Suppe på ein svineknoke

Betasuppe-småsuppe-småmat-kjøttsuppe-svineknoke-grønsaker_1000Betasuppe, ertesuppe, knokesuppe, småsuppe og småmat. Born som blir elska får mange namn. Men smaken er alltid intenst god, kraftig frå takka vere det salte, røykte kjøttet og mild takka vere ferske rotgrønsaker.

Denne suppa kunne nesten vore ein nasjonalrett. Betasuppa er både festmat og kvardagsmat på same tid, utan tvil betre dagen derpå – akkurat som fårikålen.

Løyndomen er sjølvsagt å koke kraft på ein skikkeleg svineknoke, aller helst ein du har salta og røykt sjølv, då blir den ikkje så salt at krafta nesten er ikkje kan brukast. Vestfoldkokk Odd Ivar Solvold tilrår å sette til sides halvparten av krafta lagd på industrielt lagd svineknoke, og erstatte den med vatn, om du vil unngå saltsjokk. Men trass i oversalting av den industrielle varianten, er svineknoken – røykt eller urøykt – billig moro.

For meg – og sikkert mange andre – er dette maten til mor, gode barndomsminne og smaksrikdom i (over)flod. Opp gjennom livet har eg fått utvida smakspaletten, takka vere erter eller byggryn som ekstrapassasjer i gryta.

Dei få gongane den langtidskokte varianten av betasuppa måte vike for pulverposevarianten, forbanna vi oss sjølv for ikkje å ta oss tid til å lage suppa frå grunnen av.

Oppskrift på betasuppe/ertesuppe/småsuppe/småmat

(Nok til om lag seks voksne personar)

  • Ein salta og gjerne røykt svineknoke
  • Om lag 3 liter kaldt vatn
  • Eit par greiner fersk timian
  • To laurbærblad
  • To store gulrøtter
  • To løk
  • Om lag 200 gram sellerirot
  • Om lag 200 gram persillerot
  • 3 store poteter
  • Ein middels stor purreløk
  • Ein neve hakka bladpersille
  • Peppar og eventuelt litt meir salt
  • La gjerne svineknoken ligge i litt kaldt vatn eit par timar før bruk.

Tørk av svineknoken. Legg den i ein stor kjele (bør romme minst fem liter), hell på om lag tre liter vatn – nok til å dekke kjøttet. Ha i laurbærblada og timian.

Kok opp, skru ned varmen slik at knoken berre småputrer og ta vekk skum som flyt opp undervegs. Du kan gjerne legge eit lokk halvvegs over kjelen, så lenge varmen er så låg at ikkje krafta koke over eller koker for heftig.

Dersom du vil ha ei mest mulig klar suppekraft, er det nemleg viktig at kokinga går rolig føre seg. Kraftig koking gjev ei grumsete kraft.

La knoken småkoke til kjøttet lausnar frå beinet. Fisk ut knoken, og la den kjøle seg litt ned før du plukkar laus kjøtt frå bein, feitt, brusk og svor.

Dersom eg serverer denne suppa i festleg lag, pleier eg å sile den gjennom eit reint kjøkkenklede bretta fint oppi eit dørslag og lagt oppi ein mindre kjele eller liknande.

Dersom du har kokt suppe på ein heimelagd svineknoke slik du kan lese om her på Far min sitt kjøkken, skal krafta vere passe salt. Dersom du derimot har brukt ein industrielt produsert svineknoke frå ein av dei store kjøttprodusentane, bør du erstatte halve eller deler av krafta med vatn eller ei mindre saltrik kraft. Orsaka er rett og slett at saltintensiteten på kjøpe-svineknoke er langt sterkare enn når du saltar sjølv over kortare tid.

Når krafta er klar, gjer du klar grønsakene.

Skrell gulrot, løk, persillerot, potet og persillerot og del dei i ein centimeter store terningar.

La grønsakene koke til dei er møre, det tar om lag eit kvarter.

I mellomtida kan du fjerne det yste laget på purreløken, dele den på tvers og skylle vekk eventuelle jordrestar og finhakke den. Finhakk og persillen.

Ha i purreløk og persille rett før servering. Dryss gjerne litt persille over suppa dersom du heller den over i ein terrin eller liknande når du serverer.

Suppa gjer seg veldig godt med heimebakt flatbrød eller eit godt brød til.

PS: Dersom du vil ha ein ekstra snert i suppa, kan du ha i ei stor skei med nyreven ingefær, og koke den inn i lag med grønsakene mot slutten av prosessen, slik vestfoldkokk Odd Ivar Solvold gjer det.

Dersom du vil ha erter i suppa, og du bruker tørka erter, må desse leggast i bløyt 6-12 timer før koking. Hell av vatnet. Deretter koker du ertene i lag med svineknoken. Dersom du vil ha i byggryn, måler du opp 200 gram, som du legg i bløyt over natta. Hel av vatnet og ha byggryna i krafta om lag 20 minutt før du har i grønsakene og koker dei møre.

4 thoughts on “Suppe på ein svineknoke

  1. Eg laga nyleg denne betasuppa då vi skulle ha mange vener over på middag, alle vart heilt overraska over kor godt noko så enkelt som betasuppe kunne vera. Mange hadde aldri smakt det før, sidan dei var austlendingar. Eg hadde òg oppi pastinakk og kjøtpølse i tillegg til dei øvrige ingrediensane. Heilt utmerka oppskrift, og dobbelt så god dagen så!

    • Hei, Katrine! Tusen takk for gode ord! Ja, ikkje sant! Svigermor skal ha all ære for å ha lært meg å lage slik suppe slik den bør vere. Når eg får den på ein kvardag, er det fest rundt bordet. Nesten alle slags rotgrønsaker eigner seg, og sjølvsagt gode kjøttpølser og. Heldig du som klarte å spare litt til dagen etter, her i huset er det sjeldan det skjer:)

  2. Denne blir mitt valg etter å ha googla betasuppe med røkt svineknoke? Men et spørsmål; jeg har kjøpt hodekål også, men finner ingen oppskrifter som har det i… så lurer på om det blir feil å putte det oppi sammen med grønnsakene?

    • Hei, Gro! Takk for gode ord! Betasuppe/småsuppe blei som regel lagd på det ein hadde for hand av grønsaker. Eg syns du skal forsøke kålhovud, på seinsommaren/hausten er kvaliteten på denne undervurderte råvara heilt prima! Lukke til!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.