Supersøndag med Biff Stroganoff

Biff Stroganoff med storfe-svinekjøtt2_1000Heime på kjøkkenet til mor mi og far min var det alltid ei ladning med tørrpulverposer frå ein viss suppeprodusent i ei skuff ved komfyren. På det viset blei vi kjent med rettar frå fjerne og mindre fjerne verdshjørne, dessverre i ein svakare utgåve enn originalen. Biff Stroganoff er aller best lagd frå botnen av.

Det er mange som rett som det er går laus på hurtigmat-produsentane, og det ofte med rette. Frysetørka gryter som berre treng litt vatn, ei ekstra råvare og eit oppkok har ofte det til felles at dei er lagd langs ein smaksveg som er brei og akseptabel for dei fleste.

Ein ekte Biff Stroganoff blir som regel laga med ein god slump kraftig Dijon-sennep, sitronsaft og ikkje sjeldan servert med sylta agurk til. Har du vore austover i Europa, veit du at sylta grønsaker ofte er obligatorisk attåt pølsemat og kjøttretter. Då vert også middagen eller måltidet eit heilt anna og meir smaksrikt enn om du berre haldt deg til pulverposen.

På skulekjøkkenet i oppveksten min på 70- og 80-talet lagde vi Biff Stroganoff med middagspølse. Svenskane har ein liknande variant av denne retten med Falukorv, finnane har det same.

Ein skulle tru at ein rett som har eit så særprega namn var kalla opp etter kokken og opphavsmannen. Men eit dykk ned i historiebøkene syner at bakgrunnen er meir ullen enn ein skulle tru. Ein rett med namnet «Beef à la Stroganov» Elena Molokhovets klassiske russiske kokebok «A Gift to Young Housewives» i 1871.

Men det finns så mange variantar av retten, at den godt kan ha vore eldre. Ettertida skulle vise at denne søtlege gryteretten med eit syrleg innslag i form av rømme eller crème fraîche hadde global appell. Biff Stroganoff  blei ein slager på kinesiske hotell før andre verdskrig.

Russarar og kinesarar tok med seg retten til Amerika. I dag finns det variantar heilt frå Australia til Brasil og mange land lenger nord på kloden. Men uansett kva slags oppskrift du tar utgangspunkt i, blir den nok betre eller pulverposevarianten.

Oppskrift på Biff Stroganoff/Biff Stroganov

(nok til fire, fem porsjoner)

  • Ein kilo grytekjøtt, helst av store, men gjerne svin
  • Tre store skeier smør
  • 300 gram sjampinjong
  • Ein middel stor løk
  • To middels store paprika
  • 3 store skeier paprika
  • 2 store skeier tomatpuré eller like mykje Ajvar (puré av grilla paprika)
  • 2 store skeier kveitemjøl
  • Ei og ei halv stor skei Dijon-sennep
  • Eit små laurbærblad
  • 4 desiliter kraft, helst frå storfe (eventuelt denne mengda vatn pluss ein buljongterning)
  • Ein boks (1/3 liter) rømme eller crème fraîche
  • Safta frå ein halv sitron
  • 2/3 teskei muskatnøtt
  • 3 store skeier finhakka fersk estragon
  • Smak til med salt og peppar

Skjær sjampinjongen i ein halv centimeter tjukke skiver.

Fjern skalet og finhakk løken.

Del opp paprikaen, og skjær den i strimlar.

Skjær kjøttet i strimlar på fem centimeters lengde og ei par, tre centimeter breidde.

Varm opp smøret i ei jerngryte. Steik halvparten av kjøttet i gongen. Legg kjøttet til sides i ein bolle.

Ha sjampinjongen i smøret du akkurat steikte kjøttet i. La soppen surre på middels sterk varme til eventuell væske i sjampinjongen har fordampa. Ha så i løk og paprika. La grønsakene frese eit minutt eller to (utan å brenne seg) på middels sterk varme. Ha i tomatpuré (eller Ajvar), paprikapulver og laurbærblad, og fres eit minutt til.

Ha i kraft (eller kokande varmt vatn og ein buljongterning).

La kjøttet koke til det er mørt utan lokk, på svak varme. Eg brukte bog frå svin til denne oppskrifta, og kjøttet trengte om lag halvannan time før det blei mørt.

Når kjøttet er kokt, har du i rømme og muskatnøtt, og smakar til med salt og peppar.

Dryss over finhakka estragon rett før servering, og server med kokt ris.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.