Liten port til sursøtt smaksrike

Fiskesuppe-med syltet sursøt portulakk_650Når vi her nord fortener ein lang og varm sommar, får vi portulakken med på kjøpet. Denne orientalske plante veks nærast som ugras i kjøkkenhagen, men om du tar deg tid til å skjere den ned og sylte dei tjukke, saftige stilkane, har du eit herleg sursøtt følgje til den krema fiskesuppa.

Det underlege namnet har lite med lakk å gjere. Namnet på planten skal uttalast «portulˈakk», og den framre stavinga betyr rett og slett «liten port» på latin. Og nettopp lenger sør i Europa er portulakken langt meir omfamna enn her til lands. Langs Middelhavet blir blada brukt i salaten.

Her heime har stenglane vore velkjente i kosthaldet, brukt i både fiskesuppe og til kjøtretter, etter å ha blitt lagt i ei sursøt lake. Den skal til og med ha blitt kommersielt lagt ned på glas og selt på Sørlandet.

I dag har portulakken nesten gått i gløymeboka, og den blir ofte reve opp med rota av nordmenn som luker i bedet og ikkje kjenner nok til planten. Det er verkeleg synd. Det hender ofte at greske høner får portulakk i foret. Og egga dei legg inneheld langt meir Omega-3 enn dei frå ordinære, amerikanske høner. Den store Omega-3-kjelda viste seg å vere portulakken, slo den greske forskaren Artemis Simopoulos fast rett etter årtusenskiftet.

Dersom du blar deg fram i gamle, norske kokebøker, finn du svært ofte oppskrift på sylta, sursøt portulakk. Oppskrifta under omtrent slik du finn den i Inga Haust og Ingeborg Milberg si bok «Matlære», «omarbeidet for folkeskolen og den linjedelte ungdomsskolen» av Gudrun Akre og Anne-Helene Eriksen (frå 1962).

Oppskrift på sylta (sursøt) portulakk

  • 500-1000 gram portulakk-stilker
  • ½ liter eddik
  • ½ liter sukker
  • 3 nellik(spiker)
  • 1 heil kanelstang
  • 1 liter vatn
  • 1 teskei salt

Plukka av blada, og reins stilkane med portulakk. Del stilkane i fem centimeter lange biter.

Kok opp ein liter vatn og ha i ei teskei salt. Ha i portulakken, og kok til dei er møre. Det tar ikkje lenger enn to, tre minutt. Hell ut kokevatnet, og la portulakken renne av seg i eit dørslag. Fordel deretter portulakken i eit eller fleire godt reingjorte glas (med lokk).

Kok opp eddik og sukker, og ha i nellik og kanel. Kok blandinga i fem minutt. Hell den kokande laken over portulakken i glaset. Tett godt igjen glaset og la det stå i åte dagar. No er det klart til bruk, og eit supert følgje til ei krema, fiskesuppe.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.