Er det ikkje artig at ein rett kalla opp etter eit av dei finaste områda i Danmark, ikkje er spesielt kjent i landet, og eigentleg er ei svensk oppfinning? Toast Skagen er perfekt sommarmat, men også nydeleg vintertid – når all sjømat er på sitt beste.
Skribentarkiv: admin
1
Piadina – flatbrød på italiensk
Dei fleste kulturar har sin variant av flatbrødet, som regel ei enkel blanding av mjøl og væske, steikt på ei varm flate – slik mennesket har gjort i tusenvis av år. Men du kan fylle «flatbrød» som den italienske piadinaen med smakfull spekeskinke, mozarella, ruccola-salat og godsaker du normalt finn på slektningen pizza.
Lobster roll på lettaste vis
Smart å lage ditt eige smult
Søt-sterk sitrongras-kylling på vietnamesisk
Har du nokon gong forelska deg så i ein rett, at du aldri blir lei? Nesten uansett kor ofte du et den? Men så er det det med denne kjærleiken, du finn ikkje alltid ut av den. Det skulle ta meg over 20 år før eg fekk til å lage søt-sterk sitrongras-kylling på vietnamesisk (nesten) slik dei gjer det på ein av favorittrestaurantane mine.