Hurtig-is frå bærhimmelen

Hurtig-iskrem med bringebær_600Av og til står sola så høgt – og varmen er så intens – at sjølve ein ihuga matfrik ikkje orker tanken på kjøkkenteneste. Då er lettvint-isen redninga, spesielt når bærhausten så smått er i gang.

Det er få ting som er betre i varmen enn bærhaust eller fruktsesong foredla om til smeltande smaksbomber. Gjennom tusenvis av år har ulike sivilisasjonar – spesielt i varmare strøk – dyrka fram ulike smaksvariasjonar, frå den enkle sorbeten til fløytebaserte smaksvariantar nesten utan grenser for kombinasjonar.

I gamlebyen i den franske kystbyen Nice er ein av dei største attraksjonane iskrempusharen Glacier Fenocchio, som trekker til seg lange køar svette turistar. Her får du over 60 variantar, deriblant kaktus-is, mojito-is, lavendel-is.

Barndommen min på Vestlandet var langt mindre eksotisk. Butikkane var mindre velfylte, stengte tidligare og vi hadde heller ikkje hyllene fulle av varer frå alle verdshjørne. Men vi hadde ei kjøkkenmaskin med blender. Og dei gongane sola sto høgt på himmelen, taut den fram med bringebær frå buskene i hagen og blåbær i lyngen på hytta. Sukker var aldri mangelvare.

Lukka var stor for den som utforska matauka i all si enkle form, og oppdaga at frosne og bær, smakssett med sukker, kjapt blei til iskrem i blendaren.

Oppskrift på hurtig-is/lettvint-is

  • 400 gram frosne bær, for eksempel bringebær, jordbær, blåbær, multer, tyttebær eller de bæra du liker best
  • 1 dl sukker (eller heimelagd vaniljesukker)
  • 1/3 liter kremfløyte
  • Eventuelt nokre fersk bær til pynt

Det aller beste er å bruke kjøkkenmaskin med roterande knivblad. Men du kan også bruke blendaren.

Ta opp bæra frå frysaren, og ha dei rett i kjøkkenmaskina, i lag med sukker og kald kremfløyte.

Køyr maskina til bærene er skikkeleg mosa, og hurtig-isen er glatt.

Frys ned isen dersom den er for mjuk. Hent den opp av fryseboksen ei lita stund før du serverer isen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.