Er det verkeleg slik at tartaren har fått namn etter det tyrkisk-mongolske folkeslaget tatarane, som visstnok skal ha lagt biff under sadelen mens dei reid, og deretter åt den rå når dei tok sine matpausar?

Far min elska brosme. Men den skulle vere lettsalta. Før han gjekk ut av tida, skaffa ein kompis fire kilo filet av beste merke. Halvparten salta eg til far, resten steikte vi og serverte med ein asiatisk dressing – eller saus – som forandra heile smaksbiletet av denne undervurderte fisken.
Det er lett å tenkje seg at maten blir øydelagt av å bli pakka inn i store mengder salt, og bakt på relativt høg varme. Men sanninga er at saltbaking av fisk, kylling eller grønsaker gjev svært saftig og smakfullt resultat med berre eit hint av salt.
Når resultatet av storviltjakta skal delast, ender deltakarane ofte opp med overraskande store mengder «kjøttdeig». Noko av det smartaste du kan gjere er å lage ei farse med kyllinglever og andre godsaker, og bake den i steikeomnen. På langt kortare tid enn du sit på post har du lagd ein rett som er verdig ein restaurantmeny.