Indrefileten frå viltet er eit av jegeren sine trofé når han fell dyret sjølv. Filetane er så møre at dei treng minimalt med steiking eller annan behandling. Men det kanskje beste alternativet er å grave filetane frå elgen, hjorten, reinsdyret eller rådyret.
Kategoriarkiv: Metodar
Speking av rådyrlår
Låra frå mi aller første rådyrjakt blei speka på to ulike vis. Det eine låret blei delvis beina ut, deretter salta/krydra (med salt, einebær og honning) og til slutt surra opp. Spekinga blei gjort i «friluft» i spekerommet mitt. Det andre låret blei salta og krydra på same vis, men speka rundt (utan utbeining).
Lettsalta og lettrøykt svinekam
Lakesalting er ein gammal tradisjon her til lands, av mange orsakar. For det første kan ein både konservere fisk eller kjøtt for kortare eller lenger tid – avhengig av styrken på laken. For det andre kan du sikre eit saftigare resultat, spesielt om du lar svor og beingrind sitte på ytrefileten til grisen, slik at du står igjen med ein ekte svinekam. Lettsalting og lettrøyking gjer underverker.
Speking av hjerte frå elg, hjort, rein eller rådyr
Ei blodpølse i slaktetida
Hoppande glad spekeskinke i grovsalt
For alle som har lyst til å lage si eiga spekeskinke er draumen å matche smaken til dei svinedyre skinkene frå Italia og Spania. Erfaringa på Far min sitt kjøkken er at nøkkelen er å grovsalte skinka mesteparten av salteperioden. I tillegg må du sette av tid til å passe på skinka til den er klar om to års tid. Hoppeskinke frå Telemark er vegen til målet.