gjennomsiktig – men ikkje la den svi seg.

Ha i brenneslene og hell over varm kyllingkraft (eller kyllingsbuljong). La suppa koke til grønsakene er skikkeleg møre, helst eit kvarter eller meir

I mellomtida skjer du vekk skorpa på loffen, og deler den i terningar på om lag 2-3 centimeter. Varm raps- eller olivenoljen i ei middels varm steikepanne, og rist brødbitane til dei er gylne på farge. Det tar eit par minutt. Legg dei over på eit kjøkkenpapir.

Når grønsakene er møre, har du i fløyta. No kan du enten helle halvparten av suppa i gangen i ei kjøkkenmaskin, eller bruka stavmiksaren og mose godt. Smak til med salt og peppar.

Server suppa med brødkrutongar, gjerne med litt god olje og finhakka grasløk på toppen.

(Visited 46 times, 1 visits today)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *