Jordskokk-suppe med skaldyr

Jordskokken er liten, fleksibel og potent. Ideell til suppe eller baking i omn. Denne jordskokksuppa kan du variere i nesten det uendelege – gjerne med hummar eller kamskjel.

Trass i dei to meter høge, solsikkeliknande plantane, har
jordskokken fått leve eit anonymt liv her til lands, heilt sidan 1639. Då kom nemleg  denne knollen – med den nøtteaktige smaken – til landet. Den blei kjapt utkonkurrert av poteta. Danskane kallar den fattigmanns trøffel, takka vere den nøtteaktige smaken.

Men nyare forsking viser at den er svært god næring for far  min og andre diabetikarar, og den gjev god avling. For den litt late hobbygartnar  er den perfekt, ettersom den er fleirårig – og dukkar opp år etter år.

I svært mange oppskrifter på jordskokksuppe på nett og i  kokebøker er mengdene jordskokk som blir brukt veldig store. Med tanke på den  potente smaken til denne knollen, nøyer eg meg med 100 gram per liter væske. Elles blir suppa for mektig.

Denne oppskrifta bør være nok til seks personar som forrett,  eller fire som hovudrett:

  • 100 gram jordskokk
  • 5 desiliter kyllingkraft (gjerne god fond på boks frå Jacobs, eller tilsvarande mengde kraft frå vanleg buljongterning)
  • 2 ½ desiliter H-mjølk
  • 2 ½ desiliter kremfløyte
  • Salt og peppar
  • Ein skvett veldig god rapsolje (eller olivenolje)
  • 1-2 spiseskeier passende urter, for eksempel grasløk
  • 12 små/middels kamskjel (eller seks store med ”hale) dersom suppa er til seks personar
  • 2 ss matolje (solsikke/raps)
  • 2 ss godt smør (for eksempel Kvitseidsmør frå Tine)

Skjær vekk skallet av jordskokken, og småkok den i kremfløyte, kyllingkraft og mjølk i ein kasserolle til den er mør.

Køyr suppa glatt (fri for klumpar) i kjøkkenmaskin eller med stavmiksar. Sil gjennom dørslag, hell tilbake i kasserolla. Kok  opp. Smak til med salt og peppar.

Rett før servering:

Steik kamskjellene i matolje i steikepanna på middels sterk varme på den eine sida i to minutt – til dei får ei gyllenbrun steikeskorpe. Snu kamskjella, ha i smør, vend kamskjellene rundt slik at smøret får sett god, nøtteaktig smak på alle skjella. Legg deretter skjella over på ein tallerken for å kvile litt før du serverer suppa.

Nå har du to val:

1. Bruk stavmiksaren til suppa blir fyldig (av luft) og får litt skum på toppen. Fordel
suppa i djupe, vide tallerkenar. Ikkje ha i for mykje suppe, det held med
halvannen centimeter djubde. Få med litt av skummet frå glattkøyringa av suppa. Legg kamskjella midt på tallerkenen. Drisle nokre dråpar med veldig god rapsolje (eller olivenolje) rundt kamskjella. Pynt med litt finkuttet grasløk. Du kan eventuelt bruke eit lite trespyd til å presentere kamskjella, slik at dei ikkje druknar i suppa.

2. Ha den varme suppa på ein skummar/Siffon (som du  får kjøpt i gode kjøkkenbutikkar). Skru på toppdelen, sett inn patron og ”skyt” ut den skummande suppa ned i en djup, vid tallerken. Toppen av summaren må settast rett ned i midten i tallerkenen, elles blir det suppesøl på benken. Legg kamskjella midt på tallerkenen. Drisle over god olje. Pynt med litt finkutta grasløk.

Dersom du vil variere suppa, kan du bytte ut kamskjel med ein halv hummar og/eller krabbekjøt frå klør. Du kan også servere den med sopp, for eksempel kantarell eller steinsopp, som er perfekt til nøttesmaken i jordskokken.

2 thoughts on “Jordskokk-suppe med skaldyr

  1. Takk for flott oppskrift, Geir. Trenger ikke være diabetiker for å nyte denne. Kamskjell er jo noe av det beste vi får fra havet. Skal også prøve den med hjerteskjell – en flott ressurs som vi har tusenvis av tonn av langs kysten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>