Høns i eige hønsehus

Jærhøne framfor hønsehuset_1000Høner er kjenslevare dyr. Men installerer du dei i eit eigna hønsehus, med fin luftegard, kan du glede deg over heimeproduserte egg året rundt. Dessutan får du gratis plenstuss og gjødsel om du lar dei gå fritt i hagen i blant.

Om du berre har sommarhøns mens temperaturen er på det høgste, kan dei klare seg bra med enkle forhold. Mange kjøper enkle, ferdiglagde hønsehus, andre installerer dei i eit uthus, eit rom i ein driftsbygning eller tar i bruk ein del av garasjen.

Utanfor Far min sitt kjøkken var det godt med plass i ein skrått hellande del av hagen som er lett å komme til både sommar og vinter. Far min tok turen frå Vestlandet til Vestfold for å hjelpe til med å sette opp eit isolert hus på godt og vel lag 3 kvadratmeter innvendig første året då kyllingane blei til små høns. Det er godt innanfor krava til økologisk hønsehald på maks fem høner per kvadratmeter innomhus.

Hønsegarden er på godt over ti kvadratmeter, økologisk hønsehald sett krav om 5 kvadratmeter utandørs. Men til gjengjeld får hønene ofte gå fritt i hagen under oppsyn.

I følgje Norsk rasefjørfeforbund er dei fire viktigaste elementa i ei høne sitt liv å leite etter mat, stelle og pusse fjørdrakta, verpe og sove. Derfor bør hønsehus og hønsegard vere tilpassa desse behova.

Matstasjonar, verpekasser og ventilasjon

Som regel har du avgrensa plass til å plassere rugekasser, vagl, drikke- og matstasjon og andre nødvendige deler av innreiinga. Derfor er det lurt å planlegge dette godt. Glatte flater og lister som er lette å reingjere er smart. Eg har plassert rimeleg, men glatt golvbelegg på golvet og på toppen av verpekassene.

Vi har lagd tre verpekasse som er om lag 40 x 40 centimeter og har eit stort hol å komme seg inn i. Verpekassene er til ei kvar tid fylt med godt med halm/høy.

Hønene treng vagl, vi har brukt stokk som er om lag fire centimeter tjukk, men du kan og gå til skogs og finne tilsvarande tjukke tre/greiner som er ru og lette å halde fast i. Hønene kan godt ha om lag 30 centimeter vagleplass kvar, sjølv om dei bruker langt mindre plass når dei trekker i hop for å halde varmen vinterstid.

Det er freistande å plassere matstasjonar utandørs, men då får du fort besøk av rotter og andre uønskte gjester. På Far min sitt kjøkken heng drikkeautomaten rett innafor døra, slik at den er lett å fylle på og ikkje minst reingjere. Hønene klarer på forunderleg vis stadig å få ein bæsj oppi drikkekaret…

Frå midten av taket har eg hengt ein matstasjon som heng slik at den er lett å fylle frå døra, og heller ikkje er nær staden der avføringa hamner på bakken.

Oppå golvbelegget ligg det eit solid lag med sagflis (anna namn) som er lett å skyfle ut når det blir mykje avføring på golvet. Om du har sjans å reingjere ein gang i veka, er det fint. Det er også vanleg å bruke sand og halm på hønsehusgolvet.

Ventilasjon og varme

Hønsehuset vårt har både utvendig og innvendig kledning, den siste er malt med glatt maling som gjer den lett å vaske av. I mellom desse laga er det plassert plastduk og 10 centimeter tjukk isolasjon. Hønsehuset skal vere tørt og ikkje trekke for mykje. Det skal beskytte mot ekstrem kulde og varme. Derfor må det vere godt ventilert.

I eine enden av har vi plassert ei ventilasjonsluke som står open heile året og drar ut mykje av lukta frå avføring og hønseliv. Men det er og mulig å ha ei avtrekksvifte i tillegg, dersom du vil ha endå betre lufting.

Det er ein klar fordel med eit vindauge som kan opnast. Lys som siv inn fortel hønene kva del av døgnet det er. Men ikkje plasser vindauget mot sør, då blir det kokande varmt om sommaren.

Vinterstid har vi hjelp av ei klassisk lampe for kylling/høns med rød pære, i tillegg til ein såkalla frostvakt-omn, til å halde lunk i hønsehuset.

Aktivitet i hønsehuset

Hønserasane er veldig ulike, nokre er rolige, andre er meir aktive. Nokre dyr kan lett bli hakka på, og slik asosial oppførsel kan vere «smittsam».

Vår erfaring er at det er spesielt viktig at hønene (og hanen) – som konstant er på matjakt – kan få utfordringar innom hus. Dette er spesielt viktig vinterstid, når fjørkrea kanskje ikkje vil ut. Derfor har vi festa eit tau med ein krok som vi fester kålhovud og liknande i, slik at høna kan hakke på denne i staden for kvarandre.

På veggen heng det ei lita korg der vi dytter nedi halm eller tørka brennesle, som er super mat og «tidtrøyte».

Det er også mange som lagar til eit sandbad for hønene innomhus. Du kan ordne dette ved å plassere ei kasse med sand under verpekassene. Norsk rasefjørfeforbund meiner sandbad innomhus ikkje er strengt tatt nødvendig, fordi hønene ofte roter så fælt. Men for fordøyinga si skuld er det svært viktige at hønene har tilgang på sand, skjelsand og/eller grus for å kunne førdøye maten.

Skjelsand får du kjøpt, melom anna på Felleskjøpet, som også har for, sagflis og det meste anna. Treng du utstyr til hønsehuset, er det lurt å sjekke kva vår dyktige kyllingleverandør Dagfinn Johansen har på nettsidene sine.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.