Grilla klippfisk for dummies

Grillet klippfisk med urteolje og ovnsstekte poteter og tomat_600Enkelte av oss starta grillsesongen med lua godt ned over øyrene mens snøen framleis låg på bakken – eller fauk rundt øyrene. Folkegrillinga har høgsesong frå nasjonaldagen til litt utpå seinsommaren. Har du aldri prøvd grilla klippfisk, kan det fort bli heilårsgrilling på deg når du først får smaken på den grilla versjonen av vår kanskje viktigaste fiskeeksport.

Les meir

Syrleg fiskesuppe med selskap frå setra

Syrlig fiskesuppe med smørflyndreDen ferdiglagde maten rundt oss gjev oss få og små utfordringar for smaksløkane. Sødmen er ofte matvareindustrien sin valde middelveg, og gjer at vi heilt frå barndommen av til dels mister føling med heile vårt flotte smaksregister. Denne syrlege fiskesuppa – med eit nesten usunt følgje av smør og kremfløyte frå setra – er ei handsrekning til den som vi la seg utfordre.

Les meir

Torsken – ein trua nasjonalskatt

Torsken er vår nasjonalfisk. Gjeve evig liv gjennom Thorbjørn Egner sin barnesang og minst skatta som ei av våre viktigaste kulturberarar og eksportartiklar gjennom minst tusen år. Derfor bør du merke deg at deler av torskestammen vår i verste fall kan bli utrydda. Men torsken som sig inn mot kysten i kvart nyår – skreien – har fått eit nytt liv.

Les meir