Bulgursalat med rødbete i feststemning

Bulgursalat-couscoussalat med rødbete-rødløk-eple-ruccola_1000Den tradisjonelle, norske grønsakshagen er kanskje ikkje den mest fargerike. Men rødbeten fargelegg alt rundt seg dersom den får vere med på festen. Lite slår ein bulgur- eller couscous-salat lagd på fersk rødbet, med litt sting av syrleg eple, rødløk og ruccola.

For nokre år sidan skulle eg lage maten i namnedagen til ei venninne. Grillen var plassert ved svømmebassenget ved det arkitektteikna huset. På bordet forsøkte eg å diske opp med grenselaus og fargerik mat. Nye verdsborgarar fortener det aller beste.

I eit svensk matblad kom eg over ei oppskrift eg for lengst har rota vekk. Her om dagen fann eg igjen menyen frå namnedagen, og bestemte meg for å forsøke å vekke til live smakskombinasjonane få den gong.

Dei siste åra har rødbeten hatt fast plass i kjøkkenhagen vår. Eg elskar rødbete, enten den er sylta, saltbakt i steikeomnen, kokt og delt opp i salaten når den er avkjølt. Denne oppskrifta utnyttar til fulle fargepotensialet i denne skapningen i betefamilien.

Truleg har mennesket dyrka den i meir enn 3.000 år, og den kom etter alt å dømme til Norden på 1400- eller 1600-talet. Her har den funne seg godt til rette, ettersom den er hardfør og lett å dyrke i vårt relativt kalde klima. Det er artig å merke seg at fargen blir meir intense desto kaldare temperaturen er. Og den er eit godt val om du vil ha i deg godt med næringsstoff i kvardagen.

Rødbeten er rik på folsyre og inneheld mykje mineraler, spesielt jern, kalsium, magnesium og kalium. Den karakteristiske fargen er så brukandes at den har E-nummer E162.

Ikkje rart rødbeten gjer seg godt i festleg lag.

Oppskrift på bulgur/couscous-salat med røbeter, epler og ruccola

  • To, tre middels store rødbeter (300-400 gram)
  • 4 desiliter vatn
  • 1/2 grønsaksbuljongterning
  • 1 teskei salt
  • 4 desiliter bulgur eller couscous
  • Eit (syrleg) eple
  • Ein rødløk
  • Safta frå ein halv sitron
  • Litt smør
  • 2-3 stor skeier god olivenolje
  • Eit par, tre never ruccola-salat
  • Ein neve valnøtter
  • Salt og peppar

Skrell rødbeten, del den i centimeter store terningar og ha den over i ein kjele med ein halv liter vatn. Ha i salt og grønsaksbuljongen. Kok opp og la den putre til rødbeten er gjennomkokt. Rødbeten har mykje fargestoff, så det kan vere lurt å bruke eingangshansker eller liknande dersom du ikkje vil ha fargerestar på fingrane.

Fjern skallet på løken, og hakk den i små biter.

Vask eplet, fjern kjernehus og del det i små terningar. Ha desse i ei lita skål med vatn og gjerne litt sitronsaft, slik at dei ikkje blir brune/misfarga.

Vask ruccolaen, la vatnet renne av og tørk den lett med kjøkkenpapir.

Finn fram ei dørslag, sett det over ein litt større kjele, og hell kokevatnet ned i kjelen. Ettersom stort sett all bulgur og couscous skal blandast ut med like stor mengde vatn, treng du ein halv liter kokevatn frå rødbetane. Ha i litt ekstra kaldt vatn om det trengs.

Kok/trekk bulguren/couscousen så lenge som det står på pakka. Ha i smør, og rør godt rundt.

Ha all bulguren/couscousen over i en stor salatbolle i lag med rødbet-terningane, rødløk, ruccola, safta frå sitronen og litt god olivenolje. Vend godt om. Smak til salaten med salt, peppar, meir sitronsaft og olivenolje – dersom det trengs.

Dryss over litt valnøtter rett før servering.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.