Sprøsteikt fjellørret med rømmesaus

stekt-fjellorret-fjellaure-smaorret-med-nypoteter-og-rommesaus_1000Eg elskar sjølvfiska, nysteikt fjellørret med nypoteter og rømmesaus. Dessverre står retten alt for sjeldan menyen, sjølv om fiskeforsøka har vore mange. Det er nesten ingen som skriv om fisken som nesten blei landa – og i alle fall ikkje utan å bli ledd av.

Det er berre å innrømme det med ein gong; fisken du ser på denne nettsida er kjøpt hos fiskehandlaren min. Fisken som skulle vore stelt og steikt symjar framleis rundt i eit fjellvatn ein stad i Telemark… Men det kjem vi tilbake til.

Far mi og eit par kompisar er dei eg har å takke for at eg har brukt tallause timar på å lande ørret til fjells og i fjorden heime i Sunnfjord. Det vondaste minnet var då far min rodde meg bor på ein holme der sjø-ørreten vandrar forbi kvart år. Tre gonger høgg det til. Alle tre gongane klarte eg å få den velberga opp på svaberget. Men der lausna den og forsvann ned igjen i sjøen. Same dag kjøpte far min håv til oss. Men ørreten ga blanke i slukane mine resten av den sommaren.

Slik er det med ørreten. Den bit når den vil, og i blant er den sluare enn alle oss sportsfiskarar til saman. I fjellvatnet der vi oftast forsøker oss når vi er på hytta i Numedal, har eg forsøkt alt av agn. Garnfisket har for lengst avslørt at det finns fisk på opptil to kilo. Men fleire gonger har den forsynt seg av den sprell levande marken, utan å bite på kroken.

Trøysta har difor ein sjeldan gong vore fangst på garn, både til fjells og langs fjorden. Ein ekte sportsfiskar kallar det sjølvsagt juks. Men det var trass alt verre med sambygdingen min som visstnok brukte dynamitt for å få has på den sølvblanke fjellfisken…

Nokre av dei beste matminna eg har frå barndomen inneheld sprøsteikt ørret med gode poteter, rømme og agurk med syrleg dressing.

Det var akkurat det eg hadde planlagt for dette blogginnlegget då vi sette til fjells i Telemark for å jakte ørret med litt storleik å snakke om. Kameraten min var der året før, og landa sju, åtte fisk på mellom ein halv og ein kilo.

Kvelden starta bra. Guttungen og eg hadde kvar vår spinner ute mens kameraten min rodde sakte langs land. Landskapet var akkurat som i eventyrteikningane til verka frå Asbjørnsen og Moe. Berget stupte ned i vatnet der vi rodde. Med andre ord skulle fisken her langs land ikkje ha blitt plaga for ofte med pågåande list frå ivrige sportsfiskarar.

Plutseleg smalt det til i fiskesnella mi. Snøret ruste ut. Eg var eigentleg heilt sikker på at eg hadde hekta spinnaren i botnen av vatnet. Men så kjende eg det umiskjennelege rykket frå ein sprelsk fisk som på ingen måte har tenkt å forlate plassen sin under vatn. Pulsen steig. Dei to andre i båten såg spent på meg. Sakte, men sikkert fekk eg lirka fisken nærare båten. Sekunda blei til minutt. Til slutt sto stanga i spenn med fisken rett under prammen.

– Finn fram håven, bad eg kompisen min.

Om lag samstundes som han fiska fram håven, sto verda plutseleg stille.

Fisken slapp taket, stang retta seg ut og eg hadde mest lyst til å grine.

– Så, så, pappa, sa poden. – Du får sikkert napp igjen.

Men det var berre ønskjetenking. Seinsommarkvelden la seg magisk over vatnet utan å ta det minste omsyn til draumen om nysteikt fjellørret med nypoteter og rømmesaus til…

Oppskrift på steikt fjellørret med rømmesaus

(nok til fire personar)

  • Fire små ørret/fjellørret på om lag 250-300 gram
  • Tre store skeier kveitemjøl
  • Ei teskei salt
  • Ei halv teskei svart peppar
  • Om lag 800 gram gode poteter
  • Ein agurk
  • Litt eddik og sukker
  • 1 desiliter seterrømme
  • 1 desiliter crème fraîche
  • 1 desiliter kremfløyte
  • Salt og peppar

Eventuelt ein halv sitron, til  smake til sausen

Sløy og reins fisken (om det ikkje er gjort), og pass på å få vekk alt blod og hinner i buken av ørreten.

Skrap fisken rein for skjell – bruk gjerne den sløve sida av ein kniv, og skrav frå halen og framover mot hovudet på ørreten.

Skjær nokre snitt på tvers av ørretane inn mot beinet, på begge sider av fiskane. Tørk fisken rein med litt kjøkkenpapir.

Bland saman kveitemjøl salt og peppar i ei skål lang nok til å romme ørretane.

Vask potetene, kok opp ein kjele med lettsalta vatn og kok potetene møre. Nypoteter er snadder til slik steikt ørret, dei skal ofte ikkje koke meir enn 15 minutt.

Del agurken over midten på langs, og deretter på tvers. Bruk ostehøvelen eller ein mandolin til å skjære tre, fire millimeter tjukke skiver av agurk. Ha agurken i ei skål, ha på litt eddik og sukker, smak til og juster smaken med meir eddik eller sukker – om det trengs.

Finn fram den vidaste steikepanna du har, det er berre ein fordel om den er av støypejern. Då får du det sprøaste skinnet.

Vend fisken godt i mjølblandinga.

Sett steikepanna på middels høg varme, ha i nokre store skeier med smør og legg i fisken når smøret slutter å boble. Varmen må vere så intens at ørreten steiker, og ikkje koker. Bruker du induksjon eller gass, kan du rask auke eller senke varmen.

Eg syns det er nok med tre, maks fire minutt steiking på kvar side av fisken.

Legg fisken på eit fat mens du lager sausen. Ha i ein del seterrømme, ein del crème fraîche og ein del kremfløyte. Ved å blande inn både crème fraîche og kremfløyte i seterrømma, som sprekk når det blir for varm, sikrar du ein saus som held seg fin.

Gje sausen eit lett oppkok, ha i grasløk og smakt til med salt, peppar og eventuelt ein liten skvis fersk sitronsaft.

Gje gjerne potetene ein skvis, slik at dei opnar seg litt. Då sug dei betre til seg sausen.

Server den nysteikte fjellørreten med rømmesaus, poteter og agurksalat.

5 thoughts on “Sprøsteikt fjellørret med rømmesaus

  1. Poteter?
    Helt enig at nypoteter er godt, mandel hører til julen, amadine, beate, pimpernell osv har jeg ikke så god kontroll på.
    Etter å ha lest Myttingens: Svøm med dem som drukner, ble jeg mer oppmerksom på at det er stor forskjell på poteter.
    Har du gjort noen dypdyk i potetenes verden, og har du noen anbefalinger/råd?

  2. Vann i munn!
    Kan ikke si at jeg har like positivt ladede fiskeminner etter å ha blitt dratt med fra fjellvatn til fjellvatn av eksen, men matminnene av stekt fjellørret, de er gode, de! Gleder meg til å prøve oppskriften, nå som jeg har handlet fjellørret i en REKO-ring!

    • Nam! REKO-ringen er en genial måte å få gode råvarer rett frå leverandør. Eg deler nok fiskeminner med deg, det tok mange år før eg syns lettsalta torsk var godt igjen, men det skuldast mange «kalde» middager i oppveksten:)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.