Hjortejakt på Svanøy

Geir Hopen Nødset og spissbukk på Svanøy_1000Ei brennande interesse for mat, mattradisjonar og gode råvarer kan fort utløyse både lyst til å drive med eigne dyr og/eller komme seg på jakt. Tilbodet om å komme seg på introduksjonsjakt har faktisk aldri vore betre. Bli med Far min sitt kjøkken jakt etter hjorten på vakre Svanøy.

Jakt har aldri vore ein del av familietradisjonen vår, om ein ser vekk frå då bestefar skaut av seg fleire fingrar under sjøfugljakt for mange år sidan. Men allereie i oppveksten min i industribygda Svelgen i Sunnfjord, Sogn og Fjordane dyrka eg friluftsliv og fiske, og drøymde om jakt. Slik blei det aldri.

Med åra har arbeidet med bloggen du nå er inne på gjort det stadig meir aktuelt å skyte sitt eige vilt. Vi har våre eigne høner utanfor Far min sitt kjøkken, og har også sysla med sommargris mange år på rad. Spørsmål om korleis dyra har hatt det før dei blei til mat er heilt sentrale.

Tilbakemeldingane frå mange av dei faste følgjarane handlar ofte om handtering og brukt av viltkjøtt. Sjølv om far min og eg alltid har hatt hjortekjøtt i kosthaldet, er det noko anna å kjenne heile prosessen frå du planlegg jakt til å stå med eit nyfelt vilt mellom hendene.

Tilbod frå havgapet

Ein e-post til Johan Trygve Solheim, mannen bak Norsk Hjortesenter på Svanøy utanfor Florø i Sogn og Fjordane skulle gjere draumen om hjortejakt levande. Og for ei helg det blei i haustsola og austavinden.

Saman med andre blodferske jegarar blei vi introdusert for både drivjakt, posteringsjakt og smygjakt i løpet av to intense døgn. Men like viktig er det å hauste av erfaringane og filosofien til lidenskapelege menn og kvinner som Solheim, som brenn for å lære vekk respekt for naturen, ønskjer å bygge opp bærekraftige stammer med hjort og vil dele forsking, kunnskap og metodar med omverda.

– Jakt her i nordlege delar av Europa har tradisjonelt handla om matauk. I Sør-Europa er ein svært opptatt av å sanke trofé. Vi ser litt av den same tendensen her heime, men framleis er matauk med respekt for naturen det viktigaste, fortel Solheim.

Han ønskjer å utstyre alle som besøkjer Norsk hjortesenter eit lite snev av gode haldningar.

–  Jakt er ein viktig del av vår felles kulturarv og vårt vesle bidrag med å la fleire ta del i den nordiske jaktkulturen, tilpassa vår eigen tid og dagens kunnskapsnivå, er viktig for alle som er opptatt av å hauste eigen mat frå naturen og på naturens premisser. Dette handlar også om å sikre jakta sitt rykte i eit stadig meir urbanisert samfunn, konstaterer Solheim.

På Norsk Hjortesenter på Svanøy ei lita båtreise frå Florø i Sogn og Fjordane lever «tamme» hjort innanfor eit 500 dekar stort, inngjerda område med ideelle forhold for hjorten. Kupert natur, lauvskog og boltreplass.

Utanfor Hjortesenteret finns det ein vill stamme på 120-130 dyr. Dei beveger seg fritt på den drygt 10 kvadratkilometer store øya. Men hjorten legg gjerne ut på symjetyr til og frå fastlandet. Er du på jakt etter hjorten på Svanøy, må du vere like listig som på anna hjortejakt. Det viser to intense døgn med drivjakt (med to hundar) og posteringsjakt i eit av dei om lag 20 jakttårna på øya. Vi er så heldige at vi får prøve oss på nokre av dei 25 dyra Hjortesenteret har fellingsløyve på.

Opp i otta

Guiden min, Magnus, og eg sniker oss opp i morgonmørkret frå baksida av kollen der jakttårnet står på siste dag av jakta. Fire rundar med jakt har ikkje gjeve meg anna resultat enn å sjå ein av guidane felle ein liten bukk i grålysinga eit døgn før.

Vi er ikkje heilt lydlause, dei tørre tuene med gras gnissar mot skoa. Eg held på å ramle her og der, ettersom eg ikkje ser noko framfor meg. Men vinden bles skrått inn frå sida, slik at dyr som måtte stå på den langstrakte bøen ikkje skal høyre oss.

I nesten tussmørke klatrar vi opp i tårnet, og forsøker å venne oss til det vesle lyset den grå vestlandshimmelen byr på. Kvelden før satt vi på same stad og tok terrenget i augesyn, for å vite kva som kunne vente oss dagen etter.

Eit par, tre steinkast til venstre for oss ligg Svanøe Hovedgård, ein historisk storgard som på eit tidspunkt låg rett under danskekongen. Hit kom tipp-tipp-oldefaren min, Ole Syversen, på starten av 1800-talet. Han var i følgje med haugianarane frå Ål i Hallingdal som kjøpe hovudgarden med hjelp frå den religiøse rørslas far, Hans Nielsen Hauge.

Ole vende ryggen til fattiglivet i innlandet i bytte mot eit like hardt nøysamt liv ved kysten. Her dreiv dei saltverk, svovlekisgruve, båtbyggjeri, fiska, dreiv jorda og jakta sikkert hjorten som har vore langs vestlandskysten i mange tusen år. Det er likevel først i vår tid at hjortebestandane har blitt så talrike som no, og med stor tettheit langs heile vestlandskysten.

Litt etter litt, mens austavinden gaular over jordet i skarpe drag, anar vi ein silhuett i hellinga tvers over for oss – om lag 200 meter unna. Og der er dei jammen ein til.

– Kolle med kalv, kviskrar Magnus.

Minutta tikkar seg sakte av garde. Kanskje er dette sjansen min?

Ut av natta

Lyset sig sakte inn. Uhorveleg sakte. «Poff»! Plutseleg forsvinn dei to dyra, slik anden i flaska etter tre oppfylte ønskje. Kor blei dei av? Kan dei ha lagt seg ned? Eg studerer ein svart flekk gjennom den vesle lyset som kikkerten slepp inn. Kan det vere? Nei, det er ein stein.

Lufta går litt ut av meg. Men Magnus er roleg. Vi blir sittande. Eg er skuffa. Heilt sikker på at den eine sjansen forsvann.

Minutta går, lyset begynner å bli så godt at eg kunne ha skote om byttet hadde fantes der ute. Plutseleg får eig ein forsiktig dult i skuldra.

– ­Eg trur det er to dyr der borte i enden av jordet. Eg trur det må vere ei ny kolle med kalv. Du kan ta kalven!

Magnus peikar forsiktig om lag 300 meter unna. Alt for langt hald, i alle fall for ein førstereisgut.

– ­Med litt flaks kjem dei denne vegen. Gjer deg klar!

Fram med rifla, ferdig ladd – med sikringa på. Dyra vandrar relativt roleg bortover bøen med sida vendt mot oss. Tankane rasar gjennom hovudet. Viss, om, men, att. Eg tenker eg må ta meg saman. Skyve vekk alt anna. «Sikte og skyte», «sikte og skyte – midt i hjarte-/lungeregionen».

No! Eg drar i avtrekket, smellet gjallar over bøen. Dyret bykser fram om lag ti meter. Kva skjer? Bomma eg? Skitt… Eg kjenner meg ekstremt uvel over tanken på å ha skadeskote eit dyr, og lidingane eg måtte ha påført det. Skal eg skyte igjen?

«Du trefte kanskje litt langt bak», seier Magnus halvhøgt. Eg lukkar auga, og opnar dei igjen. Då strekker Magnus fram handa.

– Gratulerer!

I nokre tidels sekund veltar alle kjenslene fram i meg. Hjartet bankar ekstremt raskt. Så får eg den berømte skjelven som andre venner fortalt om etter at dei skaut sin første hjort. Aller mest glad er eg for å ha lukkast med det eg berre har kjent frå teorien under og etter eg tok «Jegerprøven». Hjorten ligg heilt i ro på bakken knappe 100 meter frå oss.

I det vi klyv ned frå tårnet, og skrittar opp mot dyret, bykser kolla over jordet der den kom frå.

Framfor oss ligg ein ung hjort, fødd halvanna år før.

– Det er ein flott spissbukk, stor av vekst, akkurat ein slik vi skulle felle for å kunne drive fram ein berekraftig stamme her på øya, seier Magnus fornøgd.

Slakting på sikkert vis

Nokre minutt seinare køyrer Johan Trygve inn på bøen med traktoren. Takka vere Norsk Hjortesenter sine slakterifasilitetar kan vi få bukken i hus, tømme vomma og starte slakting innan dei korte tidsrammene ein må rette seg etter om ein ikkje vil oppleve at kjøttet blir skjemt eller øydelagt.

Eg er framleis skjelven, oppglødd og langt meir audmjuk enn eg hadde venta når vi ferske jegerar får ein introduksjon til korleis hjorten skal handterast for å sikre eit godt resultat. Johan Trygve doserer og bruker kniven med sikker hand, mens han forklarar korleis dyret skal vommas og klargjerast til modning. 40 døgngrader er det som skal til – altså henging av flådd og reingjort slakt i eksempelvis ti døgn i fire grader etc.

Med ein hjort på samvitet, er det berre å innsjå at lærekurva framleis er bratt. Men heldigvis arrangerer Norsk hjortesenter både slaktekurs og andre matkurs – hovudsakleg på Vestlandet – for den som vil lære av dei beste

Rikt tilbod for nybegynnaren

Har du jegerprøva, og er sugen på å komme deg på jakt for første gong? Dei ulike fylkeslaga til Norges jeger- og fiskerforbund (NJFF) har tilbod om opplæringsjakt på alt frå duer til rådyr, hare til hjort. Kvinner har ofte eit ekstra godt tilbod.

Fersk eller meir erfaren, men utan gode kontaktar blant nordmenn med jaktrettar? Du bør og sjekke muligheitene rundt om i landet for jaktterreng via den flotte portalen inatur.no, som er eigd av Statskog SF, Norges fjellstyresamband, Norges jeger og fiskerforbund, Norges Skogeierforbund og Norske Lakseelver.

Følg også med når Norsk Hjortesenter tilbyr heilt gratis opplæringsjakt på hjort for fire ungdommar kvar haust. Tildelinga skjer ved loddtrekning. Betre tilbod er det vanskeleg å finne!

8 thoughts on “Hjortejakt på Svanøy

  1. God timing, kom nett att til Bergen etter å ha henta ein hjort i Gulen i kveld. Tenkte å la den henge til fredag, då er det ei veke sidan den blei skoten. Men kanskje du kan dele litt av planane dine for hjorten? Det blir gjerne litt seint å sjå dei gode ideane og oppskriftene dine etter at eg har prikkevert skrotten etter gammal vane 🙂

  2. Takk for det! Hjarta gjekk eg nok glipp av – men skal huske på det. I fjor lagde eg spekepølser etter denne metoden: http://farminsittkjokken.com/spekepolse-etter-gammal-metode/ og det gjekk bra. Einaste, eg valde å bruke 50 g. salt per kilo for å halde meg i øvre grensa der første gongen eg prøvde – det blei litt vel salt tykte eg. Og modning i vakuumpakke i svalskapet var storveges. Hjorteburgeren vil eg gjerne prøve 🙂 Men, eg har frose nokre halvstore, fine stykker frå eit lår. Har du nokre tips til korleis eg kan lage desse som steik på ein god måte, slik at kjøtet vert bra og ikkje for tørt? Har litt blanda erfaring med å lage hjortesteik egentlig. Og så kan det vel hende vi vil prøve å lage roastbeef av eit stykke.

    • Hei, Kjartan! Ja, denne øvre saltmengda er høg og det eg lærte på kurs. Med tida har eg som sagt til andre prøvd med på mindre mengder salt. Det blir alltid ein balanse som handlar om at bakteriar ikkje skal få fotfeste i og utanpå pølsene. Når det gjeld å få hjortesteika før, så trur eg at eg ville brukt ei god, gamaldags leirgryte med lokk (type rømertopf). Dei finns i ulike storleiker. Eg har skaffa meg den største, som rommer ei stor steik. Legg litt grønsaker i botnen av gryta. Svi av steika litt i steikepanna med litt smør, ha på salt og peppar. Ha steika over grønsakene, kok ut panna med vatn eller vin, hell over steika. Stikk inn måle-delen på eit steiketermometer (fest huset på termometeret på utsida av omnen). Ha på lokket. La den stå i steikeomnen på 140-150 grader til steika har nådd riktig kjernetemperatur. Kva den er må du avgjere:) Etterpå kan du sile av krafta og lage deg ein god saus mens steika kviler. NB: Husk å legge leirgryta i kaldt vatn ein halv time før bruk. Lukke til!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.