Sild og rakfisk på Mexico-reis

Rakfisk med mango-guacamole og tortilla-lefserFar min elskar sild, og har på sine gamle dagar også innsett at rakfisk kan vere smakfullt. Men eg er usikker på om han blir med på tur til Mexico for å pare dei norske fiskeklassikarane med guacamole tilsett litt søt mango.

Eg har vakse opp på Vestlandskysten med svært mykje tradisjonsmat, men rakfisk sto aldri på menyen. I det store og heile er denne fermenterte spesialiteten meir eit innlandsfenomen. Framstillinga krev pinleg nøyaktig reinhald, elles risikerer .

Raking er fermentering (eller gjæring) av mat. Prosessen går ut på å utsette råstoffet for miljø der dei naturlege enzyma frå mikroorganismar i fisken vert brukt til å skape biokjemiske endringar i maten. Den som har smakt rakfisk, veit at den kan vere alt frå mild til skarp, men med eit umiskjenneleg «modna» preg.

Sjansen er stor for at du får servert den med gode poteter, rød løk, rømme og anna passande

Sjølv fekk eg ei aha-oppleving då eg kom i eit vestlandsselskap der det stor framme rause mengder guacamole ved sidan av rakfisken. Eg har lenge tenkt eg skulle presentere rakfisken på Far min sitt kjøkken med slikt følgje.

Etter eit besøk på den vesle restauranten Comala i Madrid, blei dei to oppskriftene under til. For i den spanske hovudstaden blei ein mild guacamole iblanda fersk, søt mango servert i lune maislefser med baltisk sild. Det er slett ikkje uvanleg å blande mango i den avokado-baserte guacamolen.

Dersom du kjem over lettsalta, norske spekesild, eller ei mild dansk spekesild, duger denne godt.

Eg syns silda tåler ein litt meir spenstig guacamole, derfor blandar eg i fersk chili, mens guacamolen til ein mild rakfisk helst bør vere så enkel og mild som mulig.

Tusen takk til Jørn og matogvinnett.no for foto og fantastisk selskap mens vi smakte oss fram til kombinasjonane under.

Oppskrift på guacamole med mango, rød løk og rakfisk

  • 2 avokado
  • 1/4 mango
  • Safta frå ein lime
  • 2 store skeier finhakka rød løk (her er det nok med halvparten av ein liten rød løk)
  • Salt og peppar
  • 300-400 gram rakfisk
  • God lefse eller fersk tortilla-lefse (lagd av maismjøl)

For å få mest mulig saft ut av limen, kan du rulle den mot kjøkkenbenken til du kjenner at den mjuknar litt. Del den på tvers, og ha den klar.

Finn fram ein djup tallerken, ei stor skei og ein gaffel. Del avokadoane over midten på langs. Bruk skeia til å grave ut innmaten i avokadoane. Press limesafta over avokado-halvdelane. Limen har to viktige funksjonar. Den skal heve smaken på guacamolen, men også hindre at avokadoen blir brun og misfarga.

Mos avokadoane med gaffelen til dei nesten er heilt mosa, men framleis har bitar som gjev litt tyggemotstand. Skjær mangobiten fri for skalet, og del den i ein halv centimeter store bitar.

Skrell ein liten rød løk, finhakk halvparten av løken og ha den i avokadoblandinga. Rør godt rundt, smak til med salt og peppar og eventuelt ein liten skvis ekstra med lime.

Fjern skinnet frå rakfisken, og del den i centimeter tjukker skiver på tvers.

Fordel guacamole i botnen av eit serveringsfat, og legg rakfisken oppå. Del lompene/tortilla-lefsene over midten, og rull dei i hop og legg dei ved sida av guacamolen og rakfisken på tallerkenen.

Oppskrift på guacamole med mango, chili og spekesild

  • 2 avokado
  • 1/4 mango
  • 1 stor skei fersk koriander
  • Safta frå ein lime
  • 1/2 fersk rød chili
  • 50-100 gram salt sildefilet (alt etter kor salt og dominerande i smaken silda er)
  • Litt peppar
  • God lefse eller fersk tortilla-lefse (lagd av maismjøl)

Skjær sildefiletane på tvers i centimeterstore lengder, deretter i centimeter store terningar. Dersom silda er veldig salt, kan du vatne den ut (i kaldt vatn) eller lege den i ei skål med mjølk ein liten halv time, før du tørkar av bitane med kjøkkenpapir.

Guacamole med mango rød chili og sildFinn fram ein djup tallerken, ei stor skei og ein gaffel. Del avokadoane over midten på langs. Bruk skeia til å grave ut innmaten i avokadoane. Press limesafta over avokado-halvdelane. Limen har to viktige funksjonar. Den skal heve smaken på guacamolen, men også hindre at avokadoen blir brun og misfarga.

Mos avokadoane med gaffelen til dei nesten er heilt mosa, men framleis har bitar som gjev litt tyggemotstand. Skjær mangobiten fri for skalet, og del den i ein halv centimeter store bitar.

Del chilien, fjern frøa og finhakk frukta. Husk at chilien er sterkast opp mot stilken og mildast i den tynnaste enden.

Finhakk den ferske korianderen. Bland den, chilien og mangoen i lag med den mosa avokadoen og silda. Dersom sildesmaken ikkje er spesielt dominerande, kan du ha i litt meir sild – om du vil det.

Server mango-guacamolen med sild med lune tortilla-lefser av maismjøl (eller lune norske potetlomper).

(Visited 204 times, 1 visits today)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *