Plomme- og eplesyltetøy for pietisten

Plomme- og eplesyltetøy med kanel og anis_1000Noko av det aller beste med hausten er å strekke seg opp mot plommetreet, plukke ned akkurat passe moden frukt, ta ein bit og kjenne sødmen bre seg i munnen. Dessverre er det mange plommer og eple i hagen vår som aldri blir perfekte. Med dei egner seg veldig godt til plomme- og eplesyltetøy.

I hagen vår fell i blant epla som tungt skyts mot bakken når sommaren går mot haust. Plommetrea er gamle, og plommene har vore råka av litt sjukdom.

Med andre ord er det mykje frukt som ikkje er perfekt, men meir enn godt nok til å hamne i syltetøyglaset. Oppskrifta hadde ikkje sett dagens lys om ikkje kollega Kari Merete hadde lagt ut sine bilete på Facebook med ein solid porsjon plommesyltetøy.

Eg tok steget litt lenger, blanda i syrlege eple og krydra dei med orientalsk som høyrer den mørke årstida til.

Kok opp, avkjøl og smør plomme- og eplesyltetøyet over brødskiva.

Oppskrift på plomme- og eplesyltetøy med kanel og stjerneanis

  • 1,5 kilo plommer (for eksempel Victoria-plommer)
  • 500 gram syrlege grøne eple (3-4 store eple)
  • 500-750 gram sukker (alt etter kor søtt du liker syltetøyet)
  • 2 heile kanelstenger
  • 2 heile stjerneanis
  • Safta frå ein halv sitron
  • Ein pakke syltepulver (nok til to kilo frukt)

Del plommene på midten og ta ut steinane. Del plommene i terningar (alt etter kor store bitar du liker i sylta). Ha dei over i ein stor kjele (femliters).

Fjern kjernehusa på epla. Del epla i terningar. Ha dei i kjelen etter kvert som du deler dei opp. Press over litt ferskpressa sitronjus. Då bevarer epla fargen, og samtidig tilfører du litt syre til dette ganske så søte syltetøyet.

Ha i sukkeret, kanelstenger og stjerneanis. Sett kjelen på komfyren, skru plata opp til middels høg varme. Rør undervegs. Når plommene og epla har kokt opp, skrur du ned varmen og lar dei putre på svak varme i 10-20 minutt.

Trekk plomme- og eplesyltetøyet til sides når du syns plommene og epla er passe kokt. Eg syns frukta godt kan ha litt tyggemotstand. Verken eple eller plommer er like i konsistensen, så her får du prøve deg fram og smake undervegs i kokinga.

Når du har trekt kjelen til sides, kan du røre inn syltepulveret.

Fyll opp med plomme- og eplesyltetøy på varme, reine glass. Skru på lokk, og sett glasa på hovudet. Tørk vekk eventuelt syltesøl på glasa.

Oppbevar plomme- og eplesyltetøyet mørkt og kjølig.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.