Rabarbrasuppe for sol eller regn

Rabarbrasuppe med asiatisk vri-hjemmelagd vaniljeis_600Vi som av ein eller annan grunn er plassert her langt mot nord, har i utgangspunktet lite eksotiske vekstar å glede oss over. I alle fall var far min og min eigen barndom til dels fargelaus på det punktet. Eit av dei få unntaka var rabarbraen, som veks vilt og uhemma under dei rette forholda langs kysten. Rabarbrasuppa er genial, fordi den er like god kald som varm.

Far min er altså ein desserthund. Det same er eg. Men helst om desserten er lett, frisk og balanserer hårfint mellom det søte og syrlege.

Kven har ikkje slått seg ned i graset ein varm sommardag og fått ein kopp med sukker av mor eller far, og ein lang stengel rabarbra frå ei avling som strekk seg potent og breiskuldra mot sommarhimmelen. Heldigvis har vi «lurt» nye generasjonar til å dyppe rabarbrastengelen ned i sukkert, føre det forventningsfullt mot munnen og kjenne det sure møte det søte i ein liten kilande eksplosjon mot smaksløkane.

Ja, vi er klar over det, heller ikkje rabarbraen slo rot for første gang på våre breiddegrader.

Rabarbraen kjem opphavleg frå den nordlege delen av Asia, og kom til Noreg på 1700-talet. Trass i at den formeirar seg med utgangspunkt i morplanta, ved kloning ved deling av røter, har Nordisk genbank slått fast at det finns meir enn 70 typar rabarbra til lands.

Ikkje så rart, i grunnen, for rabarbraen er hardfør, slik mange av våre forfedre og -mødre var. Og den kan brukast til så mykje, enten til ei suveren saft, i ein sommarleg pai eller ei rabarbra-kake utanom det vanlege.

Og kvar einaste gong vi vender tilbake til denne herlege sesongvara, og set tennene i den, drypp det minne lett som eit vestlandsk sommarregn over oss frå ein barndom som aldri kjem tilbake…

PS: Husk at rabarbraen helst skal etast før Sankthans (om du ikkje fryser den ned).

Omars rabarbrasuppe

Denne suppa fekk eg servert av kamerat og kokk Omar Viset første gong, og den foreinar både dei «norske» rabarbrasuppetradisjonane, samstundes som han bringer inn råvarer frå Asia, der rabarbraen kom i frå. Omar si rabarbrasuppe er den beste eg har smakt!

Du treng:

  • To liter kaldt vatn
  • 600 gram sukker
  • 1,5 kilo rabarbra
  • Ei heil kanelstang på fire, fem centimeters lengde eller 1 ts malt kanel
  • 1 vaniljestang
  • 1 ts finhakka, fersk ingefær
  • Safta frå to lime
  • 1 dl (ublanda) solbærsirup
  • 1 boks rømme
  • 2 store skeier sukker
  • Eventuelt nokre fine, ferske (norske) jordbær

Vask rabarbraen godt, og kutt i ein centimeter lange biter.

Hell vatnet og sukkeret i ein stor kjele. Snitt vaniljestanga på langs, og skrap ut frøa med ein kniv. Ha i både frøa og stanga i kjelen, i lag med kanel, finhakka (fersk ingefær), limesaft og solbærsirup.

Kok opp blandinga, til sukkeret er løyst opp.

Ha i ein kilo av rabarbraen, og kok i om lag eit kvarter. Fisk ut kanelstanga og vaniljestanga. Rett før servering har du i den siste halvkiloen med rabarbra, og koker den eit par minutt. Då får du ei friskare suppe. Dersom klumpane med rabarbra blir veldig store, kan du vispe litt i suppa.

Dersom du serverer suppa kald, må den sjølvsagt avkjølast. Suppa blir endå betre etter ei natt på kjøl. Kald smakar den kjempegodt med heimelagd nokre skiver ferske jordbær, heimelagd vaniljeis eller litt piska rømme til. Piska rømme lager du ved å helle rømma i ein rund bolle, ha i sukker og pisk blandinga luftig.

Dersom du fryser ned rabarbra, kan du med fordel spare dei til ein hustrig haust- eller vinterdag (eller sommardag), og varme gjestane på rykande rabarbrasuppe.

(Visited 51 times, 1 visits today)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *