Far min elska brosme. Men den skulle vere lettsalta. Før han gjekk ut av tida, skaffa ein kompis fire kilo filet av beste merke. Halvparten salta eg til far, resten steikte vi og serverte med ein asiatisk dressing – eller saus – som forandra heile smaksbiletet av denne undervurderte fisken.
Kategoriarkiv: Annet
Svar
Farvel med far min
Full applaus for albóndigas
Tørka og knust steinsopp gjev meirsmak
Steinsoppen er ikkje overraskande favoritten til kokkar og gourmetar. Kiloprisen er høg for den som ikkje tar turen i skogen og plukkar sin eigen. Tørkar og knuser du steinsoppen til finmala pulver, har du ein smaksforsterkar nesten utan sidestykke.
Stikkordet er umami-smaken, kjend som de femte grunnsmaken – i tillegg til salt, søtt, bittert og syrleg.
Far min sitt kjøkken i Dagbladet
Far min sitt kjøkken er sjeldan i rampelyset. Men Dagbladet si nettutgåve har vore på besøk og intervjua oss om det vi steller med her på tunet, som ofte handlar om salting, speking, røyking og graving. Under finn du lenke til artikkelen.