Kjærleiken til chili con carne

Chili con carne-chili-gryte_1000Å bli einige om ingrediensane i chili con carne er slett ikkje noko bønnemøte. Dette er historia om fandenskap, fattigdom, religion, rock «n» roll og ein klassisk rett med latinske røtter – lagd av og for folk flest.

Omtrent det einaste historikar, kulturekspertar og dedikerte chili con carne-folk er einige om er at namnet er spansk. Chili con carne betyr rett og slett «chili med kjøtt». Men det er ikkje sikkert at retten frå grenseområda mellom dagens USA og Mexico verken er meksikansk eller spansk.

Ei heilag kvinne – som ikkje ein gong kom seg til Amerika – blitt tildelt ei artig og anekdotisk del av chili-historia. Den spanske helgenen søster Maria frå Ágreda, nonne på 1600-talet fekk æra av at 50 jumano-indianarar blei omvendt ei verdshav unna Maria i 1629. Ingen kunne forklare kvifor dei vandra ut i ørkenen i vestre del av Texas for å bli døypt. Ifølgje indianske legender skal dei ha fortalt om ei blåkledd kvinne som lærde dei å lage ei flammande sterk gryte, som etter kvert blei kjent som chili con carne.

Spanske prestar i Amerika blei ikkje utan vidare frelst, dei meinte slik sterk mat var «djevelens suppe»…

Historia om søster Maria er kanskje «far fetched», akkurat som den meksikanske gryta frå Toro som vi vaks opp med på 70-talet ikkje har nok med ein god chili con carne å gjere. Kanskje er det orsaka til at eg på eit tidspunkt som ung (musikk)journalist i Bergen på slutten av 80-talet og starten av 90-talet blei heilt hekta på ekte chili con carne.

Den legendariske musikklubben Garage starta faktisk som ei tex-mex-restaurant, med min gode venn Arild bak grytene. Mange ein kveld fekk eg sendt ei skål med glovarm og hot chili sendt over bardisken. Den gjorde underverk for ein sliten «kveldsarbeidar». Eigentleg trur eg at chili-gryta var tenkt som artistmat til dei mange flotte artistane frå mellom anna Texas som besøkte Garage desse åra. Uansett er chili con carne rock’n roll-mat, ein rebell i den enorme mengda av gryterettar lagd på storfe.

Episenteret for chili con carne er områda vi i dag kjenner som Texas, på grensa mot dagens Mexico. Mange meiner chili-gryta gjennom 1800- og 1900-talet var forskjellen mellom liv og død for dei tallause mengdene fattigfolk som forsøkte å finne noko å leve av i dei sørlege delane av USA. Dei enkle bodene og lokala som selde chili con carne fantes i hopetal, og menyen var sett saman av chili, brød og eit glas vatn.

Nokre kjelder meiner folk frå Kanariøyane, som kom til San Antonio i Texas allereie i 1723, brukte lokale chili-frukt og villauk i kombinasjon med ulike kjøttslag for å eksperimentere seg fram til chili con carne-liknande retter.

Likevel er dei fleste historikarar einige om at J.C. Clopper, som budde nær Houston, var den første som skreiv om retten i 1823. På marknadane i San Antonio såg han fattige familiar koke gryteretter med nesten like mykje chili som kjøtt.

Heilt tilbake til midten av 1850-talet har ei oppskrift med tørka oksekjøtt, talg, chili og salt vore knust i hop og deretter forma til firkantar som blei tørka. Den tørka maten var ideell å ha med for kvegfolk og andre omreisande som trengte mat dei raskt kunne koke opp over leirbålet.

Det er ikkje akkurat bønnemøte når ulike «sekter» av chili-tilhengarar møtast for å diskutere dei grunnleggande ingrediensane. Den heilage treeininga er kjøtt (storfe), chili og tomat. Men sjølv om bønner er ein svært velsmakande og naturleg del av retten mange stader, slo The Chili Appreciation Society International fast i 1999 at det er ulovleg å bruke bønner i offisielle chili-tevlingar, og det er heller ikkje lov å marinere kjøttet.

Oppskrifta under ei tolking av den H. Allen Smith frå Austin, Texas vann den første International Chili Society World Championship i Terlingua i Texas med i 1967. Ettersom eg elskar musikk- og kulturbyen  Austin, og maten herfrå, og er fødd på slutten av 60-talet, gjev det absolutt meining.

Oppskrift på chili con carne – med eller utan bønner

  • Om lag 1,5 kilo storfekjøtt
  • 3-4 store skeier nøytral olivenolje
  • 6 middels store tomatar
  • 2 boksar hermetiske tomatar
  • 3-4 store løk
  • Ein middels stor rød paprika, ein grønn og ein gul
  • To til ti kvitløkbåtar, knust
  • Ei stor skei oregano
  • Ei teskei tørka basilikum
  • Ei teskei timian
  • Ei stor skei spisskummen
  • Ein eller to chili
  • Salt og peppar
  • Litt chili-pulver (for eksempel cayenne)
  • Ein boks med bønner, for eksempel røde kidney-bønner, dersom du tør å utfordre The Chili Appreciation Society International

Lag ein kryss i toppen av dei ferske tomatane med kniven. Kok opp fire, fem centimeter vatn i ein liten kjele. Ha i tomatane, med snittsida ned. La dei ligge i eit halvt minutt. Fisk dei opp, og fjern skinnet. Del tomatane på midten, og fjern stilken. Legg dei i ein stor bolle.

Skrell løken, del den i små biter i bollen.

Skrell kvitløken, og knus den, ha den i lag med løken og tomatane.

Fjern stilken og frøa frå paprikaen. Del den i terningar, og legg den i lag med løken og tomatane.

Fjern stilken og frøa frå chilien. Finhakk, og legg den i lag med resten av grønsakene.

Fjern eventuelle sener frå kjøttet. Del det i terningar på tre, fire centimeter.

Finn fram ei romsleg jerngryte (helst ein femliters). Ha i olivenoljen (og her er poenget å bruke ein nøytral olivenolje med høgare kokepunkt enn extra virgen) og sett komfyren på middels høg varme.

Brun halvparten av kjøttet i slengen. Legg det som er bruna i ein bolle.

Ha alt kjøttet tilbake i gryta. Pass på å få med all kjøttsaft som måtte ha lagt seg i botnen av bollen.

Ha i chili, kvitløk, løk, paprika og alle kryddera (oregano, timian og spisskummin). Ha i chili, løk, kvitløk og tomat.

La chilien småputre under lokk i to, tre timer.

Dersom du vil ha i bønner, lar du dei renne av seg laken i eit dørslag, og har dei i fem minutt før servering.

Server med ein liten klikk rømme, gjerne ris til.

(Visited 414 times, 1 visits today)

2 thoughts on “Kjærleiken til chili con carne

    • Tusen takk for gode ord, Roar! Godt spørsmål:) 1,5 kilo kjøtt er normalt nok til 6-8 porsjonar. Vi er færre i vår husstand, så som regel ender deler av gryta i fryseboksen. Dette er suveren mat å tine opp igjen og varme når ein blir fysen på chili:) Lukke til!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *