Pakka og klart for fisketur

Torsk i pakke-fisk en papilotte_650Brett fisken inn i pakke, ta den med på tur og legg den over grillen. Franskmennene kallar teknikken «en papilotte», italienarane snakkar om «al cartoccio». Når varmen aukar inni pakken, og pakken er utstyrt med litt væske, blir råvarene dampa – og alle gode smakar held seg inni pakka.

Denne metoden er perfekt for den som syns at fisk er noko av det vanskelegaste å få til. I årevis har fiskeindustrien sendt sine «agentar» rundt om i barnehagane for å få opp lysta på fisk og brukt denne metoden som agn. Det fine er at kvar enkelt kan fylle pakka med det ein liker av fiske og grønsaker, og berre vente på godsakene. Før du drar på fisketur, kan du gjere klar pakkar med grønsakene, og ha i det fangslukka måtte sikre deg.

Å pakke maten inn og legge den over varmen er slett ikkje berre noko franskmennene har tenkt på. I mange øykulturar i mellom anna Asia blir både fisk, skaldyr og kjøtt lagt over glørne, kanskje til og med dekka til og lagt heilt under jorda. Metoden er ikkje heilt fjern frå måten vikingane brukte når dei la lammelåra i kokegrop.

Den store forskjellen er at varmen er langt mindre intens, og betre eigna for fisk og sjømat. Du kan pakke maten inn i berre bakepapir, men då kan du ikkje legge pakka over grillen. Du kan bruke berre aluminiumsfolie, men då syns eg råvarene fort kleber seg for mykje til folien. Derfor pleier eg å legge fisken og grønsakene i eit flak innerst, og ha aluminiumsfolie rundt. Dette gjer at maten blir litt betre isolert, og «koketida» aukar litt.

Dersom du leiter rundt på nett, vil du sjå at tilrådd temperatur og steiketid varierer veldig, frå 130 grader til nær det dobbelte – og frå seks til 25 minutt. Dersom du baker fisken i steikeomnen, er 180 grader passe, men du må rekne med 20-25 minutt før fiskestykke som er tre, fire centimeter tjukke flakar seg og er gjennomvarme.

Dersom du legg fisken på indirekte varme på grillen – altså på den delen av grillen utan grillbrikettane eller -kolet rett under, blir steiketida omtrent den same. Dersom du legg fiskepakkake nærare glørne, kan 10-12 minutt eller mindre vere passe. Men du kan sjekke ein gong undervegs, berre vær obs på at dampen då siver ut.

Oppskrift på torsk i pakke med grønsaker

  • 800 gram fiskefilet utan skinn og bein, for eksempel torsk, laks, lyr, sei etc.
  • 80 gram godt smør
  • Ein neve finhakka, fersk dill
  • Ei stor skei finhakka grasløk
  • 8 vårløk eller ein middels stor purreløk
  • Eit par middels store gulrøter eller åtte små
  • Ein fennikel
  • 16-20 klasetomatar (eller fire store, gode tomatar)
  • Eventuelt åtte, ti vårferske asparges
  • Salt og peppar
  • Fire flak bakepapir
  • Fire flak aluminiumsfolie

La smøret stå framme og romtemperere seg.

Sett steikeomnen på 180 grader (over- og undervarme), eller fyr opp grillen med ei kald og ei varm sone.

Legge fiskefiletane på ein tallerken og dryss over salt og peppar.

Skrell gulrøtene (kortreiste, heilt ferske gulrøter kan du nøye deg med å vaske godt). Dersom du bruker store gulrøter, kan du høvle av lange millimeter tjukke strimler med ostehøvelen eller ein skrellar.

Skjær fennikelen i tynne skiver.

Snitt vårløken eller purreløken på skrått i passe store biter.

Bland i hop dei finhakka urtene og smøret. Her kan du gjerne bruke ein gaffel til jobben. Dersom du heller vil ha andre urter enn dill og grasløk, er valet ditt.

Legg grønsakene nedst i pakka, legg fisken over. Legg på oppdelt tomat og eit par klattar (om lag 20 gram) urtesmør.

Heilt fersk, kortreist asparges treng du ikkje skrelle, men gjer det dersom du vel importert vare. Knekk av aspargesen nedst med hendene.

Bak fiskepakkane i steikeomnen på om lag 180 grader i 20-25 minutt – til fisken er gjennomvarm og flakar seg.

Server fisken med ein god potetmos til, eller berre godt brød.

NB: Dersom du vil unngå smør, kan du ha  ein halv desiliter kvitvin i botn av kvar pakke, og helle over eit par store skeier god olivenolje over grønsakene og fisken i kvar pakke. Sløyfer du smøret, må du huske at du må tilføre meir salt til maten.

Du kan også bruke steinbit, breiflabb og liknade fiskeslag som både er feitare og mindre laus i fisken, men då må baketida som regel aukast litt.

1 thought on “Pakka og klart for fisketur

  1. Tilbakeping: Fiskepakke med fløytemild saus - Far min sitt kjøkkenFar min sitt kjøkken

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.