Tilslørte bondepiker på plommeflørt

Jule- og nyttårshelga krev dessertar frå den aller øvste hylla. Kva med å bytte ut eplemosen i dei tilslørte bondepikene med heimelagde, hermetiserte plommer som har brukt hausten til å godgjere seg?

Av og til er det lov å kødde med klassikarane.

Dersom det skjer med respekt. Den som har vore innom Far min sitt kjøkken, huskar kanskje at vi har hermetisert deler av plommehausten på glass med vaniljestang oppi.

I staden for å bruke den klassiske eplemosen mellom laga av kremfløyte om bruna, sukra brødsmular, fordeler eg plommer som har nokre månader på baken i si eiga sukkerlake.

Det er noko nøysamt over ”tilslørte bondepiker”. Her bruker du av innhaustinga frå hagen eller til fruktbonden, og du bør med fordel bruke daggamalt brød. Kremfløyta er det einaste innslaget av tilnærma ekstravaganse. Ein enkel dessert som gjer seg godt til julemiddagen, eller ein annan dag  du fortener ei lita påskjønning.

Syns du desserten blir litt for søt, kan du gjerne skvise litt ferskpressa sitronsaft i laken frå plommene før du fordeler den i serveringsglassa.

Tilslørte bondepiker med hermetiserte plommer (nok til fire personar)

  • 12-15 hermetiserte plommer med lake
  • 4 dl oppreve, kvitt brød (eller kavring eller havrekjeks)
  • 3-4 store skeier sukker
  • 1 ts kanel
  • 2 ss usaltet smør
  • 1/3 liter kremfløyte
  • 1 ss (heimelagd) vaniljesukker
  • Eventuelt ein liten skvis med ferskpressa sitronsaft

Brødet river du opp på eit rivjern, eller i ei kjøkkenmaskin med roterande kniv. Smelt det usalta smøret i ei steikepanne på middels varme. Ha i brødsmulane og dryss over sukker og kanel. Vend ofte på brødet. Det skal brunast til det får brun farge, men ikkje bli svart. Deretter har du brødbitane over på eit fat med kjøkkenpapir, la det kjølne.

I staden for brødsmular, kan du brune knust kavring, eller berre bruke mosa havrekjeks. Desse treng du ikkje brune i steikepanna.

Ha kremfløyta og (det heimelaga) vaniljesukkeret i ein bolle, og pisk til kremen er luftig – men ikkje nærmar seg smør i konsistensen. Dersom du skulle vere så heldig å ha ein sifon, ei flaske med gasspatron til å lage mellom anna krem, har du i 1/3 liter fløyte og om lag en desiliter av laka frå dei hermetiserte plommene.

Fjern skinn og steinar frå plommene. Del dei i passe store biter.

Finn fram fire glas, og fordel lagvis med plommer/nokre skeier lake frå plommene, kremfløyte og bruna brødsmular  helst to rundar.

Dersom du ikkje har hermetiserte plommer for hand, kan du sjølvsagt bruke eplemos  som i originalen, eller puré av gode bær, for eksempel jordbær eller bringebær, tilsett litt sukker.

(Visited 279 times, 1 visits today)

One thought on “Tilslørte bondepiker på plommeflørt

  1. Pingback: Eplemos på ein-to-tre - Far min sitt kjøkkenFar min sitt kjøkken

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *