Hjertelindring med hjerteskjell

Hjerteskjell med hvitvinssaus_600Enkelte rettar er så enkle, likevel så himmelske, at dei må delast med nokon du er glad i. Namnet hjerteskjell innbyr til romantikk, men smaken av kvitvinsdampa hjerteskjell kan vel så gjerne løyse opp i praten mellom gode, gamle venner. Ta høgde for mykje lysteleg stønning undervegs…

Trass i at hjerteskjella (Cerastoderma edule) finns i alle verdsdelar, inkludert på strendene langs Norskekysten, og opptrer i om lag hundre ulike slag, er dei dessverre langt sjeldnare å sjå i fiskedisken enn storebror blåskjell.

Hjertskjell med venner_600Og dersom du finn dei, er kiloprisen stiv (gjerne mellom 150 og 200 år 2013-kroner). Sjølv med denne prisen er du sikra eit lite herremåltid for fire med godt brød til om du dampar dei i kvitvin, drysser over finhakka flatpersille og serverer dei med fersk, godt brød til. Gjerne og med nokre skiver av ein vellagra spansk Manchego-ost til. Det var ei openbaring sist Far min sitt kjøkken hadde hjerteskjella på menyen då fire gode, gamle vener møttest igjen etter alt for lang tid.

Hjerteskjella smakar intenst av hav, men har og smaksnyansar i fleire retningar – og med ulike (tørr) kvitvinar til, endrar heile smaksbiletet seg.

Hjerteskjella finn du få centimeter under overflata på svært mange sandstrender her til lands. Sjå etter små hol i sanda på strendene. Hjerteskjella strekker nemleg eit pusterør opp i overflata, men det sjølv ligg greve ned og godt skjult rett under. Dersom du grev opp ei skjel, og legg det ned igjen i sanda, vil det raskt grave seg ned igjen.

Sandmannen.no tipsar oss om å sage vekk nokre av tennene på ei jernrive, slik at du berre har igjen tre fire tenner i midten på riva. Ta med dei ei bøtte, og gjerne gravevillige ungar er eventyrlystne eller som har lyst å tene ein slant, og dra på hjerteskjell-jakt! Eksakt kor skjella er å finne er vanskeleg å seie, men Skjellmannen meiner dei er sjeldnare å sjå på strender med laus, fin sand og/eller det (u)været herjar ofte.

Etter fangsten må skjelle reinsast. I Spania lære Far min sitt kjøkken å la skjella gå seg reine for sand ved å filtrere dei i reint sjøvatn (eller kaldt, rennande ferskvatn) nokre timar.

Sjølv om fangsten tar litt tid, er alt som skjer på kjøkkenet hurtigmat(laging). Skjella skal berre dampe nokre få straksar, og nytinga og hjertelindringa er aldri langt unna. Og legg du turen innom Spania med den du er mest glad i eller gode venner, så sjå etter «berberechos» på menyen.

Hjerteskjell med kvitvinssaus/kraft

  • 1 kilo hjerteskjell
  • 1,5 dl (tørr) kvitvin
  • Minst tre store skeier olivenolje, ekstra virgin
  • Ein båt kvitløk
  • Ein stor neve finhakka bladpersille
  • Litt nymalt peppar

Dersom du kjøper hjerteskjell i plastnett frå fiskehandlaren eller ferskvaredisken, er dei ferdig reingjorde. Plukkar du dei sjøkve, må dei gå seg reine/skyljast i reint vatn.

Hvitvinsdampede hjerteskjell i gryta_600Fjern skallet og finhakk kvitløk og løk. Fres dei i ei romsleg kasserolle i nokre minutt på middels varme, til løken er blank. Ha i skjella, hell over kvitvinen og skru opp varmen. Skjella skal berre kokande til dei opnar seg, det tar ikkje meir enn to, tre minutt. Rist godt på kasserollen undervegs.

Dersom du har ein kasserolle med glasslokk, er det smart å bruke det, for då ser du når skjella opnar seg.

Ha over finhakka (blad)persille og server straks med godt, fint brød til.

Du kan og kombinere oppskrifta over med pasta. Finnhakk gjerne ein eller to peperoncino-chili og surr den i lag med løk og kvitløk. Plukk vekk om lag halvparten av sjølve skjellene når dei er dampa ferdig. Innmaten skal sjølvsagt vere igjen i gryta. Kok opp tynne spagetti, hell av kokevatnet, drisle over litt riktig god (extra virgen) olivenolje og vend pastaen inn i sausen og skjella. Server med godt brød til.

(Visited 223 times, 1 visits today)

One thought on “Hjertelindring med hjerteskjell

  1. Pingback: Pasta marinara – sjømatspagetti med sommkjensle - Far min sitt kjøkkenFar min sitt kjøkken

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *