Løp og kjøp løpstikke

Paradoksalt nok trengs det berre eit lite bidrag frå den svært høgtveksande løpstikka til å endre heile smaken på råvarene. Nypotetene får ein selleriliknande bismak, mens den aller mest påtrengande feittsmaken til makrellen forsvinn.

Truleg blei denne planta av persilleslekt ført inn i landet med munkar på 1600-talet. Den kan bli mannshøg, ja, faktisk eit par meter.

Og når det først har slått seg til ro hagen, skal det mykje til for at den forsvinn. Enten du kjøper frø på gartneriet, eller får låne ein del av planten hos ein du kjenner, så er det ei super investering å introdusere den i kjøkkenhagen.

Då kan du godt spørje deg kvifor den har ein slik beskjeden plass i det moderne, norske kjøkkenet. Frøa, blada og bladstenglane byr på ein kraftig, selleriliknande smak. Rykta seier at kraft- og buljongprodusenten Maggi skal ha brukt løpstikke som hovudingrediens i ei årrekke. Smak og lukt likner uansett på den du finn i Maggi-produkt, og i fleire land, også her heime, blir løpstikka kalla maggiurt.

Løpstikka stig raskt til værs om våren, og smaker aller best tidleg i sesongen. Men den held seg godt til nypotetene og makrellen er på plass. Ei lita grein i potetkjelen eller i makrellgryta set vidunderleg smak, og faktisk fjernar løpstikka mykje av feittsmaken frå feit fisk som makrell.

I tillegg passer løpstikka til stort sett alle kjøttslag, og går godt i lag med merian, lauk og kvitlauk, i følgje Christina og Rolv Hjelmstad, som driv eit av landets største nettbaserte oppslagsverk om urter.

Blad og frø kan både tørkast og frysast. Tar du vare på frøa, kan du bruke dei i brødbakst, potetbaserte supper og osterettar. I gamle dagar blei røtene av løpstikka tørka og pulveriserte, og brukt som pepparerstatning. Så her er det berre å prøve seg fram. Men husk å bruke den med måte. Aromaen er så intens at du risikerer å overdøyve det meste av anna smak.

Løpstikka styrker appetitten, og er eit unikum for den som slit med mage- og tarmproblem. Den bidrar og til å fjerne avfallsstoff frå kroppen, men har og rykte for å styrke band mellom menneske. Kjærleiksurta, som den og blir kalla, vert rekna for å vere eit afrodisiakum – både for to- og firbeinte.

Sjølv om den ikkje går for å vere giftig, er det tilrådd av gravide, folk med feber og dei som slit med nyresjukdommar bør unngå løpstikka.

For oss andre er det fritt fram!

2 thoughts on “Løp og kjøp løpstikke

  1. Tilbakeping: Sommarens sikraste gjest | Far min sitt kjøkken

  2. Tilbakeping: Ta ei nypotet, ta fleire… | Far min sitt kjøkken

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.