Sommarens sikraste gjest

Sjølv om sommaren ofte lar oss i stikken, stimar makrellen like forbanna inn fjorden. Grilla makrell med løpstikke, nypoteter og rømmesaus utgjer eit enkelt og effektivt ritual for den som ville hylle grøda frå den varmaste årstida – uansett regn og kuling.

For oss som er vaksne opp med fiskestang, alt for mykje fritid og utallige nes å stå på, har makrellen vore morsam tidtrøyte. Ivrig på kroken, og tallaus når den først beit. Men den som kjem heim med ein halv hektoliter makrell, bør liksom helst ete litt av fangsten om han ikkje vil framstå som miljøkriminell EU-fiskar.

Vel, sanninga er at eg har blitt langt meir glad i makrellen som vaksen. Eg har til og med kjøpt uanstendig dyr makrell hos fiskehandlaren. Mantraet er uansett at makrellen må vere blodfersk. Og kan du parre den med nypoteter og rømmesaus, ja, då er sommarlukka komplett.

Grilla makrell med løpstikke, nypoteter og rømmesaus

  • Fire middel store makrell (altså ein per mann)
  • Litt soyaolje
  • 12-16 middels store nypoteter
  • Salt
  • Ein kvist løpstikke til potetene, pluss nokre blad til makrellen.
  • 1 beger rømme
  • Om lag ½ dl eddik
  • Nokre skeier sukker

Start med å blande i hop rømmesausen. Smaken din avgjer mengdene eddik og sukker. Men poenget er å blande i hop ein sursøt saus som står godt til den milde smaken av nypotet og den langt kraftigare smaken av grilla makrell med løpstikke. Prøv deg fram ved å blande i hop ein halv desiliter med eddik, og nokre skeier med sukker. Pisk blandinga godt inn i rømma. Spe på med meir sukker og eventuelt eddik om det trengs.

Sløy og reins makrellen i kaldt vatn. Tørk godt av den med kjøkkenpapir.

Vask nypotetene. Kok opp godt salta vatn, og ha i ein kvist med løpstikke. Kok potetene til dei er møre (om lag 12 minutt), men ikkje så lenge at dei sprekk. Hell av vatnet, legg over eit klede og lokk, og la potetene stå i fem til ti minutt mens du griller makrellen.

Om du vil grille makrellen heil, eller filetere den først, er smak og behag. Husk å behalde skinnet dersom du fileteter fisken. Uansett treng fisken både salt, peppar og nokre blad med løpstikke på kjøttsida under grillinga. Husk å pensle fisken og grillrista med olje. Eg pleier å grille fisken eit lite minutt på kvar side på direkte varme på grillen, og deretter legge den unna varmen (helst under lokk), til den er passe steikt. Ikkje grill den så lenge at den blir tørr.

Serverer makrellen med ein gong, med nypoteter og rømmesaus, og eventuelt ein enkel salat – for eksempel med spinat.

(Visited 99 times, 1 visits today)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *