Våren berer ikkje berre bod om betre tider. Den gjer det mogleg for oss å tappe ut bjørkesaft som kan kokast ned til ein smaksrik bjørkesirup, perfekt til ostetallerkenen, sausen eller smaksforsterkar i andre samanhengar.
Bjørkesirupen får du kjøpt til ein svimlande literpris hos ulike flinke produsentar. Og det er ikkje rart. Til ein halv liter treng du om lag 15 liter bjørkesaft. Men du kan lage din eigen sirup om du har litt tolmod og god tid.
Bjørkesirupen er veslebror av den kanadiske lønnesirupen, men blir produsert i mindre kvanta på begge sider av Atlanteren. På Far min sitt kjøkken bruker vi den oppå ein god ost, på iskremen og i glazé til kjøt. Men du kan og blande den i drinken.
Det er altså når frosten slepp taket at bjørka sug opp næringsrikt vatn frå bakken gjennom røtene, slik at blada kan springe ut lenger over bakken. Denne perioden varar om lag 15-20 dagar,
Når den startar, kjem an på kor i landet du bur og kor raskt våren kjem i gong. Sør i landet kan ein normalt starte i slutte av mars, men i dei nordlegaste delane av landet snakkar vi om starten av mai. For å vere sikker, kan du sjekke på følgjande måte, henta frå tursiden.net:
- Ta med kniven ut i skogen. Finn ei passande bjørk, og stikk kniven om lag fem millimeter inn i trevirket med ein vinkel på 45 grader.
- Vend kniven litt nedover, slik at det bli litt avstand mellom neveren og knivbladet. Om de siv ut ein dråpe sevje, er bjørka klar for tapping.
Utstyr og tapping av bjørkesaft
Om du ikkje har din eigen bjørkeskog, eller bjørk på tomta, kan det vere greitt å spørje grunneigaren om du kan få tappe.
Dette bruker vi på Far min sitt kjøkken for å tappe bjørkesaft:
- Batteridrill med eit åtte millimeter tjukt borr. Med eit litt tynnare bor enn slangen er, slepp du svinn ved at sevja snik seg utanom slangen på ferda nedover.
- Reine, fine og gjennomsiktige plastslangar med ytre diameter på ni millimeter
- 1,5 liters plastflasker der vi borer eit hol i korken på ni millimeter
- Treproppar på ni millimeter som du fører inn i hòlet du bora ut, etter at du har tappa ferdig
- Ei eller fleire reine bøtter – med skikkeleg lokk! Du har ikkje lyst å snuble i lyngen, berre for å oppleve at sevja renn i litervis ut på bakken.
Leit deg fram til nokre flotte bjørker med 10-15 centimeters diameter ein meter nede på stammen. Før du borrar hol i bjørka, set du på plass slangen i flaske, sevja kjem nemleg veldig raskt ut av treet. Borr eit hol i kvar bjørk, for eksempel 60-80 centimeter opp frå bakken – med litt vinkel nedover, stikk raskt inn slangen og då er tappinga i gang. Hòlet treng ikkje vere meir enn 3-5 milliliter djupt.
Vi pleier å finne ei samling bjørk i nærleiken av kvarandre, slik at du ikkje treng flytte deg over eit stort område når du skal tømme flaskene over i bøtta/bøttene.
Du kan sjølvsagt bruke større kanner til tappinga, for eksempel 5-liters dunkar med lokk.
Nedkoking til bjørkesirup
No er det tid for nedkoking. Dette tar tid, tida kjem an på kor høg varme og vid kjele du bruker. Men du bør uansett passe på ofte undervegs. Vær obs på at bjørkesafta er ferskvare, så du bør starte nedkokinga med ein gong den er tappa.
Safta skal bli til sirup. Definisjonen på en sirup er at denne væska inneheld om lag 66 prosent sukker. Som sagt vil du trenge 5-8 liter bjørkesaft til ein desiliter sirup. Det tar om lag seks timar å koke ned ti liter.
På Far min sitt kjøkken har vi nokre store 10-15-liters kjelar og frittståande kokeplater som vi set på i kjellaren.
Når du heller ned bjørkesafta i kjelane, er det luft å sile safta gjennom eit reint, finmaska klede (som du kan legge oppi eit dørslag), slik at du ikkje får med barkrestar og bøss frå tappinga.
Så er det berre å halde seg i nærleiken av kjelane undre kokeprosessen.
Start med å koke ned safta i forhaldet 1:50. Det vil si at har du ti liter bjørkesaft, skal det kokast ned til om lag to desiliter.
Safta blir etter kvart mørkare og mørkare. Når det går mot slutten, er det ekstra viktig, for ganske raskt endrar væska karakter, og blir mørkebrun på farge. Når eksempelvis ti liter begynner å nærme seg eit par, tre desiliter, kan du helle væska over i ein mindre kjele, slik at då betre kontroll.
Mot slutten pleier vi å fiske opp ein dråpe eller to med sirup med et teskei. Slepp den nedover ein tallerken som står litt på skrå. Dersom dropen etterlet seg ei bruk stripe, er du nok i mål!
Husk at sirupen vil bli enno meir tjuktflytande når det blir kald.
Hell bjørkesirupen over på ei smal flaske med kork, og sett den kaldt.
NB: Dersom du vil ha ein søtare og meir intens bjørkesirup, kan du blande inn 65 gram sukker med ein desiliter kokande vatn. Så drøyer du bjørkesirupen med sukkerlaka, til du syns smaken er god!
Dear farminsittkjokken.com Administrator!
My name is Eric and I’m betting you’d like your website farminsittkjokken.com to generate more leads.
Here’s how:
Web Visitors Into Leads is a software widget that’s works on your site, ready to capture any visitor’s Name, Email address and Phone Number. It signals you as soon as they say they’re interested – so that you can talk to that lead while they’re still there at farminsittkjokken.com.
Web Visitors Into Leads – CLICK HERE http://jumboleadmagnet.com for a live demo now.
And now that you’ve got their phone number, our new SMS Text With Lead feature enables you to start a text (SMS) conversation – answer questions, provide more info, and close a deal that way.
If they don’t take you up on your offer then, just follow up with text messages for new offers, content links, even just “how you doing?” notes to build a relationship.
CLICK HERE http://jumboleadmagnet.com to discover what Web Visitors Into Leads can do for your business.
The difference between contacting someone within 5 minutes versus a half-hour means you could be converting up to 100X more leads today!
Try Web Visitors Into Leads and get more leads now.
Eric
PS: The studies show 7 out of 10 visitors don’t hang around – you can’t afford to lose them!
Web Visitors Into Leads offers a FREE 14 days trial – and it even includes International Long Distance Calling.
You have customers waiting to talk with you right now… don’t keep them waiting.
CLICK HERE http://jumboleadmagnet.com to try Web Visitors Into Leads now.
If you’d like to unsubscribe click here http://jumboleadmagnet.com/unsubscribe.aspx?d=farminsittkjokken.com