Pyttsan, vi kan alltids lage pytt i panne

Pytti panne-biksemad-med pølser-kjøttdeig-kjøttrester_1000Svarten, vi har gløymt å tenke på middag! Ingen fare. Vi har ein kjele full av kokte poteter, gode pølser i fryseboksen og hagen full av grønsaker som må brukast opp. Putt i alt i steikepanna!

Eg skal vere den første til å innrømme at på mor mi og far min sitt kjøkken i oppveksten var det ikkje mykje gourmetmat på bordet. Men vi hadde det godt, veldig godt. Då far min begynte å stelle heime etter at mor vi begynte i arbeid fekk vi ofte lapskaus og enkle rettar som pytt i panne. Enkel husmannskost av dette slaget var ei fin avveksling frå det vi ungar opplevde som alt for mange fiskemiddagar.

Då eg sjølv flytta på hybel som 15-åring, og tok mine første og svært famlande skritt inn i matstellet, var pytt i panne ein sjølvsagt rett. Eg trur til og med storesøstera mi, som sendte med meg ei kokebok eg sjølv kunne fylle med oppskrifter, hadde limt inn ei enkel oppskrift på retten lengst framme.

Namnet på retten kjem i følgje Svensk etymologisk ordbok frå «putta i pannan». Denne enkle middagen er å finne over alt i Norden, danskane snakkar om biksemad, finnane om pyttipannu og svenskane om pyttipanna (pytt i panna).

Dette er ein rett som har vandra ut av nøysemd-kulturen i våre ein gang fattige land. Dette var ein enkel måte å bruke opp restar frå måltid dagane før. For mange var det nok bortimot luksusmat.

Potet, løk og kjøtt – i ein eller annan form – er obligatorisk. Dessutan er det mange som insisterer på eit speilegg eller to på toppen, samt sylta rødbet og HP-saus, worcestersaus eller ketsjup. Men som det alltid er med populære rettar, der får sine tallause variantar. I dag er det vanleg å servere pytt i panne med alt frå fisk til fjørkre i tillegg til potet og løk.

Eg syns det er heilt fenomenalt å lage pytt i panne på seinsommaren/tidleg på hausten. Er du så heldig å kunne spa opp ferske poteter, gulrøter og andre grønsaker frå bakken, får du råvarer med ein flott nøtte-aktig og søtleg smak. Oppskrifta på pytt i panne under er berre eit forslag, her kan du bruke fantasien og tilgjengelege råvarer til å lage retten du vil ha. Det heiter ikkje «putt i panna» for ingenting…

Oppskrift på pytt i panne/biksemad

(bør vere nok til fire personar)

  • Om 800 gram kokte poteter
  • 500-600 gram gode, grove pølser og/eller kjøttdeig/karbonadedeig, kjøttrester
  • To store løk
  • Ei stor, lettkokt gulrot
  • Eit par store skeier nøytral olivenolje
  • Eit par never brekkbønner
  • Ein neve fersk persille
  • Salt og peppar

Dersom gulrøtene og potetene ikkje er kokt på førehand, kan du skrubbe skallet og dele dei i eit par, tre centimeter store terningar. Kok dei i lettsalta vatn i tre, fire minutt, og hell raskt av kokevatnet. La grønsakene renne/dampe av seg fukta.

Skrell løkane og grovhakk dei.

Kutt pølsene i centimeter tjukke biter/skiver.

Sett over den største steikepanna du har – eg bruker ein svær sak frå IKEA med høge kantar. Ha i olivenolje, og skru komfyren opp til middels varme. Ha i løken, og la den sveitte nokre minutt, før du har i pølser (eller kjøttrester etc.). Pølsene har fått litt farge, og feittet sig ned i panna, har du i resten potet og gulrot. Lar grønsakene og få godt med farge.

Del brekkbønnene i tre, fire centimeters lengder.

Når alle ingrediensane i pytt i panna har fått litt brunfarge, har du i brekkbønnene. La dei surre ei minutt ekstra, før du smakar til med salt og peppar og drysser over finhakka, fersk persille.

Steik gjerne eit egg eller til kvar gjest, dersom ønsket om det er stort. Som sagt er det mange som og vil ha sylta rødbet og HP-saus, worcestersaus eller ketsjup til pytt i panne. Godt brød til er og å tilrå.

(Visited 252 times, 1 visits today)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *