Brett fisken inn i pakke, ta den med på tur og legg den over grillen. Franskmennene kallar teknikken «en papilotte», italienarane snakkar om «al cartoccio». Når varmen aukar inni pakken, og pakken er utstyrt med litt væske, blir råvarene dampa – og alle gode smakar held seg inni pakka.
Kategoriarkiv: Laks og ørret
1
Krema ertesuppe med røyklaks-toast
Erter. Smak på namnet. Med relativt moderne auge har desse små, grøne grønsakene – som strengt tatt høyrer til ein fruktfamilie – fått eit sørgeleg rykte. Brukt som humoristisk innslag i eventyret om prinsessa, og mest kjent og berykta via suppa som bær erta sitt namn. Men sjølv dei frosne ertene er langt betre enn sitt rykte.
Lomper med lammerull og rødbetsalat
La laksen gå planken
Syrleg fiskesuppe med selskap frå setra
Den ferdiglagde maten rundt oss gjev oss få og små utfordringar for smaksløkane. Sødmen er ofte matvareindustrien sin valde middelveg, og gjer at vi heilt frå barndommen av til dels mister føling med heile vårt flotte smaksregister. Denne syrlege fiskesuppa – med eit nesten usunt følgje av smør og kremfløyte frå setra – er ei handsrekning til den som vi la seg utfordre.