Granskuddsirup – svart gull frå skogen

Grove pannekaker med granskuddsirup_600Sjølv om dei fleste av oss sjeldan ser skogen for berre tre, er det om våren og tidleg på sommaren du kan hauste vilt frå grantreet. Du kan faktisk lage granskuddsaft, granskuddgelé, granskudd-te, sylte granskudda eller det aller beste, koke granskuddsirup.

Sjølv i ein oljenasjon som Noreg, er det fristande å kalle granskuddsirupen der verkelege svarte gullet. Seigflytande, søt masse med ein eksplosjonsarta smak – unekteleg av skog, villmark eller kva du vel å kalle den delen av naturen. I tillegg kostar nokre desiliter fort ein liten formue, dersom du vel å kjøpe den hos småprodusentane som driv med slikt.

Granskudda har fått ein liten renessanse her til lands takka vere kokkar, bloggarar og naturvernarar som er opptatt av å hauste av det naturen byr fram – og vi tobeinte gløymer vekk å bruke.

Granskudd er den reinaste C-vitaminbomba. I tillegg inneheld dei lysegrønne, mjuke skudda som viser seg ytterst på greinene til grana i mai og juni garvestoff og terpen. Det sistnemnde stoffet utgjer hovuddelen av dei eteriske oljane i plantar og blomster. Når du lagar avkok av skudda, og deretter tilsett sukker og koker ned til sirup, kjem den nesten kamferlikande smaken krypande.

Granskudda blir ikkje rekna for å vere ei urt, men er kjent frå folkemedisinen. Det utmerka nettleksikonet Rolv.no listar opp ei imponerande liste eigenskapar, mellom anna er granskudda svettedrivande, urindrivande, desinfiserande, antiseptisk, blodreinsande og slimløysande. Med andre ord er det berre å komme seg ut i skogen og sjå etter grantre.

Granskuddsirup

Granskuddsirupen har svært mange bruksområde, spesielt på søte saker som heimelaga is, pannekaker (gjerne grove), på bær eller til ein kraftig ost – og sjølvsagt til viltkjøtt og spekemat.

Sjå etter dei lysegrønne og mjuke granskudda ytterst på greiene til grana. Den skiller seg veldig fråd ei stikkande, mørkegrønne barnålene. Plukk med deg

  • ein solid plastpose med lysegrønne, mjuke granskudd

Dessutan treng du:

  • Vatn
  • Sukker

Finn fram ein stor kjele. Dersom du har ein med litermåla merka av på innsida, er det supert.

Legg granskudda i kjelen, og dekk dei akkurat med iskaldt vatn. Kok opp, og la granskudda småkoke på middels varme 20-25 minutt.

Sil kokevatnet (gjerne med eit stort dørslag). Pass på at ingen barnåler blir med vidare. Mål opp kor mykje avkok du har. No skal sukkeret blandast inn, nærare bestemt tre delar vatn til to delar sukker. Så har du halvannan liter avkok, treng du ein liter sukker.

Reingjer kjelen. Ha avkoket og sukkeret oppi, og la blandinga koke til væska skifter farge frå lysebrun via rosa-aktig til  brun. Undervegs tjuknar væska, og slepp ut mykje skum. Dette fjernar du med ei sleiv. Akkurat kor tjukk sirupen skal vere, kan vere litt vanskeleg å bedømme. Men husk at den tjuknar meir når den blir avkjølt. Kokar du ned om lag ein tredjedel av væska, begynner du å nærme deg. Undervegs kan du ta prøver med ei skei, la sirupen kjølne litt og sjå om den har passe konsistens.

Finn fram små flasker og glas. Sett flaskene (eller glasa) med opninga opp på eit brett i kald steikeomn. Sett omnen på 130 grader (over- og undervarme), og la flaskene stå ein halv times tid. Metallokka kokar gjev du eit oppkok og nokre minutt i kokande vatn.

Hell den ferdige sirupen over på flaskene eller glassa.

Dersom du vil utvide smaksuniverset til sirupen, kan du forsøke å koke litt rabarbra i lag med granskudda. Ingvild frå den fine bloggen Ny gul duk på bordet bruker fire stilker på halvannan liter granskudd.

1 thought on “Granskuddsirup – svart gull frå skogen

  1. Tilbakeping: Svart gull frå skogen | Recipeseasy.com

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.