Bryggjarane sine ølfavorittar til spekepølse

morkt-ol-til-spekepolse-kinn-bryggeri-aass-bryggeri_1000Spekepølsene frå Far min sitt kjøken smakar sjeldan heilt likt. Men vi har fått både bryggjeri-legenda Terje Aass og den suksessrike nykommaren Espen Lothe frå Kinn bryggeri til å gje nokre tips om kva som eigner seg i glaset med røykte, salte spekepølser på bordet.

I mi tid som journalist fekk eg vere med ein halv dag inn i verda til Terje Aass, i samband med det politiske vedtaket om å plassere alt øl sterkare enn 4,7 prosent på Vinmonopolet i 1993.

Den gong var mannen som i ei mannsalder leia og utvikla Aass brygger i Drammen oppriktig bekymra for framtida til norsk øl, ettersom det normalt var øl over fem prosent som smakte best og gav dei beste smaksopplevingane.

I tida som har gått har vi fått ein revolusjon gjennom dei tallause mikrobryggjeria, og dei tallause amatørane med proff innstilling, som har heva ølkulturen til nye høgder. Ein av desse er Espen Lothe, innflyttar i barndomsbyen min Florø. Her har han sakte, men sikkert bygd opp Kinn bryggeri til ein favoritt blant dei som handlar øl på Polet. Ekstra artig er det at dei stadig ulike produksjonane av øl har nynorskgrunnleggjaren Ivar Aasen på etiketten i ulike utgåver.

Bryggeboomen av øl et er kulturelt interessant i eit land der det var streng straff for dei bøndene som ikkje bryggja til jul, mens det i moderne tid har blitt stadig meir status å brife med vinkunnskap og eige skap for godsakene. Det er eit artig poeng at Terje Aass fortel at har begynt å lære seg ølbrygging frå grunnen av som pensjonist, og hentar mykje lærdom frå nettopp Kinn bryggeri og Espen Lothe.

På Far min sitt kjøkken har vi stor glede av å lage spekepølser etter gammal metode. Men vi står meir fast når det kjem til dei beste smakskombinasjonane mellom spekepølse og øl.

Difor gav vi vekk smaksprøver av spekepølsa vår lagd av elg, reinsdyrhjarte og svinekjøtt, og bad om passande drikketips:

Terje Aass (pensjonert ølbryggjar):

– Det er nok fleire øl som passer til denne pølsa. Ein belgisk dubbel/bruin, eit bayerøl eller dark ale generelt vil fungere. Spekepølsa med elg, reinsdyrhjerte og svin har mykje smak og kan trygt nytast med øl med litt kraftigare smak.

Espen Lothe, Kinn bryggeri:

– Eg vil seie at du kan gå i tre retningar om du skal finne eit passande følgje til denne spekepølsa. Enten kan du gå for eit malt-rikt øl, for eksempel Julefred 7% eller Gamleguten. Du kan også velje eit øl som er ganske syrleg som ein geuze eller oud bruin («gammel brun», også kjent som Flanders Brown) frå frå Belgia. Eit tredje alternativ er eit øl med røyksmak. Kinn bryggeri er i gang med å produsere eit øl som har fått namnet «Eld». Dette er lagd med malt som er røykt med flis frå bøk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.