Lomper med lammerull og rødbetsalat

Lammerull med lompe og rødbetsalat_600Uventa – eller venta – gjester i juletida skal behandlast med respekt, sjølv om du aller helst vil slange deg på sofaen og stenge verda ute. Pakk det dårlege samvitet og lamerullen inn i lomper, og smør passe tjukt på med heimelagd rødbetsalat.

Mange misliker mjuke pakker før jul, men runde pakker med lomper bør falle i smak både før og etter at juletreet er sett inn i stua, og til slutt kasta ut.

Lompa har vore med oss lenge. Sjølv om enkelte skriftelege kjelder hevder at svenskane var først ute med å lage flate kaker av potet, mjøl og litt salt under namnet lompe, har potetkaker blitt bakt i Sogn og Fjordane i uminnelege tider.

Eit godt råd frå bakstekonene er å ha i litt surmjølk i deiga (eventuelt fløyte eller semulegrynsgraut), då held dei seg mjukare om du frys dei ned og tinar dei opp igjen.

Potetkaker er handmat av beste merke. I motsetnad til den fabrikklagde tacolefsa smakar lompa av hovudråvara (som er poteta), og ikkje papp. Du kan fylle den med det meste, langt meir enn grillpølse. Prøv med smørost, dill, avokado og røyklaks. Eller lammerull med rødbetsalat. Lag den før gjestane kjem, eller mens dei slappar av med eit glas med noko godt i.

Oppskrift på potetkake/lompe med lammerull og rødbetsalat

  • Om lag 250 gram lammerull (eller meir)
  • Ei pakke store lomper

Rødbetsalat:

  • 2 store rødbeter (om lag 300 gram)
  • 1 syrleg eple
  • 1 liten rød løk
  • Litt finhakka, fersk timian
  • 1 dl majones
  • 1 dl creme fraiche eller rømme
  • 1 stor skei dijon-sennep
  • Ein skvis ferskpressa sitronsaft
  • Litt salt og peppar

Du kan bruke sylta rødbeter, men salaten blir aller best med ferske, nykokte. Sylta rødbet vil vere litt skarpare (og mindre sødmefylt) i smaken enn fersk.

Skrubb rødbetene og la de koke med skallet på til de er møre i godt salta vatn. Det tar minst ein halv time, så du kan godt gjere dette dagen i førevegen.

Når rødbetane har kjølna, skrelle du dei og skjærer dei ned i små terningar. Skrell de så og skjær de i passe store biter (etter smak).

Dersom du bruker sylta rødbeter, bør du la dei renne godt av seg i eit dørslag, før du skjør skivene i små terningar.

Vask eplet, fjern kjernehuset og del det i små terningar.

Fjern skallet og finhakk løken.

Bland sammen majones, creme fraiche (eller rømme), dijon-sennep og sitron og vend dette inn i rødbet/eple/løk- blandinga. Smak til med salt, peppar og eventuelt litt ferskpressa sitronsaft.

Skjær lammerullen i tynne skiver og fordel nokre skiver på midten av ei stor lompe. Smør på eit passe tjukt lag med rødbetsalat. Strø over litt finhakka, fersk timian. Rull i hop lompa, skjær bitane litt på skrå og sett dei på tallerkenen. Gjenta prosessen med neste lompe.

(Visited 225 times, 1 visits today)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *