På våre turar sørover til Spania har vi ete sørgjeleg mange smaklause albóndigas. Men dei spanske kjøttbollane kan og vere ei smaksbombe, med ein saus som treng mykje brød til for å gjere deg full nytte av.
Category Archives: Annet
1
Tørka og knust steinsopp gjev meirsmak
Steinsoppen er ikkje overraskande favoritten til kokkar og gourmetar. Kiloprisen er høg for den som ikkje tar turen i skogen og plukkar sin eigen. Tørkar og knuser du steinsoppen til finmala pulver, har du ein smaksforsterkar nesten utan sidestykke.
Stikkordet er umami-smaken, kjend som de femte grunnsmaken – i tillegg til salt, søtt, bittert og syrleg.
Far min sitt kjøkken i Dagbladet
Far min sitt kjøkken er sjeldan i rampelyset. Men Dagbladet si nettutgåve har vore på besøk og intervjua oss om det vi steller med her på tunet, som ofte handlar om salting, speking, røyking og graving. Under finn du lenke til artikkelen.