Pizzasnurrar når panikken tar deg

pizzasnurrer-med-bacon-karbonadedeig-lok-paprika-ost_1000På Far min sitt kjøkken kan det og bli kaotisk. I det daglege kappløpet om å rekke alle avtalar, fisketurar og fôring av dyr, tyr vi i blant til nokre smakfulle snarvegar. Å fylle opp fyseboksen med pizzasnurrar er eit sjakktrekk for å sikre at logistikken heng i hop.

Det er vanleg å konkludere med at pizzaen, slik vi kjenner den, er italiensk – sjølv om enkelte kulturhistorikarar sikkert vil diskutere det. Kven som fann opp pizzasnurren veit eg ikkje. Google gjev meg ikkje svar. Men rette vedkommande skal ha ein stor takk.

Akkurat som med dei svært gode horna til svogeren min, er pizzsnurrane perfekte til å plassere i fryseboksen – og tine opp kjapt når behovet er der.

Eg syns ofte slike pizzasnurrar kan bli litt tørre og smaklause. Denne oppskrifta er eit forsøk på å unngå det. Baconet, som eg lagar sjølv, er røykt, sal og smakfullt. Du bør og vere raus med osten.

Kokk Bård Greni Karlsen og eg deler ein stor fascinasjon for ajvar, som er ein slags mos som består av bakt eller grilla rød paprika og aubergine og krydder. Den setter ein ekstra spiss på pizzafyllet, og du kan gjerne ha i litt av den sterke varianten.

Deretter er det berre å rulle pizzasnurrar og la det stå til!

Oppskrift på pizzasnurrar (held til om lag 30 stykk)

Pizzadeig:

  • Omlag 800 gram kveitemjøl
  • 300 gram sammalt (finmalt) kveite
  • 100 gram havregryn
  • Ein pose tørrgjær
  • 1 teskei salt
  • 1/2 teskei sukker
  • 8 desiliter lunka vatn
  • 100 gram smør, i terningar

Her treng du ei stor kjøkkenmaskin med eltekrok.

Tapp opp lunka vatn (ca. 40 grader), og hell det i bakebollen.

Ha i kveitemjøl, sammalt kveite, havregryn, salt og sukker. Køyr deiga på middel høg fart i om lag fem minutt. I mellomtida deler du smøret i små terningar. Etter fem minutt har du i smøret, og køyrer deiga vidare i nye fem minutt.

Ha i litt meir kveitemjøl dersom deiga blir veldig klissete. Når deiga slepp kantane, og har blitt ganske elastisk, er den klar.

Dekk bakebollen med plast, og sett deiga lunt, mens du lagar pizzafyllet.

Pizzafyll:

  • 200 gram bacon
  • 400 gram karbonadedeig
  • Ein stor løk
  • Ein stor rød paprika
  • 2 kvitløkbåtar
  • Litt olivenolje
  • 3-4 ss ajvar
  • Ein boks gode tomatar
  • Salt og peppar
  • ½ teskei tørka timian
  • ½ teskei tørka oregano
  • ½ teskei tørka basilikum
  • Litt sukker

Om lag 400 gram ost, for eksempel riven mozzarella, Jarlsberg eller ein ost som smelter bra og smakar godt

Del baconet i små strimler.

Finhakk løk, kvitløk og paprika.

Ha litt olje i steikepanna og sett den på middels høg varme. Steik baconet til det begynner å bli brunt og feittet sig ut i panna. Ha i løk, kvitløk og paprika. La grønsakene surre til dei er gyldne.

Legg bacon og grønsaker over i ein bolle mens du steiker karbonadedeiga i steikepanna. Når den er brun, salter du den, har i litt pepper, samt tørka basilikum, oregano og timian. Hell over bacon og grønsaker. Ha i 3-4 store skeier med ajvar. Vend den godt rundt, slik at alt kjøttet dekka.

Ha i tomat på boks. La blandinga putre til mykje av væska i panna har fordampa. Smak til med salt, peppar og litt sukker. Ajvar kan vere litt syrleg på smak.

Sett steikeomnen på 225 grader (over- og undervarme).

Etter ein halv til ein time hentar du fram deiga. Dryss litt kveitemjøl over kjøkkenbenken. Ha deiga utover, og del den i to like deler.

pizzasnurrer-med-bacon-karbonadedeig-lok-paprika-ost-rull_1000Kjevle ut til eit avlangt rektangel. Fordel halvparten av pizzafyllet i heile lengda.

Fordel halvparten av den rivne osten. Husk at osten er med på å gjere pizzasnurrane saftige og smakfulle, så det er ok å bruke bra med ost.

Rull deiga saman til ei pølse i lengderetninga. Del pizzarullen i om lag 15 like store deler (tre, fire centimeter tjukke skiver).

pizzasnurrer-med-bacon-karbonadedeig-lok-paprika_1000Legg dei oppå bakepapiret på eit omnsbrett, og steik pizzasnurrane i om lag eit kvarter, eller til dei er ferdige. Snurrane skal vere lysebrune og sprø. Gjenta heile denne operasjonen med siste halvdelen av dei, pizzafyll og ost.

Server gjerne pizzasnurrane rykande varme.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.