Appelsin- og sjokoladepudding til påske

Kombinasjonen appelsin og sjokolade har nærast blitt ein heilag del av påska. Denne desserten kombinerer dei to smakane, men kan med hell serverast når som helst på året.

Eg har tidlegare presentert ein annan variant av denne syrlege, smakfulle puddingen i Far min sitt kjøkken.

Denne påsketilpassa utgåva blei til ei høgtid for nokre år sidan, i eit sjeldan tilfelle av åndeleg overskot. Med både appelsin og sjokolade på kjøkkenbenken  blei det ganske naturleg å arbeide seg fram til denne desserten – som i utgangspunktet er så enkel at sjølv den med kjøkkenskrekk står fram som eit geni ved komfyren.

Fløyte- og yoghurtpudding med appelsin og sjokolade

Desse ingrediensane er nok til fire til seks personar, ettersom kor store porsjonsformer eller glass du bruker. Reknar du om lag 2,5 dl dessert per kvinne eller mann, har du til fire. Venter du fleire gjester, er det berre å gange opp oppskrifta:

  • 4 dl yoghurt naturell, helst Biola Pluss Mild Yoghurt (du kan bruke anna naturell yoghurt, men denne er mild og rund på smaken)
  • 1/3 liter kremfløyte
  • 1 dl ferskpressa appelsinjus
  • Skall av ei appelsin (berre det gule, ikkje den bitre, kvite delen av skallet)
  • 25 gram god sjokolade (for eksempel ein variant med 70 prosent kakao)
  • 1 ½ dl sukker
  • Ei vaniljestang (valfritt, desserten smakar godt utan)
  • 4 gelatinplater
  • Fire appelsinar
  • Litt reven sjokolade til pynt

Legg gelatinplatene i kaldt vatn i minst fem minutt.

Dersom du vil bruke vaniljestang, deler du den på midten over langs, og skrapar ut frøa, som du skal ha i blandinga med appelsinjus, fløyte med meir under.

Ha appelsinjus, sjokolade, kremfløyte og sukker i ein kjele. Riv appelsinskallet på dei minste hola på rivjernet over kjelen, men pass på at du ikkje får med den kvite, og bitre delen av skallet. Kok opp. Ta gelatinplatene ut av vatnet, og press ut så mykje av vatnet som du klarer. Ha platene i kjelen, og visp gelatinen i eit minutts tid, slik at den løyser seg opp.

Ta kjelen av varmen, og la den kjøle seg ned ein liten halvtime. Pisk inn yoghurt. Fisk ut vaniljestanga (og skyll den i vatn og spar den til ditt heimelaga vaniljesukker).

Ha desserten oppi i det du vil servere den i, for eksempel små glas eller i små former. Sett den kaldt over natta, eller i det minste nokre timer – til fløytepuddingen stivnar.

Før servering, skjærer du ut appelsinbåtane. Kutt av toppen og botnen på appelsinane. Skjær vekk skallet av appelsinane utover i ein boge frå toppen til botnen, slik at alt den kvite (og bitre) delen skallet er fjerna.  Skjær ut appelsinbåtane mellom ”veggane” som skil kvar båt. Legg alle båtane i ei skål. Klem ut restane av saft frå sjølve appelsinhuset. Smak eventuelt til med litt sukker.

Dersom du har fylt puddingen i glas, legg du eit lag med appelsinbåtar på toppen av glaset og strør over med reven sjokolade rett før servering.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.