Alle jegerar med hagle snakkar om rypejakta med andakt i stemma. Men den ettertrakta fjellfuglen kostar ofte meir enn den smakar. Ringdua er langt meir tilgjengeleg, rimeleg og kanskje vel så god som fjell- og lirypa. Og så startar sesongen mens du framleis kan gå t-skjorte, og servere lettsteikte ringduebryst på ei seng av bakte rotgrønsaker.
Kategoriarkiv: Fugl
Svar
Søt-sterk sitrongras-kylling på vietnamesisk
Har du nokon gong forelska deg så i ein rett, at du aldri blir lei? Nesten uansett kor ofte du et den? Men så er det det med denne kjærleiken, du finn ikkje alltid ut av den. Det skulle ta meg over 20 år før eg fekk til å lage søt-sterk sitrongras-kylling på vietnamesisk (nesten) slik dei gjer det på ein av favorittrestaurantane mine.